Viser innlegg med etiketten Middag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Middag. Vis alle innlegg

tysdag 25. mai 2010

Kyllingburger


1 pk kyllingkjøttdeig
4 svarte oliven, hakka
15 g parmesan
2 fedd kvitløk, knust og finhakka
salt, peppar

Rør saman ingrediensane. Form til passe burgerstorleik, og steik dei i panna. Først på god varme på begge sider i omlag eitt minutt, deretter på middels varme til dei er gjennomsteikte. 



Eg arrangerte burgeren med raud og grønn pesto, salat og tomat - inni eit heilt vanleg heimlaga rundstykke. 

Namme-nam!

måndag 10. mai 2010

Fiskesuppe med kvitvin og fløyte


Etter blåskjelldebuten stod eg att med ganske mykje kraft med kvitvin og fløyte. For god til å kaste, så då måtte det bli fiskesuppe dagen etter, til ei(n):

3 dl fiskekraft
restar av blåskjellkraft
1 lita gulrot
1 bit sellerirot
200 g torsk

Kok opp fiskekrafta. La den koke inn litt om den ikkje alt er passe innkokt. Ha i blåskjellkrafta. Del gulrot og sellerirot i små strimlar. Ha dei i suppa. Kok opp og trekk eit par minutt. Del fisken i spisefine bitar. Ha i suppa, kok opp og trekk i nokre minutt. Det går fort; pass at ikkje fisken blir tørrkokt. Smak til med salt og peppar. Vil du, kan du sjølvsagt ha i sukker og eddik om det er den smaken du er ute etter.


Fort gjort. Sunt. Godt.

Velbekomme!

søndag 9. mai 2010

Lapskaus


Som alle gryterettar, finst lapskaus i mange forskjellige variantar. Eg likar lapskausen heilt enkel:

1 røykt og salta svineknoke
5 gulrøtter
1 liten kålrabi
6 store potetar

Begynn med å koke knoken. Legg han i ei gryte og dekk med usalta vatn. Kok opp, skum av, og la han trekke på rundt 85 grader i 2 1/2 time. 85 grader er så varmt at det nesten boblar, men det skal ikkje boble. Du kan eventuelt prøve med eit steiketermometer. Kjøtt blir tørt og seigt om det kokar; det skal trekke. Medan kjøttet trekker, deler du gulrot, kålrabi og potet i spisefine terningar.

Ta ut kjøttet av krafta og legg det til side. Ha gulrot og kålrabi i ein kasserolle. Smak på krafta - er den passe salt? Passe salt er omtrent så salt at du ville ha ete den som suppe. Er den passe, kan du bruke berre denne krafta. Er den for salt, blandar du den med vatn. Er den for lite salt - vel, det trur eg ikkje at eg har opplevd med svineknoke, men i så fall, må du jo smake til med salt eller buljong, og det gjer du heilt til sist etter at du har hatt i kjøttet.

Ha i kraft (eventuelt blanda med vatn altså) så det dekker litt meir enn halvvegs på gulrot- og kålrabiblandinga i kjelen. Kok opp, og la det småkoke under lokk i 10 minutt. Ha i poteten (5 minutt før om du bruker ein meir seinkoka sort enn mandel), og kok i nye 10 minutt. I mens deler du kjøttet i passelege bitar. Ha det i gryta.

Og no kjem den einaste finessen med lapskaus: Er det passe masse kraft i kjelen? Er det for mykje, så tar du av lokket på slutten av koketida, slik at det får koke inn litt. Er det for lite, er det berre å ha i litt meir kraft eventuelt vatn. Men då er det fort gjort at det kokar for mykje, og at det blir litt grautete. Jeje, det er ikkje så nøye for smaken sin del, og det blir uansett aldri likt frå gong til gong. Medan du held på med desse siste tilpassingane, så smakar du til med salt og peppar. 


Server med flatbrød. Litt sprøsteikt bacon er godt oppå lapskausen (særleg om du har brukt urøykt kjøtt). Purre er også godt til, men vanleg gul løk synest eg ikkje er så godt. Eg har etter kvart skjønt at sellerirot gjer seg til mangslags bruk, men i lapskaus synest eg ikkje den høyrer heilt heime. Men alt dette er smak og behag, og eg er klar over at mange vil aller helst ha ferskkjøtt i.

