måndag 8. februar 2010

Frukt- og nøttebrød av surdeig




Det var Årets Kokebok "Om boller, brød og tilfeldigheter fra bakeriet i Lom" som fekk meg til å ta laust på surdeigsbakinga. Bakar Morten Schakenda er så inspirerande i den boka, at ein blir nøydt til å prøve variantane hans. Pain de Martin er like engasjerande, og fusjonen  av oppskriftene til Morten og Martin viser seg å vere vellukka! Slik som dette frukt- og nøttebrødet:


Kveld: 
100 g grov surdeig
300 g lunka vatn
100 g sikta rug
100 g sammalt rug, grov

Morgon: 
50 g tørka aprikos delt opp i bitar
25 g rosiner
50 g gresskarkjernar
50 g hasselnøtter
50 g valnøtter
25 g mandlar
25 g svisker
1 eple oppdelt i bitar

Legg frukt og nøtter i ein bolle, og ha over kokande vatn til det dekker. La det står til det blir avkjølt.

Dag: 
Surdeigen frå kvelden før
5 dl vatn
100 g sikta rug
50 sammalt rug, grov
2 ss brunsukker
600-700 g sikta kveitemjøl
1 ss salt
evt gjær

Bland surdeigen, vatnet, mjølet (hold igjen 200 g kveitemjøl) og sukkeret. La det stå i 30 minutt. (Denne prosessen kallest som sagt autolyse.) Ha i salt og eventuelt 10 g gjær, og elt i 15 minutt på sakte fart. Ha i resten kveitemjølet etter kvart slik at maskina klarar holde takta. Sil vatnet av frukt- og nøtteblandinga, ha denne i deigen, og bland i eit par minutt. Ha deigen over i ein bakebolle smurt med litt rapsolje, og hev deigen til dobbelt storleik under plast. Slå deigen ned ein gong undervegs. Fordel deigen i to smurte brødformer, og hev brøda. Steik på 180 grader i om lag ein time. Avkjøl på rist.


Brunost, seier eg berre... ;-)
Velbekomme!




2 kommentarer:

  1. Du har fått teket på surdeigen. Æ måtte gå tell anskaffelse av den boka sia ho ikkje fant veien under juletreet... Har prøvd mæ på rosinbollan og kanelsnurran. Sistnevnte hadd en tendens tell å gå nåkka i oppløysning (strimlan blei kanskje førr kort), men smakte førrtreffelig. Skjønn æ må sett av tid tell å eksperimentere med litt surdeig :)

    SvarSlett
  2. Fikk løst på bolle... Surdeig e kjempeartig! Vess man syns at det e litt artig med gjærdei, så kjem man tell å syns at surdeig e stor stas! Løkka tell :-)

    SvarSlett