Viser innlegg med etiketten Kosemat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kosemat. Vis alle innlegg

tysdag 25. mai 2010

Kyllingburger


1 pk kyllingkjøttdeig
4 svarte oliven, hakka
15 g parmesan
2 fedd kvitløk, knust og finhakka
salt, peppar

Rør saman ingrediensane. Form til passe burgerstorleik, og steik dei i panna. Først på god varme på begge sider i omlag eitt minutt, deretter på middels varme til dei er gjennomsteikte. 



Eg arrangerte burgeren med raud og grønn pesto, salat og tomat - inni eit heilt vanleg heimlaga rundstykke. 

Namme-nam!

laurdag 13. mars 2010

Foccacciasandwich



"Foccaccia spises helt fersk", brukar det stå, og det er jo lett å vere einig i at heilt fersk foccaccia er veldig godt. Men eg har vondt for å kaste mat, så kva gjer ein når ein ikkje klarar ete opp ei heil panne foccaccia (det skal jo godt gjerast)? Eg gjorde som med annan brødmat - heiv det i frysaren.

Men eg må innrømme at eg var skeptisk. Eg er heilt fersk som foccaccia-bakar, og eg hadde ikkje så stort håp om at tint foccaccia ville vere så godt. Løysinga vart å sjokktine det på høg varme med varmluft, slik at det vart skikkeleg sprø skorpe. Det var foccaccia som ikkje prøvde vere foccaccia. 250 grader i fem minutt var passeleg.



Her er ein foccacciasandwich med blåmuggost, fikenmarmelade og flytande akasie-honning - som var desserten etter foccaccia med salami, Västerbottensost og soltørka tomat ;-) Nam!

God helg!

onsdag 10. februar 2010

Kebab


No trur de vel at det har klikka for meg? Kebab i Bø?! Altså: Denne kebaben har ingenting til felles med det ein har i seg i fullstendig mangel på dømmekraft etter midnatt. Om ikkje eg har misforstått heilt, så er ikkje kebab anna enn grilla kjøtt med godt og sterkt krydder. 

200 g kjøttdeig
1/2 ts Garam Masala
1 ss creme fraiche
knivsodd salt
knivsodd peppar
knivsodd chilipeppar
knivsodd kvitløk
knivsodd kanel

Har du lammekjøttdeig, bruk det! Lam er best, men karbonadedeig av storfe går også bra. Arbeid ingrediensane saman. Form kakene som du vil - er det sommar grillar du dei vel, så då er lange pølser som du trer på grillspyd det kjekkaste. Midt i ferskfisksesongen får du klare deg med å steike dei på begge sider i ei godt varma panne. La ettersteike på svak varme til gjennomsteikt.



Salat og yogurtdressing er obligatorisk tilbehør til kebab. Ris, bulgur, pitabrød er også godt til - eller som her: couscous blanda med litt hakka soltørka tomat.

Velbekomme!



Ps. På Trines mektige matblogg finn de heimlaga pitabrød i dag. Kanskje det hadde vore noko til kebaben? 

fredag 8. januar 2010

Tex mex vegetar

På tide å komme ut av skapet? Eg liker ikkje taco. Eg et det, om det er det eg får å ete, men eg liker det ikkje. Strengt tatt så liker eg tortilla, nachochips, salat, rømme, guacamole, salsa...det er berre den der tacokrydra kjøttdeigen, den er verkeleg ikkje god. Men Tex Mex kan ein lage av gode ting også. Her er ein variant tilpassa den velkjente januaraktiviteten spiselittsunnereidetnyeåret:

Ha ein pakke chilibønner i ei gryte. Varm og smak til med litt meir tomat (hermetiske grovhakka er praktisk, men all slags tomat går sjølvsagt). Krydre med chili og kvitløk etter smak og salt og sukker. Ein pakke chilibønner er passe mengde til fire tortillalefser. Fordel fyllet på lefsene og pakk saman som wraps. Legg i ei smurt eldfast form, ha over litt salsasaus og topp med ost. Gratiner på 200 grader i om lag 10 minutt. Imens snittar du salat og legg i djupe skåler. Litt frisk tomat, guacamole og salsa er godt ved sida av. (Rømme er også godt, men...)



Dette er eit kjapt og sunt utgangspunkt som kan varierast i det uendelege. Tilset kylling eller kjøttdeig om du ikkje vil ha vegetarvarianten.

Velbekomme!

laurdag 5. desember 2009

Lappar med kesam

1 beger kesam 1%
2 egg
1 dl kveitemjøl
2 ts bakepulver
evt sukker og/eller vaniljesukker

Bland alt; først kesam og egg, ha så i det tørre. La røra svelle litt.

Steik små lappar i panne med nonstick-belegg. Bruk svakare varme enn når du steiker pannekaker, for desse lappane er skjørare, og dei svir seg lettare. Lappane smakar godt med rørte bær, og kesam eller rømme er sikkert også godt til.



Eg har brukt vaniljekesam og fullkornskveitemjøl, og det smakte godt.

Velbekomme!

fredag 4. desember 2009

Pizzadeig à la Viestad


Pizzadeigen blir av og til skikkeleg dårleg, og andre gonger heilt perfekt, utan at eg heilt kva eg gjer forskjellig frå gong til gong. Sist bestemte eg meg for å prøve Andreas Viestad sin variant:

1,5 dl vatn
15 g gjær
4 dl mjøl, helst finmalt durumkveite
4 ss olivenolje
1 ts salt

Varm vatnet, løys opp gjæra. Bland mjøl og salt, ha i gjærvatnet og olja. Elt. Lenge. Elt i 15 minutt, seier Viestad. Deigen skal ikkje vere klissete, så ha om nødvendig på meir mjøl. Eg var lydig og elta i 15 minutt:



Set plast over bollen, og hev i ein time på ein lun stad. Kjevle ut og lag pizza slik du brukar å lage pizza. Eg brukte ferskgjer og finmalt durumkveite ("tipo 0"), og eg angra ikkje på det. Det er litt vanskeleg å tru at det er verdt det kvarteret med knaing. Men det er det. Prøv, så kjenner du korleis deigen endrar seg medan du knar. Neste gong vil eg ikkje ha riktig så mykje olje i, men elles skal det få vere slik.

Velbekomme!