måndag 31. mai 2010

Navnekonkurranse!


Det går i full fart framover med å få på plass kaffebaren. Men kva skal banet heite?!

Butikken heiter i dag Regine, etter forfattaren Regine Normann - Nordlandets forfatterinde.  Regine var fødd i Bø og brukte mykje frå Bø i forfattarskapen sin (både på eine og andre måten). Eventyra hennar har gitt inspirasjon til at Bø kallar seg eventyrkommunen, og kulturfestivalen som blir arrangert sist i juli kallar vi for Reginedagan. (Sjå årets program her.) I denne klesbutikken, Regine, skal det altså  bli både kaffebar, kafé og klesbutikk. Så kva skal staden heite? 

Kom med forslag! Den som har det beste forslaget, får eit gavekort på 500,- når kaffebarklesbutikkafeen opnar :-)) (Om vinnaren ikkje bur i Bø, så sender vi sjølvsagt varer for tilsvarande sum. Det finn vi i tilfelle ut av.) 

Kom igjen! Ver kreative no - bøfjerdingar og anna godtfolk! Skriv forslaga i kommentarfeltet under her.  Fristen er 10. juni. 

(I konkurranseperioden vil bloggen ta pause, for eg skal til Oslo på baristakurs...)


søndag 30. mai 2010

Ønskereprise: Langpannebrød

Eller korfor ikkje kalle det grov foccaccia?

5 dl vatn
200 g lettkokte havregryn
200 g sammalt rug, grov
200 g byggmjøl

Lag først ein fordeig ved at du blandar kaldt vatn med havregryn, rug og byggmjøl. Elt godt, og set under plast i ein halvtime.


5 dl vatn
50 g gjær
4 ss rapsolje
2 ts salt
2 ss sukker
600 sikta kveitemjøl

Deretter varmar du vatnet til 37 grader, løyser opp gjæra i vatnet og har det i fordeigen. Ha i resten av ingrediensane og elt, og elt, og elt. Deigen skal vere litt klissete. Hev deigen på ein lun stad til dobbel storleik. Slå ned, og hev igjen.

Trykk deigen ut i ei langpanne kledd med bakepapir. Bruk ein skarp kniv og skjær nesten igjennom leiven for å dele i passe porsjonsstykke; 4 * 5 er bra i mi form. Pensle med vatn, og strø byggmjøl over i eit tynt lag. Steik midt i omnen på 225 grader i 15 - 20 minutt. Avkjøl på rist. Ikkje la brødet liggje for lenge i panna før du har det over på rista, då blir det fort fuktig.


Brødet får ei god og sprø skorpe, og det blir mjukt og saftig inni. Velbekomme!

laurdag 29. mai 2010

Sist i mai

Vi har endå ikkje komme til juni, men smak av sommar har vi likevel fått dei siste dagane. Så heldige vi er!

fredag 28. mai 2010

Utespising


Sesong for å spise ute no. Det er utruleg kor mykje betre alt smakar når ein et utanfor døra. Her ein lille salat som vart fortært på Sandviksanda i går:

torsdag 27. mai 2010

Tusen takk!


Eg innrømmer at eg hadde ein ganske stor klump i magen i går då eg la ut posten om at det skal bli kaffebar i Bø. I dag er eg veldig letta og glad :-) 

Tusen takk for overveldande positive og oppmuntrande tilbakemeldingar, både på bloggen, Facebook og Twitter - og i levande live. Det kjennest ikkje så skummelt no lenger - det skal bli så bra!


...og om litt, er kaffe(e)n klar ;-)

onsdag 26. mai 2010

Eg skal opne kaffebar i Bø :-)


Etter snart fem månader med grubling, planlegging og neglebiting, er eg no så sikker på at det blir verkeleg, at eg tør å seie det høgt:

Det skal bli kaffebar i Bø!

