Viser innlegg med etiketten Jul. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jul. Vis alle innlegg

laurdag 26. desember 2009

Jul! Frokost! Lenge!






fredag 25. desember 2009

Mjåsundet i går






torsdag 24. desember 2009

God jul :-)








onsdag 23. desember 2009

Småfolk

Endeleg har eg fått helsa på alle nissane. No ventar det kjekkaste eg veit;  vandre rundt i huset og finne plass for kvar enkelt av dei:




Eg seier ikkje god jul riktig endå, men snart... :-)



Konfekt

Konfekt har ikkje vore heilt min greie, og det er strengt tatt meir pirkarbeid enn eg liker. Men i år har eg prøvd meg likevel. Ikkje alt vart like bra, men noko vart skikkeleg godt:

Marsipankuler 
med appelsinmarmelade (ja, den med cognac) 
og sylta ingefær





Tre sortar sjokoladetrøflar
- med pistasjnøtter
- med kaffe og litt lysare sjokolade
- med masse masse masse mørk sjokolade





Troikabitar





Marspiankuler med nougat






Torikabitane skal absolutt gjentakast neste år. Trøflar blir nok også ein gjengangar ;-)





Oppdatering 13:54
Kven kunne vente at det skulle dumpe heimlaga konfekt ned i ein postkasse langt mot nord på lillejulaften? Og enn at det smakar konditortalent (i motsetjing til mine som smakar heimlaga)! Nam! Tusen takk, snille! :-* 








tysdag 22. desember 2009

Julekjeks

120 g romtemperert smør
190 g mørkt muscovadasukker
1 ts riven muskatnøtt
1 ts vaniljesukker
1 stort egg
1 ts natron
150 g sikta sikta kveitemjøl
65 g mandlar, finmalt
85 g kvit sjokolade, grovhakka
125 g mørk sjokolade, grovhakka
75 g hasselnøtter, grovhakka

Pisk smør og sukker godt. (Eg hadde ikkje muscovadasukker, og brukte brunt rørsukker. Det gjekk heilt fint.) Ha i egg, vanilje og muskat og pisk til det blir luftig. Bland mel og natron og rør det inn i deigen saman med mandel. Rør inn sjokolade og nøtter. Set teskeistore toppar med god avstand på eit steikebrett kledd med bakepapir. Steik midt i omnen ved 200 grader i 8 minutt. Avkjøl på rist og oppbevar i tett boks.

Kjeksa blir skikkeleg sprø; lite mjøl, mykje feitt... Denne oppskrifta fann eg i eit nummer av Maison mat og vin. Sia det var eit forsøk, halverte eg oppskrifta. Nokre av kjeksa vart dessverre for mykje steikt (det gjekk fort på slutten, gitt), så det er ikkje meir enn ein smak igjen i ein boks. Men gode vart dei. Masse feitt, masse sukker, masse nøtter og masse sjokolade - dette smakar verkeleg jul ;-)

Velbekomme!






Biscotti med smak av jul

Biscotti er visst i vinden. Eg har laga ein variant av gladkokken Ole Martin Alfsen sine. Oppskrifta fann eg i matbladet Nord, med mi tolking blir det slik:

230 g mandlar
70 g pistasjnøtter
200 g kaldt smør
250 g sukker
500 g sikta kveitemjøl
2 ts vaniljesukker
2 ts bakepulver
1 ts salt
200 g egg (om lag 4 store)
170 g aprikos
100 g tranebær
apsikat
1 eggekvite til pensling

Alfsen brukar sitronskal og rosiner der eg måtte ty til tranebær og apsikat. Eg reduserte sukkermengden med 50 g.

Begynn med å riste mandlar og pistasjnøtter i 15 minutt på 150 grader. Avkjøl heilt.

Bruk ein kjøkkenmaskin. Eg brukte foodprocessor, sia kjøkkenmaskina mi framleis var hos elektrodoktoren, og det var litt heavy for den. Visp saman smør og sukker. Ha i det tørre, bland godt før du har i egga, eitt om gongen. Alfsen presiserer at deigen ikkje må bli for varm, så desse operasjonane skal gå kjapt. Blir det for varmt, set du deigen i kjøleskapet ei stund. Hakk aprikosen i små bitar, og ha frukt og nøtter i røra. (Eg ville nok ha grovhakka nøttene, det gjer oppdelinga lettare.)

