Viser innlegg med etiketten Smoothie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Smoothie. Vis alle innlegg

laurdag 27. februar 2010

God helg med frokostsmoothie!


Siste appelsinane eg kjøpte var ikkje noko særleg. Litt sånn tørre i kjøttet. Men til smoothie dug dei. Eg har ikkje juspresse, så eg moser to appelsinar i blenderen og siler vekk fruktkjøttet. Så køyrer eg appelsinsafta saman med litt yoghurt, frosne bær, nokre skeier 4-korn og pittelitt honning. Eg gjer omtrent som med denne frokostsmoothien, men med most appelsin i staden for jus.


Det er fort gjort å lage smoothie, og det er eit fint alternativ om ein ikkje er så glad i frokost. God helg!

onsdag 27. januar 2010

Frokostsmoothie

lett vaniljeyoghurt
jus
frosne blåbær
honning
4-korn
isbitar
evt nokre mandlar eller nøtter

Smak deg fram til passe mengde. 1,5 dl yoghurt, 1 dl eplejus, ein liten neve blåbær, 1/2 ts honning, 4 ss 4-korn passar min smak. Har du ein frukt du synest passar til, så ha i den også. Her får du slike næringsstoff som kroppen treng for å starte dagen: protein (yoghurt), sakte karbohydrat (4-korn), masse vitamin og antioksidant. Du kan også ha i 4-5 mandlar eller valnøtter, men eg synest det er betre å ete dei ved sida av. Nøtter gir deg sunne fettsyrer, og dei hjelper kroppen å ta opp næringsstoffa i frukten. Lurt!



Denne held deg gåande! Å. Det var ikkje riktig like stilig som på engelsk. Vi tar det på engelsk også: This will keep you going!



fredag 15. januar 2010

Smoothie


Smoothie og fruktjusar er blant dei gode ting i livet som er for godt til å vere sant, men som faktisk er heilt sant. Det er sunt, og det er godt samtidig! I passeleg mengde sjølvsagt. Som med alt anna godt, kan det blir for mykje av ein god ting ((frukt)sukker i dette tilfellet). Men som hovudregel er smoothie ein fin måte å få i seg meir frukt på, både for store og små.

Eg finn ut at for at ein smoothie skal vere god, så må han vere kald, og det må vere balanse mellom friskheit og sødme. Når smoothie ein sjeldan gong ikkje smakar noko særleg godt, er det enten for søtt, for surt eller ikkje kaldt nok. Det skal noko til at ein smoothie ikkje blir frisk i smaken. Brukar ein jus av grei kvalitet, er i seg sjølv nok. Frukt og bær gir også frisk og god smak. Sødme får ein frå moden (men ikkje overmoden) frukt - som banan, eller pære. Yoghurt eller vaniljekesam gjer også at smoothien blir søtare, og det er visst yoghurten som skil smoothie frå jus. Med frosne bær eller isbitar i blir drikken kald og god.




I dag laga eg denne varianten:
eplejus
1/2 moden pære
2-3 ss vaniljeyoghurt
frosne blåbær
isbitar

Ha væska i før dei andre ingrediansane for å skåne knivane i blenderen. Eg brukar å kjøre ein ekstra runde med isbitanei heilt til slutt, for dei blir sjeldan heilt knuste, og då er det ein fordel at dei andre ingrediensane er kjørt ferdig.