Å kunne gå på kafé og kjøpe god kaffe er det eg har sakna mest sia eg kom heim til Bø. (Eg har til og med sakna det meir enn sushi.) Kafé-liv er viktig og sjølvsagt for min generasjon; enten vi slenger innom ein kaffebar og hentar ein dobbel-latte-med-ekstralettmelk//ta-med! - eller set oss på vaggel på ein barkrakk med ei avis og ein god kaffe og eitt eller anna godt å spise som vi ikkje klarte å motstå. Det nærmaste vi kjem her i Vesterålen er Miscela kaffebar på Sortland. Miscela er gull! Eg er alltid innom der når eg er på Sortland, men det er tross alt seks mil dit.

(På IKEA-tur på leit etter gode stolar...)

Kaffebaren skal vere der klesbutikken Regine er i dag, ved sida av Ica på Vinje. La meg skunde meg å seie at Regine skal ikkje leggjast ned. Regine er ein klesbutikk som har overlevd i Bø på trofaste kundar og fornuftige valg frå drivarane. Ambisjonen er at vi skal ta med oss alt det gode med Regine vidare, med eit litt fornya kleskonsept. Eg ser ikkje for meg at vi treng å få tak i aboslutt siste skrik i Bø - men gode basisplagg, tøffe skjorter til herre, fine smykke, strømpebukser, stæsj...kort sagt: "slikt som folk treng". 

Og på Regine skal det altså bli kaffebar også. Joda, vi skal også ha vanleg kaffe, men det skal bli mogleg å kjøpe seg ein god latte i Bø. Eg har sakna veldig å kunne gjere det her heime, og eg veit at det er mange som saknar ein slik kafé i Bø. I alle generasjonar. Møteplassar blir det aldri for mykje av i eit lokalsamfunn. Havmannen treningssenter har blitt ein slik super møteplass, og no skal vi altså få ein kaffebar også :-)

På inspirasjonstur på Stockfleth's i Prinsensgate i Oslo. 
Vil ha sånn, sånn og sånn! :-)

Ved sida av den gode kaffen, skal vi tilby heimlaga mat som er laga frå botnen. Ambisjonen er at vi skal bruke mykje lokale råvarer. Store, gode kanelbollar sånn som ein får på alle gode kaffebarar, skal vi sjølvsagt ha i Bø også. Kanskje ein bit av verdens beste ostekake når det er lørdag? Ein kan setje seg med seg eit rundstykke med laks og egg, eller kanskje vil ein heller ta med seg ein bit foaccaccia med kalkun, ruccola og soltørka tomat? Heimlaga knekkebrød er kanskje noko ein har lyst på ein mandagsmorgon, medan brownien fristar mest fredagsettermiddag? Frukt- og nøttebrød med smør og brunost til sein frokost kanskje? 

(Namme-nam-nam!)

Ka dåkker trur? Kunden bestemmer :-) Eg har uansett tenkt å bake - masse!

Dette er skummelt og nervepirrande, men mest er det veldig veldig spennande. Eg gler meg så vanvittig til vi er i gang! No går det for full maskin for at vi skal klare å opne i løpet av sommaren. Så fortel meg, gode bøfjerdingar: Kva vil de ha å spise på kafeen, kva klede ser de for dykk at de vil kjøpe i Bø, kva tenkjer de om opningstid? Fortel meg kva de synest :-))

tysdag 25. mai 2010

Kyllingburger


1 pk kyllingkjøttdeig
4 svarte oliven, hakka
15 g parmesan
2 fedd kvitløk, knust og finhakka
salt, peppar

Rør saman ingrediensane. Form til passe burgerstorleik, og steik dei i panna. Først på god varme på begge sider i omlag eitt minutt, deretter på middels varme til dei er gjennomsteikte. 



Eg arrangerte burgeren med raud og grønn pesto, salat og tomat - inni eit heilt vanleg heimlaga rundstykke. 

Namme-nam!

måndag 24. mai 2010

Bli med rundt Bø :-)


Kvar lørdag klokka 16:30 er det ein gjeng som samlar seg ved Bøhallen. Utstyrt med hjelm, sykkel og vatnflasker legg vi avgarde rundt Bø. OK, kjære kverrulantar - eg er klar over at det ikkje er heilt rundt Bø, men vi syklar i ring, og då er det per definisjon rundt noko. 