Rull deigen til pølser, 6 stk seier Alfsen - eg laga 4. Pensle med eggekvite. Steik nestnedst i omnen, på 170 grader i 25 - 35 minutt. Ta pølsene ut av omnen, avkjøl dei litt, men del dei medan dei endå er varme. Tørk kakebitane på 150 grader så lenge det trengst for at dei skal bli tørre. Eg brukte varmluft sia det fylte to steikebrett.

Avkjøl på rist. Oppbevar i tett boks i romtemperatur.



Det vart godt, og det smakar jul :-)

Velbekomme!







måndag 21. desember 2009

Gammeldags krydderkake

Denne kaka er juletradisjon i heimhuset. Då eg ba om oppskrifta, fekk eg til svar at den kunne eg då finne i den raudruta kokeboka til ho Ingrid. Og jammen ta! Der fann eg den! Eg følgjer oppskrifta til punkt og prikke, bortsett frå at eg reduserer sukkermengden med om lag 1/4:

150 g smør
3 egg
3 dl sukker
1 ss malt kanel
1 ss malt ingefær
1 ss malt nellik
11/2 dl kulturmjølk
1 1/2 dl stivt tyttebærsyltetøy
1 ts natron
4 1/2 dl kveitemjøl (om lag ein halvkilo)

Oppskrifta er passe til ei vanleg brødform. Smelt smør, og avkjøl det litt. Visp egga saman, ha i sukker og visp eggedosis. Bland det tørre, og det ha i røra saman med mjølk, syltetøy og smør. Smør og strø forma, ha gjerne ein strimmel med bakepapir i botnen og opp langs kortkantane. Ha i røra. Steik nedst i omnen, på 175 grader, i 60 - 80 minutt. La kaka bli litt avkjølt i forma før du kvelvar henne på rist. Avkjøl under klede (sweet, Ingrid sine ord).



Eg doblar oppskrifta og steiker to når eg først er i gang. Kaka står seg lenge i kjøleskapet, og eviglenge i frysaren.

Velbekomme!






Honningkake

150 g smør
250 g honning
4 eggeplommar
250 g sukker
1/4 ts malt svart peppar
1/4 ts malt nellik
1/4 ts malt ingefær
1 ts bakepulver
250 g sikta kveitemjøl
1 ss hakka mandlar
4 eggekvitar

Smelt smør, ha i honningen og varm til honningen er flytande. Pisk eggedosis av eggeplommar og sukker (eg reduserte til 175 gram sukker). Bland smøroghonningblandinga i eggedosisen, og rør inn det tørre. Stivpisk eggekvitane og rør dei forsiktig i røra. Smør ei brødform - godt! Ha gjerne ein strimmel med bakepapir i botnen. Steik nedst i omnen på 150 grader i 60 - 80 minutt. Legg over eit bakepapir om kaka blir for mørk. Avkjøl kaka litt i forma før du kvelver henne på rist.

Denne oppskrifta fann eg i Maison Mat og vin (desember 2009).

Velbekomme!










søndag 20. desember 2009

Fjerde søndag i advent

...i morgon snur sola...



det er lov å drømme




laurdag 19. desember 2009

Dei aller beste smultringane...


...er det ho Mamma som lagar!



Eg får steike:






søndag 13. desember 2009

Tredje søndag i advent @ Oslo


torsdag 10. desember 2009

Kanelbollar

Det er kanskje berre i mitt hovud det er forskjellar på skillingsbollar, kanelsnurrar og kanelbollar? Eg lagar i alle fall kanelbollar, verken skillingsbollar eller kanelsnurrar - kanelbollar. Til jul er gjærbaksten viktigare enn alle andre kaker til saman for meg, for kva skal ein med sirupsnippar når ein har kanelbollar?




Sia kjøkkenassistenten min er hos elektrodoktoren (den seier skriiiiiiik! i staden for brum-brum, ikkje bra), måtte eg elte for hand denne gongen, og då ga eg opp å prøve varianten i Årets beste kokebok, for der er det tilrådd så mykje elting at eg orka ikkje prøve utan motorkraft. Men dei bollane skal testast straks assistenten kjem heim.

