Viser innlegg med etiketten Drikke. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Drikke. Vis alle innlegg

fredag 19. mars 2010

God kaffe på presskanne


Jo meir ein lærer om ein ting, jo meir skjønner ein at ein ikkje veit. Sant? Eg har hatt ein raptus og lese alt eg har komme over om gjærdeigar og surdeigar. No har eg tatt laus på kaffe. Det å kunne slenge innom ein stad å hente god kaffe, er av dei ting eg saknar etter at eg trekte nordover. Men med kaffekvern og aeropress så har kaffekvaliteten stige i heimen. Så viser det seg at det kan bli endå betre...

Frå siste reisa vart boka "Lag verdens beste kaffe med Tim Wendelboe, verdens beste barista" med meg heim. Fin bok, lettlese, mange aha-opplevingar undervegs. La meg dele nokre av knepa. I dag - korleis lage god presskannekaffe. 

Første gongen du prøver, skal du leite fram diverse utstyr som du neppe hadde tenkt var noko poeng i å bruke når du skal lage kaffe. Men alt utstyret har ei meining. Når du har funne meininga, kan du heller slumse litt etterpå. 

- termometer; kaffen blir best når han blir trekt med vatn som held mellom 90 og 96 grader
- vekt; nøyaktige mål er viktig også når du lagar kaffe
- kaffekvern; kaffen blir best når du brukar nymalte bønner
- vasskokar, kopp, skei
- ja, også kaffebønner ;-)



  1. Begynn med å vege vatn og kaffe. Forholdet kaffe - vatn skal vere 60-70 gram kaffe per liter vatn, sier Wendelboe. Finn ut kor mykje vatn som går i presskanna (ikkje fyll heilt opp, det skal jo vere plass til kaffe også), og rekne ut kaffemengden ut frå det.
  2. Hell varmvatn frå springen i presskanna for å forvarme den.
  3. Sett på vasskokaren.
  4. Mal kaffen til ein stad mellom filtermalt og kokemalt. 
  5. Sjekk temperaturen på vatnet du kokar. Kvell ut vatnet i presskanna. Ha i kaffen. 
  6. Kvell i vatn til presskanna er halvfull. Rør rundt med ei skei. Dette gjer du for å at all kaffen skal bli våt. Fyll kanna med vatn. Ikkje sett på lokket. 
  7. La kaffen trekke i 4 minutt. 
  8. Bryt toppen ved å stikke ei skei nedi. Fjern det beige skummet med samme skeia. 
  9. Sett på lokket og press ned. 
  10. Drikk med ein gong. Ferskvare.
Omstendeleg? Tj-nej! Det er eigentleg berre å innarbeide ein ny rutine. Når du har gjort dette nokre gonger, så høyrer du på vasskokaren når temperaturen er rett. Du finn ut kor mange skeier som er rette mengden kaffe. Og du gjer alle dei andre tinga automatisk som med alt anna som ein gjer kvar einaste dag. Det er verdt å prøve metoden; dette blir ein delikat kaffe heilt utan bittersmak. Nesten som på kaffebar. 


I lys av alle blogge-etikk-diskusjonar i det siste så presiserer eg at: 
Ingen har bede meg om eller betalt meg for å skrive denne bloggposten. 
Men eg skjønner at det har ein viss (pitteliten) reklameverdi. 
So be it. 
God kaffe er då litt av meininga med livet?

fredag 29. januar 2010

Vinmeny


Eg klarer ikkje å få kunnskap om vin til å setje seg i hjernebarken. Men eg stolar på Vinmonopolet. Der har dei både kunnskap og engasjement, og eg har sjelden vorte skuffa når eg har fulgt råda deira.


Biletet viser vinane vi drakk ved ei veldig spesiell anledning for nokre ukar månader sia. Gul enke (Champagnen med det franske namnet Veuve Clicquot) servert til blini med lodderogn var rett og slett himmelsk. Til svinenakke med rotgrønnsaker og fløtepotetar, drakk vi ein halvtørr Riesling (Weingart), og den likte vi alle. Eg trur kanskje at det var berre eg som syntest at også Riojaen (Baron de Ley Reserva) var god til hovudretten.

Til osten drakk vi portvin, og til desserten drakk vi dessertvin. Men det fall vel eigentleg ikkje i smak hos nokon av oss? Pussig. Eg har då likt portvin andre stader, og sjølv om dessertvin ikkje er nokon favoritt brukar det å vere heilt ok. Det var heldigvis meir igjen av champagnen... Kanskje vi tar tre flasker champagne neste gong i staden for portvin og dessertvin? ;-)

No er det i alle fall fredag - prøve ny vin denne helga? I så fall anbefaler eg den kvite Rieslingen til svinekjøtt. Prøv! Du vil bli overraska over kor godt det matchar. God helg alle glade!

fredag 15. januar 2010

Smoothie


Smoothie og fruktjusar er blant dei gode ting i livet som er for godt til å vere sant, men som faktisk er heilt sant. Det er sunt, og det er godt samtidig! I passeleg mengde sjølvsagt. Som med alt anna godt, kan det blir for mykje av ein god ting ((frukt)sukker i dette tilfellet). Men som hovudregel er smoothie ein fin måte å få i seg meir frukt på, både for store og små.

Eg finn ut at for at ein smoothie skal vere god, så må han vere kald, og det må vere balanse mellom friskheit og sødme. Når smoothie ein sjeldan gong ikkje smakar noko særleg godt, er det enten for søtt, for surt eller ikkje kaldt nok. Det skal noko til at ein smoothie ikkje blir frisk i smaken. Brukar ein jus av grei kvalitet, er i seg sjølv nok. Frukt og bær gir også frisk og god smak. Sødme får ein frå moden (men ikkje overmoden) frukt - som banan, eller pære. Yoghurt eller vaniljekesam gjer også at smoothien blir søtare, og det er visst yoghurten som skil smoothie frå jus. Med frosne bær eller isbitar i blir drikken kald og god.




I dag laga eg denne varianten:
eplejus
1/2 moden pære
2-3 ss vaniljeyoghurt
frosne blåbær
isbitar

Ha væska i før dei andre ingrediansane for å skåne knivane i blenderen. Eg brukar å kjøre ein ekstra runde med isbitanei heilt til slutt, for dei blir sjeldan heilt knuste, og då er det ein fordel at dei andre ingrediensane er kjørt ferdig.