Om vi syklar austover eller vestover kjem litt an på vindretninga. Men ein ting er sikkert - motvind er det garantert på turen. Google Map fortel meg at det er 2.85 mil rundt Bø. Det er langt nok til at det er ei god treningsøkt, men terrenget er så fint at det går fint an å sykle berre for turen også. Turen sist lørdag vart utsetttil i dag, så her er bildebevis frå dagens tur:


Shellstasjonen på Straume beviser vel ikkje noko som helst når eg tenkjer meg om. Men det er ein finfin tur! Kom og bli med :-)

søndag 23. mai 2010

Grove vaflar


Eg har sagt det før og seier det igjen: Eg er veeeeldig svak for sånn mjølkemat. Vaflar, pannekaker, sveler...ah. Dessverre er det av dei gode ting i livet der det lønner seg å begrense seg litt. Vaflar og pannekaker har eg stort sett laga på slump og augemål, men i jakta på vaflar som ikkje er riktig så - eh, energitette - som dei ein vanlegvis et, så har eg funne fram til ei oppskrift inspirert av denne oppskrifta som er veldig god. Eg kuttar smør og reduserer sukker, for eg vil heller ha godsakene oppå vafla enn inni, og dessutan kuttar eg kardemomme og legg til litt salt. Vaflane blir veldig mykje betre enn den ser ut til på papiret:

50 g kveitemjøl (gjerne fullkorn)
30 g lettkokte havregryn 
2 dl mjølk 
2 stk egg 
1 bs sukker 
1/4 ts salt 
1/4 ts bakepulver 


Bland det tørre, og spe med mjølka litt etter litt. Rør til slutt inn egga - ikkje rør for mykje, for då blir røra seig. La røra svelle ein god halvtime, og steik.


I desse vaflane brukte eg fullkorn kvitemjøl. Då får du ekstra fiber med på kjøpet, og for å vere heilt ærleg så kjente eg ikkje forskjell frå då eg laga dei med vanleg sikta kvietmjøl. Røra blir temmeleg tyntflytande, men havregryna tar seg av konsistensen, så prøv å steike ei utan å ha i meir mjøl sjølv om røra er tynnare enn du er vant til. Ha eventuelt i ei bs nøytral olje om det vil setje seg i vaffeljernet. Mitt er så innkjørt at det verkar ikkje som det er noko som set seg fast der. 

Velbekomme!

laurdag 22. mai 2010

Kjøttbollar


Berre for å avkrefte alle eventuelle mistankar om matsnobberi - her er gårsdagens lønsj:


"Dagens" på IKEA var overraskande nok - *fanfare* - svenske kjøttbollar. Eg synest dei er gode, eg.

fredag 21. mai 2010

Dei første jordbæra

Kvart år like skuffa! Dei store, raude jordbæra som reiser frå Belgia til butikken i mai kvart år - dei smakar niks-null-nada. Sukk. Dei ser deilige ut, men smakar ikkje stort, og er ikkje det minste søte:


Eg skal ikkje utnytte dette til annan metaforbruk, sjølv om det kan vere fristande nok. Vi får berre vente til dei nordnorske jordbæra kjem. I slutten av juli omtrent.

torsdag 20. mai 2010

Vårdagar i Oslo

OK. Eg innrømmer at vår er fint i Oslo. I alle fall når ein har fri, og slepp sitje heile kvelden på kveldsmøte på Stortinget. Har ein fri i Oslo, så kan ein spise suhsi...


...og softis med ånkli krokan til dessert...

onsdag 19. mai 2010

Salat som smakar godteri


Eg tullar ikkje. Denne salaten smakar godteri. Nydeleg kombinasjon:

Blanda grønn salat
Blåmuggost
Valnøttkjerner
Akasiehonning
Valnøttolje
Balsamikoeddik med fiken

tysdag 18. mai 2010

Mamma sine kjøttkaker

Det er ingenting som slår Mamma sine kjøttkaker :-))

måndag 17. mai 2010

Det var ein gong...


...at eg ikkje fekk sove natt til 17. mai fordi eg gledde meg sånn. Kor vart det av den kjensla? 