Velbekomme!

laurdag 8. mai 2010

Pizza med kesam og pesto


Dette er mi pizzadille for tida. Til ein lagar eg ein liten pizzadeig av 50 gram vatn, 100 g durumkveitemjøl, litt olje, salt, litt honning og ein dært med gjær. Deigen får heve godt og lenge før eg kjevlar han ut til ein tyyyynn leiv. Denne får kvile berre ei lita stund før eg legg på fyllet:

2 ss Kesam, mager
3 soltørka tomatar i olje
1-3 fersk tomat
riven kvit ost


Pizzaen steiker eg på max varme i alt mellom 5 og 10 minutt. Det kjem slik an på kor tjukk botnen er, at det nyttar ikkje gi eksakt steiketid. I denne pizzaen er det så mykje smak, at kjøtt er ikkje sakna. Litt riven parmesan og ruccolosalat oppå, når pizzaen er steikt, er også godt. 

Velbekomme!

onsdag 5. mai 2010

Kyllingkjøttbollar med råsteikte potetar


Nesten helgemat.
Nesten albondigas y patatas bravas, men berre nesten. 

Råsteikte potetar:
2-3 middels store mandelpotetar per person
olivenolje
flaksalt
evt friske urtar

Skrubb potetane godt og grundig med ein skrubbehanske eller noko liknande. Del i båtar på langs, kor mange avhenger av kor tjukke potetane er. (Jo tynnare båtar, jo fortare steikt.) Legg dei i ei eldfast form eller på eit bakepapirkledt steikebrett. Ha over olivenolje i ein tynn stråle, og godt med havsalt og eventuelle urtar. Sett inn nestnedst i forvarma omn på 250 grader, slå ned til 225 grader med ein gong. Steik i 15-30 minutt, avhengig av storleik, til dei er møre og har fått farge.

Enkel tomatsaus:
1 pk hakka tomatar
2 fedd kvitløk
1 chili
olje
salt, peppar, sukker
evt brun maisenna

Eg er ikkje så glad i løk i tomatsausen, men det går sjølvsagt an å ha i det også. Surr pressa og finhakka kvitløk og chili i litt olje, ha i tomatane. Kok - jo lenger jo meir fylde på smaken, men 15-20 minutt er fint. Jamn eventuelt med litt brun maisesenna om sausen er for flytande. (Det er greitt å smake til sausen etter at kjøttbollane har hamna oppi.)

Kyllingkjøttbollar:
1 pk kyllingkjøttdeig
1 egg
4-5 soltørka tomatar i olje, hakka
2 fedd kvitløk, pressa og finhakka
salt, peppar

Bland ingrediensane. Steik ein prøvebolle og kjenn om konsistens og smak er passe. Tips: Er dei for faste, ha i litt creme fraiche eller kesam. Er dei for lause, ha i litt strøkavring. Steik kjøttbollane og kok dei i tomatsausen.


Server med grønn salat. Velbekomme!

tysdag 4. mai 2010

Omnsbakte grønnsaker


Denne retten er rett og slett eit eit lite kinderegg: Den passar til lønsj, som siderett til kjøtt eller fisk, eller som hovedrett med litt brød til:

1 gulrot
1 bit sellerirot
1/2 eple (helst ein syrleg type)
1/2 paprika
1/2 rødløk
3 soltørka tomatar i olje
1 bs olivenolje
2 fedd kvitløk
chevré
salt, peppar, balsamiko

Del gulrot og paprika i stavar. Del sellerirot og eple i terningar. Del løk i båtar. Fres grønnsakene i ei steikepanne med olivenolje, berre slik at det tar farge. Ha det i ei eldfast form. Krydre med salt og peppar. Strimle den soltørka tomaten. Press og hakk kvitløken. Ha det i forma saman med grønnsakene. Bak på 190 grader i 15 - 20 minutt, avhengig av storleiken på grønnsakene. Dei siste 3-4 minutta dryssar du litt chevre over.


Server med friske urtar og litt balsamiko ringla over. Du kan sjølvsagt variere grønnsakene ut frå kva du har tilgjengeleg. 

