Viser innlegg med etiketten Mellommåltid. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mellommåltid. Vis alle innlegg

måndag 12. april 2010

Mango lassi


Eg er veldig glad i blenderen min. Den er ein racer! På ein to tre så lagar han skikkeleg nammenam, slik som Mango lassi. Lassi er ein drikk frå India/Pakistan (er det lov å setje skråstrek slik? det er i Gandhi si ånd altså!), basert på yoghurt, blanda med frukt eller krydder og knust saman med isbitar. Lassi passar perfekt etter eit måltid med sterk mat, eller på ein varm sommardag. Men korfor ikkje lage ein Mango lassi til lønsj sjølv om det ikkje har blitt meir enn april på kalenderen?

mango
yoghurt naturell
isbitar 
evt sukker

Som med alt anna godt, så blir lassien akkurat så god som råvarene. Det kritiske punktet her er mangoen. Den mangoen vi får tak i butikkane, er sjeldan nok moden. Umoden mango er skikkeleg kjipt, og det er i alle fall ikkje vits å prøve å lage Mango lassi av den. Eg brukar leggje mangoen i ei skål saman med nokre tomatar - i romtemperatur. Så snur eg og kjenner litt på han kvar dag medan eg smører meg med tolmod og ventar på at han skal bli moden. Det kan ta nokre dagar, ja.

Så altså - du treng ein fint modna mango. Stikk kniven i den spisse enden, skjer rundt heile frukten. Vri sidelengs til kjøttet løsnar frå steinen. Skjer ut steinen, og skjer av eventuelt kjøtt som sit att på den. Bruk kniven og rut opp fruktkjøttet utan å skjere gjennom skalet. Bruk ei skei, ta ut kjøttet og ha det i ein blender. Ha i yoghurt og masse isbitar. Til 200 g mangokjøtt passar det med omlag 2 dl yoghurt etter min smak.  Kjør i blenderen til fruktkjøttet er most og isbitane så knuste som du får dei. Smak. Ha eventuelt i litt sukker og kjør en runde til med blenderen, men er mangoen fint modna, så er ikkje sukker nødvendig.


Ved sida av heimlaga knekkebrød - nam! Velbekomme!

fredag 2. april 2010

Energibar frå Vaffelhjerte


Ut på påsketur? Kvikk Lunsj i sekken? Ja, det høyrer påska med. I kvardagssekken eller -veska er kanskje denne energibaren frå Vaffelhjerte sin matblogg eit betre alternativ? 


Eg kutta mango og la til litt hakka 70% sjokolade. Dette er skikkeleg nam-nam! God tur ;-)

måndag 25. januar 2010

Graniola; sprø frokostblanding


Graniola er godt til frokost, og det er eit fint mellommåltid. Det er også fint å spise etter trening på kveldstid. Lagar du di eiga blanding, styrer du næringsinnholdet sjølv. Eg synest dei ein kjøper på butikken, er alt for søte. Her har eg tatt utgangspunkt i framgangsmåten på dinmat.aftenposten.no. Eg brukte det eg fann, og som eg hadde lyst på, i skuffer og skap:

2 dl 4-korn
1 dl linfrø, sesamfrø, gresskarkjernar
1 dl solsikkekjernar
1 dl hasselnøtter, grovhakka
1 dl mandlar, grovhakka
2 ss honning
2 ss rapsolje
1 ss kanel
1 ss brunsukker
1 ts sitronsaft
1 dl rosiner
1 dl tørka aprikos

Rist korn, frø og nøtter på 100 grader midt i omnen i eit kvarter. Bland honning, olje, kanel, sukker og sitronsaft i ein bolle, ha i kornblandinga medan den framleis er varm. Rist på 150 grader midt i omnen i 20-30 minutt. Blandinga kjennest mjuk ut når du tar ho ut av omnen, men det blir sprøtt når feitt og sukker blir kaldt. Rør inn tørka frukt. Avkjøl graniolaen, og oppbevar på glas eller i tett boks.



Spis graniola med mjølk, yoghurt, kesam, cottage cheese...det smakar også veldig godt med litt frisk frukt eller bær i lag med.

Velbekomme!

fredag 15. januar 2010

Smoothie


Smoothie og fruktjusar er blant dei gode ting i livet som er for godt til å vere sant, men som faktisk er heilt sant. Det er sunt, og det er godt samtidig! I passeleg mengde sjølvsagt. Som med alt anna godt, kan det blir for mykje av ein god ting ((frukt)sukker i dette tilfellet). Men som hovudregel er smoothie ein fin måte å få i seg meir frukt på, både for store og små.

Eg finn ut at for at ein smoothie skal vere god, så må han vere kald, og det må vere balanse mellom friskheit og sødme. Når smoothie ein sjeldan gong ikkje smakar noko særleg godt, er det enten for søtt, for surt eller ikkje kaldt nok. Det skal noko til at ein smoothie ikkje blir frisk i smaken. Brukar ein jus av grei kvalitet, er i seg sjølv nok. Frukt og bær gir også frisk og god smak. Sødme får ein frå moden (men ikkje overmoden) frukt - som banan, eller pære. Yoghurt eller vaniljekesam gjer også at smoothien blir søtare, og det er visst yoghurten som skil smoothie frå jus. Med frosne bær eller isbitar i blir drikken kald og god.




I dag laga eg denne varianten:
eplejus
1/2 moden pære
2-3 ss vaniljeyoghurt
frosne blåbær
isbitar

Ha væska i før dei andre ingrediansane for å skåne knivane i blenderen. Eg brukar å kjøre ein ekstra runde med isbitanei heilt til slutt, for dei blir sjeldan heilt knuste, og då er det ein fordel at dei andre ingrediensane er kjørt ferdig.