Forsvann ho då eg byrja bruke småsko lenge før snøen for? Eller då eg begynte kjøpe nye klede litt oftare enn til 17. mai, til skolestart og til jul? Eller var det pølsene - eg er ikkje særleg glad i pølser (pølser og taco). Kanskje det var pølsene som tok med seg 17. mai-begeistringa?


Neste 17. mai skal eg spise så mykje is som eg berre orkar - kanskje kjensla kjem tilbake då?

søndag 16. mai 2010

Sommarnase


Eg veit ikkje om det er heilt normalt 
å bli lykkeleg for ein lett solbrent nase? 



Ein solbrent nase er eit sikkert sommarteikn. 
Men på bloggen har sommarnasen ingenting å gjere. 


Vårblomster derimot. 
Kvitveisen til opphavet bringer lykke, den òg. 



For ei herleg helg vi fekk i nord! 


laurdag 15. mai 2010

Sommarglede

Eg bur i paradis. Frå vinterføre til 20 grader og sol på ei uke. Etter å ha sykla rundt Bø i dag, så trur eg at morgondagen skal brukast slik:


God helg!

fredag 14. mai 2010

Foccaccia med chorizo, tomat, soltørka tomat og oliven


Igjen er det Trine å takke. Denne foccaccia-oppskrifta hennar gir skikkeleg bra foccaccia. Eg synest ikkje foccaccia skal vere for bastant; foccaccia er best når den er nesten litt svampaktig. I denne oppskrifta likte eg balansen mellom mjøl, olje og væske.


Eg fylte foccacciaen med chorizo-spekepølse, svarte oliven, soltørka tomat og coctailtomatar. Liker veldig :-)

Velbekomme!

torsdag 13. mai 2010

Vårteikn #3


Mæ-æh-æh-hæ!

onsdag 12. mai 2010

Svolvær er fin


tysdag 11. mai 2010

Matlei


Nokre dagar har ein rett og slett ikkje så lyst å lage mat. Rett og slett litt matlei. Slike dagar sender eg Fedon ein fandenivoldsk tanke, og så et eg brødskive med rørt blåbær på til middag.


...men så blir det gjerne omelett til kvelds, for ein blir jo litt saltsjuk når ein ikkje et skikkeleg middag...

måndag 10. mai 2010

Fiskesuppe med kvitvin og fløyte


Etter blåskjelldebuten stod eg att med ganske mykje kraft med kvitvin og fløyte. For god til å kaste, så då måtte det bli fiskesuppe dagen etter, til ei(n):

3 dl fiskekraft
restar av blåskjellkraft
1 lita gulrot
1 bit sellerirot
200 g torsk

Kok opp fiskekrafta. La den koke inn litt om den ikkje alt er passe innkokt. Ha i blåskjellkrafta. Del gulrot og sellerirot i små strimlar. Ha dei i suppa. Kok opp og trekk eit par minutt. Del fisken i spisefine bitar. Ha i suppa, kok opp og trekk i nokre minutt. Det går fort; pass at ikkje fisken blir tørrkokt. Smak til med salt og peppar. Vil du, kan du sjølvsagt ha i sukker og eddik om det er den smaken du er ute etter.


Fort gjort. Sunt. Godt.

Velbekomme!

søndag 9. mai 2010

Lapskaus


Som alle gryterettar, finst lapskaus i mange forskjellige variantar. Eg likar lapskausen heilt enkel:

1 røykt og salta svineknoke
5 gulrøtter
1 liten kålrabi
6 store potetar

Begynn med å koke knoken. Legg han i ei gryte og dekk med usalta vatn. Kok opp, skum av, og la han trekke på rundt 85 grader i 2 1/2 time. 85 grader er så varmt at det nesten boblar, men det skal ikkje boble. Du kan eventuelt prøve med eit steiketermometer. Kjøtt blir tørt og seigt om det kokar; det skal trekke. Medan kjøttet trekker, deler du gulrot, kålrabi og potet i spisefine terningar.

Ta ut kjøttet av krafta og legg det til side. Ha gulrot og kålrabi i ein kasserolle. Smak på krafta - er den passe salt? Passe salt er omtrent så salt at du ville ha ete den som suppe. Er den passe, kan du bruke berre denne krafta. Er den for salt, blandar du den med vatn. Er den for lite salt - vel, det trur eg ikkje at eg har opplevd med svineknoke, men i så fall, må du jo smake til med salt eller buljong, og det gjer du heilt til sist etter at du har hatt i kjøttet.

