Viser innlegg med etiketten Ting og tang. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ting og tang. Vis alle innlegg

laurdag 27. mars 2010

Forelska


Forelska? Nei, det ville ikkje vere i tråd med  ambisjonane for bloggen om det kom slike meldingar her. Men her om dagen fekk eg denne nydelegaste billedboka i posten; "Forelska" av Rébecca Dautremer. På vidaregåande skreiv eg særemne om biletbøker for born, og denne boka vekte liv i interessen igjen. Så utruleg fine teikningar. Eg vil ha slike på veggen min!


Biletet er lånt frå 
http://maldemuchos.wordpress.com/2009/02/27/rebeca-dautremer/

God helg! Forelska eller ei ;-)

torsdag 18. mars 2010

Snart helg


Lurar på om det kan bli ei slik helg?

søndag 28. februar 2010

Krone-is


Heimlaga krone-is! Je je, dette er ikkje av dei ting ein gjer så ofte. Det er litt pirkete, men ikkje verre enn at det er verdt det.

Eg kjøpte ferdige kremmarhus, men det går fint an å lage iskjeks sjølv. Kjeksa pensla eg med smelta sjokolade, og så vendte eg dei i kakestrø. Deretter fylte eg med røra til denne vaniljeparfaiten; den hadde altså ikkje vore innom ismaskina. Med ei kule av denne sjokoladeisen, som eg hadde ferdig i frysaren, på toppen så var krone-isen ferdig. 


Har ein nok sjokolade, kan ein ha ein dert av den i botnen av kvar kjeks, slik som på den isen ein kjøper.

Velbekomme!

søndag 31. januar 2010

Friluftsliv lizzm


Korleis steiker ein pinnebrød på bål?


Denne metoden fungerte ikkje...


...ikkje denne heller.

fredag 29. januar 2010

Vinmeny


Eg klarer ikkje å få kunnskap om vin til å setje seg i hjernebarken. Men eg stolar på Vinmonopolet. Der har dei både kunnskap og engasjement, og eg har sjelden vorte skuffa når eg har fulgt råda deira.


Biletet viser vinane vi drakk ved ei veldig spesiell anledning for nokre ukar månader sia. Gul enke (Champagnen med det franske namnet Veuve Clicquot) servert til blini med lodderogn var rett og slett himmelsk. Til svinenakke med rotgrønnsaker og fløtepotetar, drakk vi ein halvtørr Riesling (Weingart), og den likte vi alle. Eg trur kanskje at det var berre eg som syntest at også Riojaen (Baron de Ley Reserva) var god til hovudretten.

Til osten drakk vi portvin, og til desserten drakk vi dessertvin. Men det fall vel eigentleg ikkje i smak hos nokon av oss? Pussig. Eg har då likt portvin andre stader, og sjølv om dessertvin ikkje er nokon favoritt brukar det å vere heilt ok. Det var heldigvis meir igjen av champagnen... Kanskje vi tar tre flasker champagne neste gong i staden for portvin og dessertvin? ;-)

No er det i alle fall fredag - prøve ny vin denne helga? I så fall anbefaler eg den kvite Rieslingen til svinekjøtt. Prøv! Du vil bli overraska over kor godt det matchar. God helg alle glade!

laurdag 23. januar 2010

Lesestoff

Bloggverda er stor og kaotisk, og det er mykje rart å finne. Nedst på sida her ser de ei liste med nokre av dei bloggane eg likar å lese. Sia det er helg, og de kanskje har litt ledig tid, så vil reklamere litt ekstra for bloggen 4 X BÆREPOSE AND BOP TO THE BEAT. Det er veldig morsomt, nesten litt trist og ganske pinleg å lese. Ja, også er det lærerikt. Start med dette innlegget, så skjønner de...

 God helg! 




onsdag 13. januar 2010

Sveler

Sveler er godt! Eg har ikkje turt lage det før, for eg var redd for at det skulle bli for godt... Det var vaflar og pannekaker eg tok laust med på kjøkkenet ein gong på slutten av 80-talet. I 2010 er sjølvkontrollen såpass utvikla, at eg tenkte det var på tide å debutere som svelesteikar. Finst det betre høve enn barnebursdag?



Sveler som er for søte, er triste saker. Eg googla og leste oppskrifter, og kombinerte meg fram til denne varianten:

5 egg
5 ss sukker
5 dl kefir
kveitemjøl
1 ts bakepulver
1 ts hornsalt

Visp saman egga, ha i sukker, og visp til eggedosis. Bland eit par desiliter mjøl med bakepulver og hornsalt. Ha i surmjølk og mjølk vekselvis til passe tjukk røre. (Eg fann ut at om lag som vaffelrøre var passe tjukk røre. Eg målte ikkje mjølmengden som skulle til, men det var meir enn dei to første desilitrane.) Eg steikte dei i tørr panne på middels varme og la dei på rist etterkvart. Svele er godt med smør og brunost, eller syltetøy. Eller ingenting på når dei er heilt ferske.