Ein eller annan gong i førre hundreåret slutta eg å bruke oppskrift på gjærdeigar. Det har den fordelen at deigen stort sett blir bra, for utan oppskrift må ein kjenne seg fram. Men det har den ulempen at det blir aldri samme smaken. Så, ved hjelp av penn og papir og kjøkkenvekt - dette er eit forsøk på å oppskriftsfeste kanelbollar slik eg lagar dei:

200 g smør
1 l H-mjølk
50 g fersk gjær for søt deig
2 egg
2 dl sukker
1/2 ts salt
2 ts kardemomme - og så litt til
24 - 26 dl mjøl

smør, sukker, kanel til fyll
egg og perlesukker til pensling

Smelt smør, ha i mjølka, varm til 37 grader (det er akkurat litt varmare enn du trur det er...). Ha mauka i ein bakebolle, og løys opp gjæra. Visp egga lett saman, og ha dei i. Bland ein halv liter mjøl med sukker, salt og kardemomme, og ha i bollen. Ha i ein halvliter til med mjøl og begynn eltinga. Ha i meir mjøl etterkvart, og elt til deigen blir smidig. Ha ikkje for mykje mjøl i; du kan alltids ha i meir mjøl om deigen blir for laus, men har du hatt for mykje mjøl i, så har du ei større utfordring. Hev deigen til dobbel storleik under plast. Slå deigen ned, og hev han ein gong til.

Dei neste trinna er litt vanskeleg å forklare, for når ein har gjort det hundre gonger, så er det ikkje så greitt å setje ord på korleis ein kjevlar, kor tjukk leiven skal vere, kor lang og kor breid... Det skal i det heile tatt bli ein passeleg leiv. Det er godt forklart med bilete i Den rødrutete kokeboka til Ingrid Espelid. Ta ein kikk der - det er den beste grunnboka av alle.

Eg brukar steike bollane nestnedst i omnen, på 230 grader i 8-12 minutt, alt etter storleik. Slik blir det fordi den i slekta som er mest glad i bollane, likar at dei er godt steikt:






Denne gongen har eg testa trendfasongen (sic!) som bollane på Åpent bakeri og Stockfleth's kjem i - sjølv om ho Ingrid var nok først med den varianten også. Ja, eg veit, dei ser digre ut, og dei veg 100 gram, men bollane på Åpent Bakeri veg visstnok det dobbelte! Avkjøl kanelbollane på rist og hiv i frysaren før nokon rekk å ete dei ;-)

Velbekomme!

PS. Eg brukar nok litt lite sukker, så veit du at du likar bollane søte, så ha i ein desiliter til med sukker.

onsdag 9. desember 2009

Nissar

No er det like før eg får nissekvote. Det er snart ikkje plass til fleire nissar i dette huset, om det er aldri så mykje julehus. Englar er ikkje heilt min greie. Ikkje glitter og sånn heller. Men nissar! Fine nissar vel og merke. Dei må ha gode fjes og fine detaljar. Nedpakka i eskene på loftet, ligg det nokre som er så fine at dei er nesten levande. Forresten, ikkje veit eg om dei livnar til om natta...

Eg har kjøpt nokre nissar i år også. Her er den aller finaste nye; ei nissefrøken inspirert av Carl Larsson:


måndag 7. desember 2009

Til deg, fra meg




Å lage til-fra lappar
høyrer adventa med
her i huset.




Det tar alltid litt tid
å komme i gang,
men til slutt kjem
inspirasjonen.






søndag 6. desember 2009

2. søndag i advent



Desembermånen 1969


Han løyner stålet
i ei slire av sylv.
Det er blod på eggi.

Olav H. Hauge


Kjeks med sjokolade og peanøtter

125 g mjukt smør
2,5 dl sukker
2 egg
5 dl sikta kveitemjøl (gjerne fullkornskveite)
1 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
1/2 ts salt
3 ts kakao
0,5 dl vatn
100 g grovhakka sjokolade
3 dl grovhakka peanøtter

Visp smør og sukker kvitt. Rør i egga, eitt og eitt i gongen. Rør i mjøl, bakepulver, vaniljesukker, salt og kakao saman med vatnet. Ha til sist i sjokolade og peanøtter.

Bruk to teskeier til å setje passelege klumpar på eit steikebrett kledd med bakepapir. Det må vere god avstand mellom klumpane, så du må steike i to omgangar. Steik på 200 grader, midt i omnen, i 10-12 minutt. Avkjøl på rist og oppbevar i tett boks:


Nokre av kjeksa i denne boksen er mørkare enn andre fordi eg rørte ei god spiseskei Valrona kakao i den siste halvdelen av røra for å få endå meir sjokoladesmak. Om du lagar dei god tid i forvegen, er det best å fryse kjeksa.

