Eg er veldig glad i ost, og alle ysteria som poppar opp rundt omkring i Norges land, gjer meg glad. De som er bøfjerdingar, veit at nesten-nærmaste-naboen min er Gimstad gård som ystar eigen ost. Når dei får tatt nyfjøsen i bruk no snart, så startar dei opp igjen osteproduksjonen også. Eg er særleg glad i kvitosten (ku) deira. Geitost er også godt, og eg har ein liten plan om å prøve å få sendt litt ost frå Aalan gård i Lofoten. Dei produserer økologisk ost, og det er mogleg å bestille osten deira på nettet.
Norsk ost har altså fått mykje større variasjon det siste tiåret, og det er mogleg å finne heilt lokalprodusert ost. I går vart desse ostane fortærte:
Norsk ost har altså fått mykje større variasjon det siste tiåret, og det er mogleg å finne heilt lokalprodusert ost. I går vart desse ostane fortærte:
Ein vellagra Jarlsberg vart også med, mest for sikkerheits skuld. Ostane vart servert med det gode frukt- og nøttebrødet, fikenmarmelade, aprioks innkokt i portvin og rørt tindved. (Det var med andre ord lurt å ønske seg "ting å lage mat av til jul"; takk snille!) Surdeigsbrødet med eple og valnøtter stod også på bordet. Camemberten frå Eiker Gårdsysteri var ein vinnar. Nydeleg!
(Før osten? Rosasteikt kalvesteik med sopprisotto og bakt tomat. Etter osten? Valg mellom sjokoladefondant og pannacotta med kvit sjokolade, begge fulgt av kokt moltecoulis og limemarinert frukt.)