Velbekomme!

måndag 3. mai 2010

Pestolaks med pasta


Ferske laksefiletar er ein god ting, og sushibehovet er stadig påtrengande. Men etter å ha gått nokre rundar med meg sjølv - og søkt råd på Twitter - så kom eg fram at det var nok ikkje verdt å lage sushi av dei laksefiletane eg hadde. Sååå ferske var dei ikkje. Så då vart det pestolaks i staden:

laksefilet
pesto
pinjekjernar
pasta
parmesan

Legg fisken på bakepapir i ei eldfast form, eller på ei steikeplate. Ha ei barneskei peasto over kvar filet, grovhakk nokre pinjekjernar og strø over. Bak midt i omnen på 150 grader i 12-15 minutt. Pasta er veldig godt til laks, så det kan du jo koke medan fisken blir ferdig i omnen. Ferdig! Godt blir det uansett, men det er ikkje verdt å steike fisken for lenge, så følg litt med på slutten.


Eg høyrer kvitvinen rope på selskap... Velbekomme!

torsdag 29. april 2010

Aspargessuppe


Dette kan vel knapt kallast ei oppskrift. Det er den aller enklaste måten å lage aspargessuppe på - det går om ikkje fortare, så i alle fall like fort som å lage posesuppe:

1 glas asparges (330 g inkludert lake)
3 dl vatn
1 ss flytande kyllingbuljong
1 bs maisenna (kvit)
1 ss matfløyte
peppar

Bland laken frå aspargesglaset, vatn og buljong i ein kjele, og kok opp. Ha i aspargesen, og kjør i ein blender til aspargesen er finmosa. Ha tilbake i kjelen. Rør ut maisenna i fløyten, og ha det i kjelen. Kok opp under omrøring, og la småkoke i 2 minutt. Smak til med peppar og eventuelt meir kyllingbuljong.


Eg likar kvitt kjøtt saman med asparges, så vil du drøye suppa kan du gjere som eg har gjort her - dele ein tiloversblitt kalkunfilet i mindre bitar og varme i omnen (saman med brødet som du sikkert skal ha til suppa likevel). Då har du komplett middag for ein.

Vil du drøye suppa, brukar du meir kraft og eventuelt meir fløyte. Men aspargessuppe skal no helst smake asparges. Meir fænsi blir det sjølvsagt om du brukar heimkoka kraft, eggeplomme, flesk... Det tar ikkje lenger tid. Det krev berre litt meir planlegging på førehand ;-)

Velbekomme!

tysdag 27. april 2010

Cannelloni med kylling- og spinatfyll


For å vere heilt ærleg: Cannelloni har eg visst aldri spist før. Har de? Eg kan ikkje ein gong hugse at eg har sett det på menyen nokon stad. Så dumt! Dette er jo så godt. Første forsøk med cannelloni vart slik etter ein gløtt hos Opplysningskontoret for egg og hvitt kjøtt (til ei(n)):

2 lasagneplater
100 g kyllingkjøttdeig
8 frosne spinatklumpar
1 ss kremost
1 fedd kvitløk, knust og finhakka
parmesan
salt, peppar, chili

Kok lasagneplatene i rikeleg lettsalta vatn i 3-4 minutt. (Eg kokte i 5, det var for lenge.) La dei renne godt av i eit dørslag, legg dei på eit bakepapir smurt med litt olje. Innimellom lagar du fyllet:

Steik kyllingkjøttdeigen på middels sterk varme. Slå ned til svak varme, ha i spinaten rett frå frysaren, ha i kvitløk og trekk kjelen litt til side; spinaten vil helst ikkje ha det så varmt. Ha i osten, og surr til alt er gjennomvarmt. Smak til med krydder og eventuelt meir ost.


Fordel fyllet på pastaplatene, rasp litt parmesan over. Rull saman - ha eventuelt ost til gratinering på toppen - og steik på 225 grader i 10 minutt.

Like sterk som Skipper'n - tjoho! Server med grønn salat og godt brød. Eg hadde litt kvitløksalsa og kesam over berre for å få litt meir futt. Men kanskje er det godt å berre ha litt vanleg tomatsaus over før ein set det i omnen? 