Velbekomme!

tysdag 1. desember 2009

Rullekake


Mor mi har alltid laga rullekake til jul. Hennar blir best, men eg bryt meg på med godt mot likevel. Det er fort gjort å lage ei rullekake, og det er ein fin måte å bruke opp egg som held på å bli for gamle.

3 egg
1,5 dl sukker
1,5 dl sikta kveitemjøl, med 2 ss potetmjøl
1 ts bakepulver
sukker
tjukt syltetøy

Set omnen på 225 grader og finn fram syltetøy.

Visp saman egga, ha i sukker og visp til eggedosis. Bland det tørre, og sikt det i eggedosisen. Bruk ein slikkepott til å blande med. Bland godt, men ikkje slå ut lufta. Ha røra godt utover på ei steikeplate kledd med bakepapir. Steik midt i omnen i 5-7 minutt.

Medan kaka steiker, legg du to flak med matpapir på kjøkkenbenken og strør sukker over. Når kaka er steikt, kvelver du henne raskt opp-ned på matpapiret, og no må du jobbe raskt. Ta bakepapiret av kaka, bruk ein kniv om nødvendig. Smør syltetøyet raskt utover utan å vere hardhendt. Rull kaka saman, - ikkje klem saman, men rull fast nok til at ho ikkje går opp i liminga. Avkjøl på rist, og frys i passe store delar.



I dag brukte eg blanda gelè av krekling og av solbær/rips. Det vart godt og friskt.

Velbekomme!

måndag 30. november 2009

Sjokoladetrøflar

Nyleg prøvde eg meg på noko eg ikkje har gjort før: Sjokoladetrøflar. Sia eg ikkje har gjort det før, laga eg ein liiiiten porsjon:

7 cl kremfløyte
1 ts pulverkaffe
70 g Valrona sjokolade, 85 %
15 gram meierismør

Vispa fløyten lett, og kokte den opp saman med pulverkaffe. Trakk kjelen av plata. Hakka/reiv sjokoladen og hadde den i fløytekaffen. Rørte forsiktig til det var oppløyst. Hakka smøret og rørte det i. Hadde alt i ein bolle og avkjølte, først på benken så i kjøleskap med plastfolie over. Tok ein liten smakebit - og store alpakka så bittert det var!

Korfor vart det så bittert? Ekstremt mørk sjokolade som visstnok skal ha eit hint av tobakk, kunne jo ha vore ein peikepinn. Å tilsetje kaffe til så mørk sjokolade, kunne jo vere eit anna hint. Alt i alt så er det slett ikkje så rart det blir bittert; det er jo nesten ikkje sukker i... Men, sjølv om det var ekstremt bittert, så var det likevel ein veldig god smak av sjokolade der ein stad, og eg hadde ikkje det minste lyst til å hive Valrona'en i søpla. Så kva gjer ein då?

80 g lys kokesjokolade
5 cl kremfløyte

Kokte opp fløyten, trakk kjelen av plata. Hakka sjokoladen og løyste den opp i fløyten. Avkjølte i ein bolle, først på benken, så i kjøleskap med plastfolie over. Lot begge blandingane stå over natta.

Dgen etter trilla eg trøflar med ein liten dæsj av den mørke blandinga og ein liten dæsj av den lyse blandinga, før eg til sist rulla dei i vanleg bakekakao:


Trøflane er testa på eit lite og lite representantivt utvalg - opphavet og meg sjølv. Vi likte det. Men eg har dei siste åra forandra smak frå å berre like lys sjokolade, til å mislike lys sjokolade og elske mørk sjokolade.

Eg vil uansett ikkje tilrå den omvegen eg tok ved å lage to sjoladeblandingar. Bruk sjokolade som har rundt 50 - 60 % kakaoinnhald, så vil det helst gå bra. Sjokoladetrøflar er himmelsk godt, og eg skal i alle fall prøve ein gong til før det blir jul :-) Nokon andre som har trøffelerfaringar dei vil dele?

Velbekomme!

søndag 29. november 2009

Første søndag i advent



Søndagsfri i fjøsbygginga til naboen.
Eg burde vaske vindu.