onsdag 14. april 2010

Ei meining med det?


I dag skulle eg ha vore på møte i Oslo. Det var første møtet i det offentlege utvalget som skal sjå på korleis kompetansearbeidsplassar i større grad kan spreiast til heile landet. Men flyet var forsinka, og eg ville ha komme to timar ut i eit treogeinhalvtimelangt møte. Sukk.

Eg gjorde vendereis, stoppa på Sortland, sveipa innom polet - og då eg kikka innom Til Bords, så stod desse i ein krok og smilte til meg; hei-hei! 


Royal Fine China; 85% avslag; måtte berre...og etter å ha deltatt på telefon på eit treogeinhalvtimelangt møte, så konkluderer eg med at dette er ein ganske passande premie i dag. *susete i øyra*


[No kjem vel de som får mat servert på desse tallerkane, til å tenkje på at de et av tilbodsvare, men det overlever de. Sjå for dykk blomkålsuppe i denne djuptallerkenen!]

6 kommentarer:

  1. De va kjæmpefin! Likte farga på den flate tallerkenen bæst, men formen på djuptallerkenen va kjæmpestili! Heldie du!

    SvarSlett
  2. Kjempefine! Hva med knallgrønn ertesuppe av frosne erter... eller blir det for kitchy?

    SvarSlett
  3. Har ingenting i mot kitchy! :-D

    SvarSlett
  4. Nydelege! Gratulerer, du gjorde eit kupp! :-)

    SvarSlett
  5. Takk :-) No gler eg meg til å ta dei i bruk ved eit passande høve!

    SvarSlett