Ha i kraft (eventuelt blanda med vatn altså) så det dekker litt meir enn halvvegs på gulrot- og kålrabiblandinga i kjelen. Kok opp, og la det småkoke under lokk i 10 minutt. Ha i poteten (5 minutt før om du bruker ein meir seinkoka sort enn mandel), og kok i nye 10 minutt. I mens deler du kjøttet i passelege bitar. Ha det i gryta.

Og no kjem den einaste finessen med lapskaus: Er det passe masse kraft i kjelen? Er det for mykje, så tar du av lokket på slutten av koketida, slik at det får koke inn litt. Er det for lite, er det berre å ha i litt meir kraft eventuelt vatn. Men då er det fort gjort at det kokar for mykje, og at det blir litt grautete. Jeje, det er ikkje så nøye for smaken sin del, og det blir uansett aldri likt frå gong til gong. Medan du held på med desse siste tilpassingane, så smakar du til med salt og peppar. 


Server med flatbrød. Litt sprøsteikt bacon er godt oppå lapskausen (særleg om du har brukt urøykt kjøtt). Purre er også godt til, men vanleg gul løk synest eg ikkje er så godt. Eg har etter kvart skjønt at sellerirot gjer seg til mangslags bruk, men i lapskaus synest eg ikkje den høyrer heilt heime. Men alt dette er smak og behag, og eg er klar over at mange vil aller helst ha ferskkjøtt i.

Velbekomme!

laurdag 8. mai 2010

Pizza med kesam og pesto


Dette er mi pizzadille for tida. Til ein lagar eg ein liten pizzadeig av 50 gram vatn, 100 g durumkveitemjøl, litt olje, salt, litt honning og ein dært med gjær. Deigen får heve godt og lenge før eg kjevlar han ut til ein tyyyynn leiv. Denne får kvile berre ei lita stund før eg legg på fyllet:

2 ss Kesam, mager
3 soltørka tomatar i olje
1-3 fersk tomat
riven kvit ost


Pizzaen steiker eg på max varme i alt mellom 5 og 10 minutt. Det kjem slik an på kor tjukk botnen er, at det nyttar ikkje gi eksakt steiketid. I denne pizzaen er det så mykje smak, at kjøtt er ikkje sakna. Litt riven parmesan og ruccolosalat oppå, når pizzaen er steikt, er også godt. 

Velbekomme!

fredag 7. mai 2010

Master Chef på ferga


Følgjer de med på Master Chef?
Eg lurer på kva Hellstrøm, Vardøen & Gausdal hadde sagt om denne fergemenyen?


Kanskje omtrent slik (gjett kven som seier kva):

- Dette er gode smaker, fin konsistens (...)
- Jeg er en svoren tilhenger av norsk tradisjonsmat (...)
- Litt skjedelig, kanskje? (...) 
- Dette ekke god kaffe, men maten er fin (alle tre!)

torsdag 6. mai 2010

Vårteikn #2


Det er godt det blir vår 
sjølv om ein 
ikkje raka plenen så nøye
då det var haust

onsdag 5. mai 2010

Kyllingkjøttbollar med råsteikte potetar


Nesten helgemat.
Nesten albondigas y patatas bravas, men berre nesten. 

Råsteikte potetar:
2-3 middels store mandelpotetar per person
olivenolje
flaksalt
evt friske urtar

Skrubb potetane godt og grundig med ein skrubbehanske eller noko liknande. Del i båtar på langs, kor mange avhenger av kor tjukke potetane er. (Jo tynnare båtar, jo fortare steikt.) Legg dei i ei eldfast form eller på eit bakepapirkledt steikebrett. Ha over olivenolje i ein tynn stråle, og godt med havsalt og eventuelle urtar. Sett inn nestnedst i forvarma omn på 250 grader, slå ned til 225 grader med ein gong. Steik i 15-30 minutt, avhengig av storleik, til dei er møre og har fått farge.

