Igjen er det Trine å takke. Denne foccaccia-oppskrifta hennar gir skikkeleg bra foccaccia. Eg synest ikkje foccaccia skal vere for bastant; foccaccia er best når den er nesten litt svampaktig. I denne oppskrifta likte eg balansen mellom mjøl, olje og væske.
Eg fylte foccacciaen med chorizo-spekepølse, svarte oliven, soltørka tomat og coctailtomatar. Liker veldig :-)
Har de prøvd å lage den grønne pestoen? Basilikumpesto er veldig godt, og det er jammen rød pesto også. Eg kjøpte nokre veldig gode soltørka tomatar sist eg var innom Gutta på haugen. Dei måtte utnyttast før dei gjekk til grunne, og då vart dei til rød pesto:
80 g soltørka tomat i olje
20 g rista pinjekjernar
30 g parmesan
salt, peppar, sitronsaft
evt meir olje
Denne gongen kjørte eg alt i full fart med stavmiksaren, men ein kan sjølvsagt bruke morter og gjere det skikkeleg. Eg likar ikkje å ha så mykje olje i, eg blandar heller meir olje i når eg skal bruke pestoen - om det trengst.
Rød pesto er nydeleg til pasta, og det sprekar opp ei kjedeleg kvardagsskive.
Legg linsene i bløyt i ein time (brukar du radue linser er det ikkje nødvendig med bløytleggjing). Surr grønnsakene i litt av smøret. Ha i linsene, sitronsafta og krafta, og la det koke i 30 minutt til linsene er møre. Kjør i blender til alt er most, ha sausen tilbake i kasserollen, og kok inn til ønska smak. Smak til med fløyte (eller mjølk), peppar og eventuelt salt, og kok opp. Rett før servering kjører du sausen i blender saman med kaldt smør i terningar. Du får då ein rik saus med skum.
Eg serverte sausen til breiflabb, men den vil nok piffe opp ein middag med heilt vanlege fiskebollar også. Oppskrift med litt tilpassing frå den fine kokeboka Fisk og vin, utgitt av Gastronomisk Institutt (som no har forvandla seg til Kulinarisk Akademi).
Det trivelege med matblogging, er at ein kan dele oppskrifter som funkar, og ein kan la seg inspirere av andre. Sist prøvde eg meg på appelsinmarmeladen til Alt Godt.
Sia eg ikkje er så glad i whisky, brukte eg cognac i staden. Elles fulgte eg oppskrifta til punkt og prikke. Det smakte godt etter min smak, men det vart kanskje litt sterkt.
Eg har tru på at appelsinmarmelade med cognac skal bli bra på godt brød saman med ein mild og fast kvitost. Julefrokosten kjem absolutt til å ha ein ny smak på bordet i år :-)
Det har gått eit halvt liv sia første gongen eg var borti pesto. Det var ikkje noko hyggeleg møte. Det var hybelliv og hybelkamerat og restar etter pesto på brødfjøla og ein utriveleg smak av - noko heilt framand! - på brunostskiva mi i matpakken...
Sia har pestoen og eg blitt gode venner. Grønn pesto og rød pesto, pesto er godt! Det er nydeleg til pasta, og pesto kan løfte ein litt kjedeleg sandwich til nye høgdar. Heimlaga er godt!
25 g basilikumblad utan stilk
kvitløk
15 g pinjekjernar
15 - 20 g parmesan
1/2 - 1 dl olivenolje
salt
peppar
sitronsaft
Rist pinjekjernene. (Steik dei i tørr panne på middels varme. Dei blir fort svidd, så pass på.) Set til side og avkjøl. Eg brukar morteren, og støter basilikum saman med kvitløk. Fersk kvitløk er veldig sterkt, eit kvart lite fedd held for min smak:
Ha i dei avkjølte pinjekjernene,
og støt vidare:
Ha alt over i ein bolle, ha i halvparten av osten,
og ha i olivenolje nok til at du klarer blande det heile:
Smak. Ha i litt salt, litt peppar,
litt meir ost, litt meir olje, smak.
Og gjenta. Gjenta til du synest det er passe. Litt meir ost? Litt meir peppar? Du bestemmer smak og konsistens heilt sjølv. Når du synest det er passeleg, har du i nokre dråpar sitronsaft heilt til sist.
600 g tørka frukt
400 g nøtter
100 g kveitemjøl
1 ts bakepulver
3 egg
Grovhakk frukten og nøttene. Bland i kveitemjøl og bakepulver. Pisk egga lett saman og arbeid saman til ein deig. Her er det nok inga anna råd enn å ta hendene til hjelp.
Kle ei brødform med bakepapir. Press deigen ned i forma. Dekk toppen med bakepapir.
Steik nestnedst i omnen på 160 grader, i 60 - 80 minutt. Det er ikkje heilt lett å vite når det er passe steikt, men det skal i alle fall ikkje sitje noko fast på fyrstikka. Avkjøl på rist.
Denne oppskrifta har eg klipt ut av Kamille. Eg har brukt aprikos og svisker fordi det er det eg får tak i her, men det er sikkert veldig godt med tørka eple i også. Brødet er nydeleg til blåmuggost og noko søtt, som fikenmarmelade.
Så triveleg at du besøker bloggen min! Her handlar det meste om mat, men livet i nord bringer mange andre gleder som eg også vil dele. Legg gjerne igjen ein kommentar. Du kan nå meg på boefjerding@gmail.com. På Twitter er eg @aasaelvik.