Velbekomme!  



onsdag 21. april 2010

Torskegryte med sprø grønnsaker og kokosmelk


Dei fleste av oss har det vel slik at vi helst skulle ha spist endå litt meir fisk og endå litt meir grønnsaker, sånn reint ernæringsmessig. Gryter er ein god ting. Denne gryta vart til ein dag eg ikkje visste kva eg skulle gjere med torsken. Måla er for ein - men det er jo ein enkel sak å tilpasse dette til mange:

200 g torskefilet
1/2 boks kokosmelk, lett
1 lita gulrot
8 sukkererter
5 minimais
1 chili
1/4 boks vannkastanjer
ein bit purre
soyasaus, sweetchilisaus, limesaft

Del grønnsakene i passe store bitar. Det er ikkje så nøye, men ingen vits å dele for smått, det skal vere litt tyggemotstand. Ha grønnsakene i ei gryte. Del fisken i passelege spisebitar, 4 cm omlag. Bland kokosmjølk med 1 ss soyasaus, 1 ss limesaft, 1 ss sweetchilisaus, og ha i gryta. Kok opp og la det putre i 5-10 minutt. Smak til undervegs. Retten blir ferdig på 1-2-3, så pass på at ikkje torsken blir for mykje kokt.


Server med ris eller nudlar til. Eg brukte ei spaghettisleiv og lot (mesteparten av) kokosmjølka bli igjen i kjelen. Veldig godt, og veldig veldig sunt! Velbekomme!

tysdag 20. april 2010

Bayonneskinke med potetmos


Ingeting fænsi i dag, men ein smakfull kombinasjon: 

Kok bayonneskinka om den ikkje er ferdigkokt. Det trengst meir koketid enn det som står på pakken - alltid.

Kok potet i terningar saman med litt sellerirot i usalta vatn. Bruk ein potetstampar og knus poteten og sellerirota. Ha i ein klatt smør (ein liten klatt til kvardags), og spe med mjølk til passe konsistens. Smak til med salt og (kvit) peppar. 

Del gulrot, kålrot og eventuelt meir sellerirot i terningar. Wok til dei ikkje er heilt møre, og ha over 1ss honning. Eventuelt kan du koke grønnsakene til dei ikkje er heilt møre. Skyll grønnsakene i iskaldt vatn for å stoppe kokeprosessen. Fres grønnsakene i panna rett før servering. Ha over honning rett før servering.


Saus er unødvendig her; det er nok smak. Skinka kan du koke på førehand og varme opp om du vil spare tid. Restar av skinka er supert pålegg. 

Velbekomme!

måndag 19. april 2010

Gjesteblogg:
Anna lagar Kylling Satay Sa-teh/satè/satay


Det er mange som likar seg på kjøkkenet, og no er det på tide med litt gjesteblogging her på Bøfjerding. Først ut er Anna Ljunggren. Ho er veldig snill og veldig klok, og ein veldig god stortingsrepresentant for Nordland. Dessutan lagar ho god mat, og i dag deler ho Kylling Satay med oss:   

Kylling Satay er en kjent indonesisk rett, som serveres på mange thailandske restauranter. Satay betyr ikke, som mange tror, peanøttsaus, men grillspyd. Det finnes uttalige oppskrifter på denne retten. Noen marinerer kyllingen i honning, noen bruker tamarindsaus, andre kyllingbuljong eller østerssaus. Jeg har valgt å bruke fiskesaus, denne får du tak i innvandrerbutikker eller godt utstyrte dagligvarebutikker. De store merkene Blue Dragon og Santa Maria har fiskesaus. Fiskesaus er det indonesiske og thailandske svaret på soyasaus, begge sausene brukes for å salte maten. Koriander hører jo som kjent hjemme i asiatisk mat, jeg er ikke noe fan av denne urten og har derfor kuttet den ut i min oppskrift. Til 2 sultne:

Kyllingspyd
4-5 trespyd
3 kyllingfileter
2 ss fiskesaus
2 ss solsikkeolje
Ca 1 cm fersk ingefær
En halv rød chili, etter smak
Litt gurkemeie
1 ts karri
1 hvitløksbåt

Bland fiskesaus, olje og krydder i en bolle. Kutt kyllingfiletene i passe biter, og sett det til marinering. Jo lengre jo bedre, men ½ time holder. 

Trespydene legges i vann ca ½ time før de skal brukes, dette for å unngå at de tar fyr når du legger de på grillen/ i ovnen. Jeg grillet kyllingspydene på 200-225 grader, i ca 7-10 min.

