Viser innlegg med etiketten Iskrem. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Iskrem. Vis alle innlegg

søndag 28. februar 2010

Krone-is


Heimlaga krone-is! Je je, dette er ikkje av dei ting ein gjer så ofte. Det er litt pirkete, men ikkje verre enn at det er verdt det.

Eg kjøpte ferdige kremmarhus, men det går fint an å lage iskjeks sjølv. Kjeksa pensla eg med smelta sjokolade, og så vendte eg dei i kakestrø. Deretter fylte eg med røra til denne vaniljeparfaiten; den hadde altså ikkje vore innom ismaskina. Med ei kule av denne sjokoladeisen, som eg hadde ferdig i frysaren, på toppen så var krone-isen ferdig. 


Har ein nok sjokolade, kan ein ha ein dert av den i botnen av kvar kjeks, slik som på den isen ein kjøper.

Velbekomme!

onsdag 17. februar 2010

Iskrem som smakar haust


De likar is, og er ikkje heilt nøgde med at de ikkje har iskremmaskin, sant? Tru meg på at parfait går fint an å lage utan maskin. Om ein frys i små porsjonsformer, så blir konsistensen heilt akseptabel, og smaken er jo uansett veldig god på heimlaga is, ja, eg synest det er betre enn stort sett all is som er å få kjøpt i butikken. Eg prøvde meg på eit lite eksperiment her om dagen:

Laga vaniljeparfait etter denne oppskrifta. Så blanda eg i nokre spiseskeier med opphavet sin veldig gode rips- og solbærgelé. Eg rørte ikkje så mykje, for eg ville ha nokre bitar av gelé i iskremen. Fraus i porsjonsformer, og dett var dett. Så enkelt, så godt!

her var det eit bilete av 
ein porsjon iskrem som smakar haust
men biletet såg så trasig ut
så eg tok det vekk igjen
iiiiiis!

Fordelen med å bruke gelé framfor for eksempel syltetøy, er at smaken er meir konsentret og du unngår mykje av vatnet som uunngåeleg følgjer med bær.

Velbekomme!

søndag 14. februar 2010

Sjokoladeis med sjokoladebitar og meining


Fastelavnssøndag, morsdag, alle hjerters dag og Mamma sin bursdag. Gratulerer med dagen, Mamma og alle andre som har noko å feire - i dag synest eg de skal unne dykk å lese Ali Esbati:
Jag gillar verkligen chokladglass. Särskilt med hela chokladbitar i. Jag tänker att det skulle vara gott nu, samtidigt som jag funderar över vad som är kärlek, när världen kreverar runt omkring.
Forvirra over samanhengane? Ikkje etter å ha lese Alla hjärtans värld.

tysdag 9. februar 2010

Kaffeis


Likar du kaffe?
Likar du is?

Har du smakt kaffeis?

Vi har alle våre iskremfavorittar. Kaffeisen er ein av mine. Nokre kallar det mokkais, andre cappuccinois, kall den kva du vil:

4 eggeplommar
60 g sukker
10 g ekte vaniljesukker
2,5 dl fløyte
2,5 dl mjølk
2 barneskeier pulverkaffe
1 ss kakao

Kok opp fløyte og mjølk saman med kaffe og kakao, set til side. Visp eggedosis. Rør fløyteblandinga saman med eggedosisen, og varm opp til 80 grader på medium varme medan du rører. Det skal bli ein tjukk eggekrem som heng att på baksida av ei tresleiv. Men pass på at det ikkje kokar, då vil egget koagulere, og det er ikkje mykje stas. Avkjøl kremen, først i romtemperatur, deretter i kjøleskap. Kjør i ismaskin. 


Velbekomme!

fredag 1. januar 2010

Molte <-> vanilje: 3-3

Dommen har falt. Av seks avgitte stemmer fekk molteisen tre stemmer, og vaniljeisen (den ordentlege) tre stemmer.




Puh! Eitt år til neste runde med fem forskjellige sortar iskrem. Men først skal vi ete opp restane av årets produksjon.

