Sushi! Eg har funne sushi som er berre 13 mil og ei fergereise unna.
Som de har skjønt - sushi er av dei ting eg saknar med Oslo. Eg klarer ikkje heilt tilgi meg sjølv for å ha budd (i.e. pendla) seks år i byen utan å tørre smake på denne herlegheita, sjølv om eg trur at eg tok igjen for tapt konsum dei siste to åra. Før eller seinare må eg jo lære meg å lage sushi sjølv, men eg synest det er ganske skummelt, så eg har ikkje turt endå.
I går var eg i Svolvær på eit veldig bra seminar som Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja arrangerte. Eg likar Svolvær. Svolvær er ein by med eit større innslag av urbanitet enn 98% av Oslo. God mat har dei også mange stader. Og no også sushi. På Du verden / Norden Bar & Kjøkken har dei sushi! La meg gi eit lite utdrag av samtalen som gjekk føre seg der i går:
Eg: "Eg forstår det som at de har sushi her?"
Dame: "Jaa-a, det har vi, men det står inte på menyen."
Eg: "Eh? Hæ?"
Dame: "Vi har sushi."
Eg: "Så fint. Kva sushi?"
Dame: "Alle typar sushi."
Eg: "Ok. Tunfisk?"
Dame: "Nee-ei."
Eg: "Fint. Scampi?"
Dame: "Nee-ei."
Eg: "Fint. Kor mykje kostar 10 bitar?"
Dame: *reknar* 185,-
Eg: "Ok, då vil eg gjerne ha 10 bitar."
Eg sat ute i varm vårsol og åt 10 store bitar utan veldig stor variasjonen i fiskeslag: Tre lakse-maki, ein lakse-ngiri, tre kveite-maki, ein kveite-ngiri og to lakse-sashimi. Risen var litt for søt for min smak, og litt hard, men fisken var alldeles nydeleg. Alt-i-alt så var det god sushi!
Hurra! No må eg berre skaffe meg båt, så er sushien i endå nærare rekkevidde.



