Viser innlegg med etiketten Vegetar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vegetar. Vis alle innlegg

laurdag 8. mai 2010

Pizza med kesam og pesto


Dette er mi pizzadille for tida. Til ein lagar eg ein liten pizzadeig av 50 gram vatn, 100 g durumkveitemjøl, litt olje, salt, litt honning og ein dært med gjær. Deigen får heve godt og lenge før eg kjevlar han ut til ein tyyyynn leiv. Denne får kvile berre ei lita stund før eg legg på fyllet:

2 ss Kesam, mager
3 soltørka tomatar i olje
1-3 fersk tomat
riven kvit ost


Pizzaen steiker eg på max varme i alt mellom 5 og 10 minutt. Det kjem slik an på kor tjukk botnen er, at det nyttar ikkje gi eksakt steiketid. I denne pizzaen er det så mykje smak, at kjøtt er ikkje sakna. Litt riven parmesan og ruccolosalat oppå, når pizzaen er steikt, er også godt. 

Velbekomme!

fredag 8. januar 2010

Tex mex vegetar

På tide å komme ut av skapet? Eg liker ikkje taco. Eg et det, om det er det eg får å ete, men eg liker det ikkje. Strengt tatt så liker eg tortilla, nachochips, salat, rømme, guacamole, salsa...det er berre den der tacokrydra kjøttdeigen, den er verkeleg ikkje god. Men Tex Mex kan ein lage av gode ting også. Her er ein variant tilpassa den velkjente januaraktiviteten spiselittsunnereidetnyeåret:

Ha ein pakke chilibønner i ei gryte. Varm og smak til med litt meir tomat (hermetiske grovhakka er praktisk, men all slags tomat går sjølvsagt). Krydre med chili og kvitløk etter smak og salt og sukker. Ein pakke chilibønner er passe mengde til fire tortillalefser. Fordel fyllet på lefsene og pakk saman som wraps. Legg i ei smurt eldfast form, ha over litt salsasaus og topp med ost. Gratiner på 200 grader i om lag 10 minutt. Imens snittar du salat og legg i djupe skåler. Litt frisk tomat, guacamole og salsa er godt ved sida av. (Rømme er også godt, men...)



Dette er eit kjapt og sunt utgangspunkt som kan varierast i det uendelege. Tilset kylling eller kjøttdeig om du ikkje vil ha vegetarvarianten.

Velbekomme!