Peanøttsaus
2 sjalottløk
1 ts solsikkeolje
3 ss brunsukker
200 gr usalta peanøtter (kan byttes ut med peanøttsmør)
1 boks (4dl) kokosmelk
2 ss fiskesaus
2 ts chilipasta (sambal oelek)
1 ts karri
Litt spisskummin
Saft fra ½ lime

Hakk peanøttene, enten for hånd eller i en foodprosessor/blender (ikke for lenge, da blir det peanøttsmør). Finhakk løken og fres den i kasserollen i litt olje. Tilsett brunsukker og rør godt. Tilsett kokosmelk og fiskesaus, la det koke. Tilsett så peanøtter, chilien, karri, spisskummin og saften fra en halv lime. Kok i 10 minutter.

Server med ris og eventuelt litt salat.


Om ikkje dette både ser og høyrest godt ut, så veit ikkje eg. Takk Anna! Det blir jammen meg Kylling Satay i Bø også ein vakker dag!

torsdag 15. april 2010

Kyllingkjøttbollar med smak av salsa


De hugsar den om at eg ikkje likar taco? Men altså, taco kan vere så mangt, og salsa likar eg. Her er ein enkel måte å lage smakfulle kjøttbollar på når du ikkje har ferske ingrediensar i huset:

200 g kyllingkjøttdeig
3 ss salsa med kvitløk
2 ss mager kesam
evt litt strøkavring

Bland. Steik. Ferdig. 


Du kan jo steike ein prøvebolle for å kjenne om det vart rette balansen mellom smakane. Strøkavring er ikkje nødvendig, men det kan stabilisere om deigen blir litt laus. Ekstra salt trengst ikkje, men kanskje vil du ha i litt peppar? Her har eg rørt ein klatt kesam saman med litt av salsaen, litt peppar, litt sukker, litt sitronsaft - og litt tørka koriander. Ris eller bulgur er godt til, pitabrød også. 

Velbekomme! 

tysdag 13. april 2010

Laksesuppe med ingefær og kokosmelk


TIl ein som må ha mat fort:

5 dl fiskekraft (evt. fiskebuljong)
20 g matfløte
1 gulrot, i terningar
1 bit sellerirot, i terningar
2 ss hakka ingefær
2 dl kokosmelk, lett
1 laksefilet, i spisefine bitar
salt, peppar, evt. sukker

Kok opp krafta saman med fløyten. Kok eventuelt inn krafta til ønska smak. Ha i gulrot, sellerirot og ingefær. Kok i tre-fire minutt til gulrota byrjar bli kokt. Ha i kokosmelk og laks, kok opp, trekk kjelen til side og la trekke til laksen er ferdig. Smak til med salt, peppar og eventuelt sukker. 


Joda, sjølvsagt kan du ha kvit fisk i suppa. Eller reker. Blåskjell kanskje? Og andre grønnsaker? Javisst. Det skulle vel helst ha vore litt grønt på biletet også? Safran er jo også veldig godt. Velvel, dette var no det eg hadde i hus i dag ;-) Og eg fekk meg sunn middag som smakte mykje og godt i full fart. 

Velbekomme!

laurdag 10. april 2010

Lammekorma


Medan vi er i det asiatiske hjørnet... Asiatisk mat er så godt fordi gode smakar blir kombinert på måtar som gjer at ting som kvar for seg er litt lite spennande, blir veldig veldig godt når det får stå i ei gryte å godgjere seg. Indisk er ein av mine favorittar. Det er litt krevande å få til å lage heime, men med litt triksing så kan ein lage gode plagiat. I går stod ein variant av lammekorma på komfyren og godgjorde seg og spreidte lukt i huset. Denne oppskrifta er eit godt utgangspunkt. Eg la til og trakk frå litt på krydderet ut frå tilgangen. 


Det spørs om ein gjennomsnittleg inder ville ha kjent att maten sin, men slik er det no ein gong når ein lærer av kvarandre. Prøv - det er godt! 

onsdag 7. april 2010

Thaiinspirerte fiskekaker


Dette er fusjonen av ei oppskrift eg fann i Tid for Thai av Yngve Ekern og ei eg fann i bladet Kamille - med litt tilpassingar ut frå ingredienstilgangen i Bø. Slik lagar du 10 ikkje så veldig store fiskekaker:

300 g kvitfiskfilet (eg brukte torsk)
1 egg
6 ss kokosmelk
2 ss maisenna
1 bs soyasaus
1 bs rød karripasta
nokre kaffirlimeblad
rikeleg med nykverna svart peppar

Del fisken i mindre bitar. Kjør i foodprocessor saman med resten av ingrediensane til det er finmalt. Hald att ein del av kokosmelka og maisennaen, slik at du kan spe til passe konsistens for hand. Steik spiseskeistore fiskekaker på vanleg måte. 