Godt nytt år!



Oppdatering 19:05
Etter første reste-omgang, der tre nye gjestar har fått avgi stemme, har vanilje fått 1 ny stemme, medan vanilje med sjokoladebitar har fått 2 stemmer. Då er vanilje (4) i teten, framfor molte (3) og vanilje med sjokoladebitar (2). Chok-la-deisen og kaffekrokan har foreløpig ikkje fått nokon stemmer.   

onsdag 30. desember 2009

Krokanis

Begynn med å lage krokan. Prøv for eksempel Viestad sin variant av persisk krokan:

2 dl sukker
3 ss smør
2 ss honning
50 g skålda mandlar
50 g pistasjnøtter
50 g hasselnøtter
30 g sesamfrø
1/2 ts kardemomme
1 ts ingefær, tørka
1/2 ts chilipulver eller cayennepepper

Ha smør, sukker og honning i ei panne. Eg fekk ei finfin tjukkbotna traktørpanne med teflonbelegg til jul, og den viser seg å vere perfekt til slik brukt. Smelt til det blir lysebrun karamell på medium varme. Dette er ei av stundene då du skal ha tolmod på kjøkkenet. Ikkje set opp varmen sjølv om det skjer lite og sakte, for plutseleg blir det veldig varmt, og då svir deg seg før du rekk å seie ka-ra-mell. Ikkje rør, men rist litt i panna, så det ikkje festar seg i botnen.  Det heile tar om lag ti minutt. Ver forsiktig - dette blir veldig varmt! Ha i krydder, bland. Grovhakk nøttene, ha dei og bland. La det småsteike i 3-4 minutt. Rør inn sesamfrø. Tresleiv eller silikonslikkepott som toler høg varme, er eigna reiskap. Legg eit flak med bakepapir på kjøkkenbenken, og smør krokanen utover så tynt du klarer. Avkjøl.

Lag vaniljeis. Denne enkle parfaiten blir god med krokanbitar i, denne laga på eggekrem blir rein luksus. Knus krokanen til småbitar, med eit kjevle eller i ein kjøkkenmaskin, og ha den i til sist medan ismaskina rører.

Eg reduserte til 1 dl sukker. Eg hadde i meir mandlar og mindre pistasjnøtter, og så var eg jammen meg fri for sesamfrø, så det vart ikkje med i det heile tatt. Eg var nok i meste laget forsiktig - det hadde gått fint å bruke meir sukker - og krydder, og eg kunne ha laga karamellen endå litt mørkare... Men eg gjorde ein vri og hadde 2 ts Nescafé (utrørt i litt kokande vatn) i vaniljeparfaiten, og då vart det ein veldig god kaffekrokanis til slutt.

Velbekomme!



måndag 28. desember 2009

Enkel vaniljeparfait


Iskrem laga av eggekrem er veldig - veldig! - godt. Men det tar tid. Skal du tilsetje annan smak til isen, er det ikkje riktig nødvendig å lage så mykje styr, så her kjem ei enkel grunnoppskrift på vaniljeparfait:

3 eggeplommar
1-3 ss sukker
1 pk fløyte

Visp eggedosis av egg og sukker/vaniljesukker (mengde etter smak). Visp fløyten stiv. Bland eggedosis og krem - voila! Til denne grunnoppskrifta kan du tilsetje kva smak du vil - bær, sjokolade, nøtter - kva som helst. Til nyttårsaften har eg laga ein variant med hakka sjokoladebitar i, og eg trur det blir ein vri med molte også.



Det beste av alt er at denne oppskrifta er godt eigna til å lage is utan ismaskin. Frys i mindre porsjonsformer, så slepp du til og med å røre.