Bilete? Ehh...oppspiste... Men eg kan kompensere med litt retardasjon for vidarekommande i høve høvet:






laurdag 26. desember 2009

Jul! Frokost! Lenge!






onsdag 23. desember 2009

Småfolk

Endeleg har eg fått helsa på alle nissane. No ventar det kjekkaste eg veit;  vandre rundt i huset og finne plass for kvar enkelt av dei:




Eg seier ikkje god jul riktig endå, men snart... :-)



søndag 20. desember 2009

Bøfjerding i julegave?

Det var med litt delte kjensler at eg oppretta ein blogg med namnet "Bøfjerding". Sia eg var lita har Bøfjerding stått i bokhylla, og det kjennest litt utidig å ta namnet.

Bøfjerding er ei årbok med lokalhistorisk innhald frå Bø. I årets bok har to jubilerande menn fått kvar sine artiklar. Mannen fra havet er 15 år, og det er 150 år sia Knut Hamsun vart fødd. Hamsun jobba i to eitt år som lensmansbetjent og eitt år som omgangsskolelærar i Bø - ikkje mange meter frå der Mannen fra havet står i dag. (Utan at det er nokon større samanheng enn som så. Trur eg.) Blant mykje anna er det også ein artikkel om Sjøbruk som han Petter (i (!)) Brenna har skrive.

Boka er å få tak i rundt om på butikkane i Bø, eller ved å kontakte folk i redaksjonen. Fin julegave til bøfjerdingar som har alt, og anna godtfolk :-)







onsdag 9. desember 2009

Nissar

No er det like før eg får nissekvote. Det er snart ikkje plass til fleire nissar i dette huset, om det er aldri så mykje julehus. Englar er ikkje heilt min greie. Ikkje glitter og sånn heller. Men nissar! Fine nissar vel og merke. Dei må ha gode fjes og fine detaljar. Nedpakka i eskene på loftet, ligg det nokre som er så fine at dei er nesten levande. Forresten, ikkje veit eg om dei livnar til om natta...

Eg har kjøpt nokre nissar i år også. Her er den aller finaste nye; ei nissefrøken inspirert av Carl Larsson:


måndag 7. desember 2009

Til deg, fra meg




Å lage til-fra lappar
høyrer adventa med
her i huset.




Det tar alltid litt tid
å komme i gang,
men til slutt kjem
inspirasjonen.






fredag 4. desember 2009

Årets beste kokebok

Eg har alltid likt å halde på med gjærdeigar. Det er så fasinerande å halde på med dette levande vesenet som gjæra er. Som med stoveplantane, så må ein snakke godt med henne og vere snill og grei, elles går det ikkje. Det er artig at Årets beste kokebok 2009 handlar om bollar og brød:


(foto NRK.no)

Frå grunngjevinga til juryen:

(...) En inntagende bok fra ende til annen, med en sann, uslåelig suksesshistorie om kokken Morten Schakenda som brenner alle bruer og åpner et bakeri oppi dalom, nærmere bestemt i Lom. (...)

Fotografiene av brødbaksten er rene kunstverk, og det er et godt tegn at man straks får lyst til å bake selv.

Gjærdeig er artig; surdeig har eg ikkje villa bryte meg på endå. Men etter å ha bladd litt i denne boka, så trur eg jammen meg det er på tide... To be continued!

torsdag 3. desember 2009

Tilfeldig? Neppe!

Neppe tilfeldig at lasset frå IKEA kom samme dag som denne dumpa ned i postkassen:


Arbeidslysta er berga med musikalen over alle musikalar. Til arbeid! For friheit, likheit, brorskap!

laurdag 28. november 2009

Björg

Eg har fått eit fint bilete av Björg Thorallsdottir opp på veggen:



"En ny verden"
er kjøpt på Galleri Hildreland her heime i Bø. Der kan ein kjøpe fine julegaver! Og bursdagsgaver :-)

Takk til opphavet :-*

fredag 27. november 2009

Pakke!

Pakke i posten er alltid kjekt. Pakke på døra er endå kjekkare.
Pakke på døra + veldig søt venninne = adventskos:


Juhu! Bake meir!

torsdag 26. november 2009

Nostalgi

Sist eg var i Oslo, hadde eg ærend hos skomakaren. Det er ein veldig triveleg ein ikkje langt frå Stortinget, og der kom eg over desse tøflane:



Eg hugsar slike tøflar på mor mi sine føtter då eg var lita, og mor mi seier at eg hadde slike tøflar sjølv, så då er det kanskje ikkje så rart at dei måtte vere med meg heim? Eg bytta gladeleg ein hundrelapp mot slike minne.

Då minste tanteungen såg dei, tok ho dei straks på seg og sa: "Å, dissan tøflan va koselig!" Det er kjekt å kunne smitte den yngste generasjonen med litt nostalgi :-)