I dag skulle eg ha vore på møte i Oslo. Det var første møtet i det offentlege utvalget som skal sjå på korleis kompetansearbeidsplassar i større grad kan spreiast til heile landet. Men flyet var forsinka, og eg ville ha komme to timar ut i eit treogeinhalvtimelangt møte. Sukk.
Eg gjorde vendereis, stoppa på Sortland, sveipa innom polet - og då eg kikka innom Til Bords, så stod desse i ein krok og smilte til meg; hei-hei!
Royal Fine China; 85% avslag; måtte berre...og etter å ha deltatt på telefon på eit treogeinhalvtimelangt møte, så konkluderer eg med at dette er ein ganske passande premie i dag. *susete i øyra*
[No kjem vel de som får mat servert på desse tallerkane, til å tenkje på at de et av tilbodsvare, men det overlever de. Sjå for dykk blomkålsuppe i denne djuptallerkenen!]
De va kjæmpefin! Likte farga på den flate tallerkenen bæst, men formen på djuptallerkenen va kjæmpestili! Heldie du!
SvarSlettHihi :-))
SvarSlettKjempefine! Hva med knallgrønn ertesuppe av frosne erter... eller blir det for kitchy?
SvarSlettHar ingenting i mot kitchy! :-D
SvarSlettNydelege! Gratulerer, du gjorde eit kupp! :-)
SvarSlettTakk :-) No gler eg meg til å ta dei i bruk ved eit passande høve!
SvarSlett