Dette vart veldig godt altså. Du kan sjølvsagt ha ris til om du vil. Her er fiskekakene servert med ein fin råkostsalat, også denne frå Kamille:

1 lita gulrot
1/2 agurk
6 cherrytomatar
2 ss kvitvinseddik
1 bs sukker
1/2 dl vatn

Del grønnsakene i små små terningar. Rør saman ingrediensane til dressingen til sukkeret er oppløyst. La stå å trekke, gjerne lenge. (Du kan gjerne lage råkostsalaten før fiskekakene.)

På biletet er også ein variant av Ekerns krydra majonesdipp - remulade som smakar Asia, trur eg vi seier:

1 ts sukker
1 ts limesaft
1 ts soyasaus
1 ts rød karripasta
1/2 ts korianderpasta
1/2 dl majones
litt salt

Rør saman sukker, limesaft og soyasaus til sukkeret er oppløyst. Bland saman med resten av ingrediensane. Smak til. 

Velbekomme!

tysdag 6. april 2010

Kjøttsuppe som smakar Asia


Av og til så blir ting til på kjøkkenet fordi eg ikkje anar kva eg skal lage til middag. Då søker på ingrediensane mine på nettet og les litt i kokebøker, men sjeldan har eg akkurat det som skal til til dei oppskriftene som fristar mest. Då må ein improvisere:

200 g ytrefilet av okse
1 løk
2 fedd kvitløk
1 chili
1 bit ingefær
5 dl kjøttkraft
5 ss tomatpurè
1/2 sitron, berre safta
1 gulrot
10 sukkererter
100 g brokkoli
kalvefond, sursøt chilisaus, sukker, salt og peppar

Del kjøttet i passe spisefine strimlar. Hakk løk, kvitløk, chili og ingefær. Strimle gulrot og sukkererter, og del brokkoli i små bukettar. 

Surr løk, kvitløk, chili og ingefær i litt olje i eitt minutt eller så, pass på at det ikkje svir seg. Ha i kraft, tomatpure og sitron. Tilsett kjøttet og kok opp. La trekke nokre minutt før du har i grønnsakene. La det småkoke til kjøttet er såvidt gjennomkokt, og smak til med kalvefond, sursøt chilisaus, sukker, salt og peppar. 


Her kan ein bruke allslags kjøtt, og ein kan bruke allslags grønnsaker, og har ein meir avanserte thai-ingrediensar, så blir det endå meir smak av Asia. Eg fekk ein passeleg lunchrest, og dagen etter så kokte eg opp supperesten saman med litt kokosmjølk og hadde i litt kokte nudlar. Det var også godt :-) 

Velbekomme!

onsdag 31. mars 2010

Saftig lammelår

Vi hadde lammelår med fløtepotetar og rotgrønnsaker på nyttårsaften, og mykje tydar på at det blir lammelår i påska også. Når ein brukar atskillig tid på å lese kokebøker, matblad og diverse matsider på nettet, så plukkar ein opp litt forskjellige tips. Men lite har forvirra meg meir enn når eg har leita etter tips om korleis steike lammelår. Det kryr av velmeinte råd og kanoniserte framgangsmåtar, men ekspertane gir råd som er  internt motstridande. Så no prøver eg med på eit kompromiss av alle råd og tips. Denne metoden førte til eit godt og verkeleg saftig lammelår til nyttårsmiddagen sjølv om det var (fordi det skulle vere) gjennomsteikt. Eg har formulert meg i preteritum og ikkje (moralsk) imperativ, for å vere på den sikre sida:

  1. Tre døgn før: Tok lammelåret ut av frysaren, la det i kjøleskapet for tining.
  2. Dagen før: Krydra med salt, peppar og tørka kvitløk - alt frå kvern - pakka inn låret i matpapir smurt med litt olje, og lot det ligge på kjøkkenbenken i heller låg enn høg romtemperatur til dagen etter.
  3. Steikte på rist. Sette ei langpanne med litt vatn og bitar av gulrot og sellerirot, som gir smak til krafta som gir smak til sausen.
  4. Steikte i 20 minutt på 220 grader.
  5. Sette steiketemometer i den tjukkaste delen. Viktig å passe på at det ikkje treffer bein.
  6. Pensla låret med olje.
  7. Sette ned varmen til 140 grader. Steikte til ønska kjernetemperatur; 75 grader er gjennomsteikt, 65-70 grader er grader av rosasteikt.
  8. Viktig å følgje med på termometeret. Ein må setje ned varmen om det blir steikt fortare enn ein vil. Eg skrudde ned til 120 grader siste halvtimen.
  9. Når låret var steikt, pakka det inn i aluminiumsfolie, og lot det kvile på benken i minst 20 minutt. Kjøttet held varmen i ein lang halvtime, så det er rikeleg tid å bli ferdig med tilbehøret.
Dei ulike punkta er viktig for mørheit og saftigheit - smak og kjensle. Eg har ein mistanke om at punkt 2 i lista var suksesskriteriet denne gongen. Men utan å følgje punkt 9, har ein gjort alt anna til ingen nytte, så det er like viktig.

Ikkje-lista:
- ikkje stikk kvitløksfedd inn i steikar, for då renn safta ut (seier nokon)
- ikkje bruk fersk kvitløk og smør på, for då svir kvitløken seg (seier andre)
- ikkje bruk høgare temperatur for å steike fortare; denne metoden tar to-tre timar avhengig av storleik - det har du tid til; du skal då dekke bord, tenne lys og ordne tilbehøret så likevel
- ikkje snu lammet undervegs; det er ikkje nødvendig
- ikkje ha dårleg tid; og har du verkeleg god tid, prøver du deg på lang-langtidssteiking på endå lågare temperatur
- ikkje gløym å ta låret tidsnok ut av frysaren



Eg gløymte heilt å ta bilete av maten på nyttårsaften... 
Var nok litt for ivrig i matfatet og vinglaset. 
Men her er eit landskap som illustrerer 
korfor lammekjøttet er så veldig veldig godt her nord. 
Eg har eit bilete av eit lam som vandra(r) i dette landskapet også, 
men det vil de vel kanskje ikkje sjå akkurat no?


Som sagt, dette er eit forsøk på eit kompromiss mellom alle gode lammeråd. Men det beste med lammekjøtt er at det blir godt uansett :-) God påske!

måndag 29. mars 2010

Sjampinjongsuppe


Om du steiker soppen før du lagar suppe, så får du ein heilt annan smak og konsistens enn om du ikkje gjer det. Det smkakar både meir og annleis. Nok til to, eller til middag ein dag og lunch dagen etter:

500 g sjampinjong
30 g smør
3 dl skumma mjølk
4 dl vatn
2-3 ss kyllingfond
salt, peppar, sukker

Surr soppen på middels svak varme. Kok opp mjølk, vatn og kyllingfond. (Du kan sjølvsagt bruke kraft elelr buljongterning.) Ha soppen i krafta når den er stekt og når krafta har kokt eit par minutt. Kok opp, og kjør i ein blender eller med stavmiksar. Spar gjerne litt av soppen til garnityr. Eg synest ikkje suppa treng jamning når ein brukar så mykje sopp som her. Kok opp igjen, og smak til med salt og peppar, og eventuelt ein dert sukker.


Litt bacon er også godt til, om du har det. Velbekomme!

onsdag 24. mars 2010

Pasta med grønt

Det går fint an å drøye pastamiddagen med gode grønnsaker. Det er sunnare, og mettar betre. Her er ein fin smakskombinasjon:

Fullkornspaghetti
Brokkoli
Sukkererter
Basilikumpesto

Kok spaghetti på vanleg måte. Ha i små bukettar av brokkoli og sukkererter dei siste par minutta av koketida til spaghettien. Om du ikkje har lokket på når du kokar pastaen, så ha i alle fall lokket på når du har i grønnsakene, så kokar det fort opp igjen. Sil av vatnet når grønnsakene og pastaen er ferdigkokt. Om det ikkje er heilt synkronisert, så prioriterer du pastaen. Det er viktigare at den har fin konsistens enn at grønnsakene er heilt kokte. Bland i litt god pesto - og dett var dett. 


Her hadde eg heimlaga kyllingkarbonade til. Godt det også. Velbekomme!