Velbekomme!

søndag 27. desember 2009

Vaniljeis

2,5 dl fløyte
2,5 dl H-mjølk
1 vaniljestang
5 eggeplommar
100 g sukker

Del vaniljestanga på langs, skrap ut frøa og ha det i ein kjele med mjølk og fløyte - ta med vaniljestanga også. Kok opp blandinga. Set til side. Visp saman egg og sukker, det treng ikkje bli heilt til eggedosis. Ta vaniljestanga ut av fløyteblandinga. (Ikkje hiv den! Skyll den og legg den på ein tallerken til tørk. Vi skal lage vaniljesukker av den.)

Kvell fløyteblandinga over eggeblandinga. Visp saman, ha tilbake i kjelen. Og det er no det er om å ha tolmod. Blandinga skal varmast opp, på medium varme medan du rører, til 80 grader. Ikkje meir; då koagulerer egget. Ikkje mindre; då blir ikkje konsistensen på isen så bra. (Eg har med andre ord prøvd begge delar...) Eg finn ut at eg har best kontroll i ein liten tjukkbotna kjele på den minste plata på komfyren. Det brukar å stå i slike oppskrifter at når kremen festar seg på baksida av ei treskei, så er han ferdig. Avkjøl den ferdige vaniljekremen - først i romtemperatur, så i kjøleskap. Kjør deretter i ismaskin.




Velbekomme!

PS. Når eg veit at eg ikkje skal bruke resten av fløyten til noko anna, så brukar eg heile pakken og tilsvarande mindre mjølk.






laurdag 26. desember 2009

Sjokoladeis

(uttales gjerne: chok-la-deis)
2,5 dl fløyte
2,5 dl H-mjølk
100 g sjokolade
20 g kakaopulver
4 eggeplommar
80-100 g sukker

Bland fløyte og mjølk i ein liten tjukkbotna kjele. Hakk sjokoladen, og ha den i kjelen saman med kakaopuveret. Kok opp, rør, pass på at alt er oppløyst. Set til side og avkjøl litt. Visp eggedosis av eggeplommar og sukker. Kvell fløyteblandinga over, bland, og ha alt tilbake i kjelene. Varm over medium varme til det blir ein tjukk eggekrem. Ikkje fall for freistinga til å setje opp varmen meir enn medium. Det skal tjukne gradvis, og det skal ikkje bli for varmt.

Avkjøl; først i romtemperatur, så i kjøleskap. Kjør til iskrem i ismaskin.



Velbekomme!








Iskrem

Jula for to år sia låg det ein iskremmaskin under juletreet. Det har vore til stor glede for slekta. Eg kjem ikkje på så mykje som ikkje smakar betre heimlaga enn det ein kjøper eller lagar av halvfabrikat. Men iskrem som er laga heime, smakar rett og slett noko heilt anna, og mykje mykje betre enn den du kjøper. Nokre (dyre) italienske typar er også veldig gode, det er ikkje det, men det får vi ikkje tak i her i Bø, gjer vi vel?

Iskremmaskina gjer ingenting anna enn å røre rundt medan den frys inn ei røre som du må lage først. Eg har fått nokre spørsmål om det er som ein brødbakemaskin der du har ingrediensane oppi, og så blir det fiks ferdig, men slik er det altså ikkje. Men det er jo innfrysinga som er heile løyndomen med is, så eg synest iskremmaskina er magisk likevel ;-)

Eg veit ikkje om eg kan kalle det ein tradisjon, men det har i alle fall blitt ei ganske uttalt forventning om at vi skal ha minst fem forskjellige typar heimlaga iskrem på nyttårsaften. Og sånn går no romjula... Det er nemleg ein ulempe med iskremmaskina: fryseelementet treng minimum 18 timar i frysaren etter bruk. Eit døgn i praksis. Ein is kvar dag, sånn rundt rekna.



Første året hadde vi vaniljeis, sjokoladeis, kaffeis, jordbærsorbet og blåbæris. I fjor hadde vi vaniljeis, sjokoladeis (ein meir avansert variant enn første året), molteis, mangois - og kva var den siste? Skal tru om det var ein jordbærfløyteis? I år blir det - tja, det blir i alle fall den gode sjokoladeisen, den kjem vi oss ikkje utanom. Vi startar der, og ser korleis det utviklar seg.