Enkel tomatsaus:
1 pk hakka tomatar
2 fedd kvitløk
1 chili
olje
salt, peppar, sukker
evt brun maisenna

Eg er ikkje så glad i løk i tomatsausen, men det går sjølvsagt an å ha i det også. Surr pressa og finhakka kvitløk og chili i litt olje, ha i tomatane. Kok - jo lenger jo meir fylde på smaken, men 15-20 minutt er fint. Jamn eventuelt med litt brun maisesenna om sausen er for flytande. (Det er greitt å smake til sausen etter at kjøttbollane har hamna oppi.)

Kyllingkjøttbollar:
1 pk kyllingkjøttdeig
1 egg
4-5 soltørka tomatar i olje, hakka
2 fedd kvitløk, pressa og finhakka
salt, peppar

Bland ingrediensane. Steik ein prøvebolle og kjenn om konsistens og smak er passe. Tips: Er dei for faste, ha i litt creme fraiche eller kesam. Er dei for lause, ha i litt strøkavring. Steik kjøttbollane og kok dei i tomatsausen.


Server med grønn salat. Velbekomme!

tysdag 4. mai 2010

Omnsbakte grønnsaker


Denne retten er rett og slett eit eit lite kinderegg: Den passar til lønsj, som siderett til kjøtt eller fisk, eller som hovedrett med litt brød til:

1 gulrot
1 bit sellerirot
1/2 eple (helst ein syrleg type)
1/2 paprika
1/2 rødløk
3 soltørka tomatar i olje
1 bs olivenolje
2 fedd kvitløk
chevré
salt, peppar, balsamiko

Del gulrot og paprika i stavar. Del sellerirot og eple i terningar. Del løk i båtar. Fres grønnsakene i ei steikepanne med olivenolje, berre slik at det tar farge. Ha det i ei eldfast form. Krydre med salt og peppar. Strimle den soltørka tomaten. Press og hakk kvitløken. Ha det i forma saman med grønnsakene. Bak på 190 grader i 15 - 20 minutt, avhengig av storleiken på grønnsakene. Dei siste 3-4 minutta dryssar du litt chevre over.


Server med friske urtar og litt balsamiko ringla over. Du kan sjølvsagt variere grønnsakene ut frå kva du har tilgjengeleg. 

Velbekomme!

måndag 3. mai 2010

Pestolaks med pasta


Ferske laksefiletar er ein god ting, og sushibehovet er stadig påtrengande. Men etter å ha gått nokre rundar med meg sjølv - og søkt råd på Twitter - så kom eg fram at det var nok ikkje verdt å lage sushi av dei laksefiletane eg hadde. Sååå ferske var dei ikkje. Så då vart det pestolaks i staden:

laksefilet
pesto
pinjekjernar
pasta
parmesan

Legg fisken på bakepapir i ei eldfast form, eller på ei steikeplate. Ha ei barneskei peasto over kvar filet, grovhakk nokre pinjekjernar og strø over. Bak midt i omnen på 150 grader i 12-15 minutt. Pasta er veldig godt til laks, så det kan du jo koke medan fisken blir ferdig i omnen. Ferdig! Godt blir det uansett, men det er ikkje verdt å steike fisken for lenge, så følg litt med på slutten.


Eg høyrer kvitvinen rope på selskap... Velbekomme!

søndag 2. mai 2010

Kakepynting


Eg synest kakepynting er skikkeleg skummelt altså!

Men bur ein i Bø, så må ein jo berre bryte seg på. Her leikar vi ikkje kakebord altså; ratioen kake:gjest i ein gjennomsnittleg Bø-konfirmasjon er omlag 1:2.

(- prøvekakepynting -)

laurdag 1. mai 2010

Ord for dagen



Likegyldighet
av Martin Niemöller


Først tok de kommunistene
men jeg brydde meg ikke
for jeg var ikke kommunist.


Deretter tok de fagforeningsfolkene
men jeg brydde meg ikke
for jeg var ikke fagforeningsmann.


Så tok de jødene
men jeg brydde meg ikke
for jeg var ikke jøde.


Til slutt tok de meg.
Men da var det ingen igjen
til å bry seg.


Kjelde: Wikipedia