Viser innlegg med etiketten Reise. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Reise. Vis alle innlegg

laurdag 22. mai 2010

Kjøttbollar


Berre for å avkrefte alle eventuelle mistankar om matsnobberi - her er gårsdagens lønsj:


"Dagens" på IKEA var overraskande nok - *fanfare* - svenske kjøttbollar. Eg synest dei er gode, eg.

torsdag 20. mai 2010

Vårdagar i Oslo

OK. Eg innrømmer at vår er fint i Oslo. I alle fall når ein har fri, og slepp sitje heile kvelden på kveldsmøte på Stortinget. Har ein fri i Oslo, så kan ein spise suhsi...


...og softis med ånkli krokan til dessert...

torsdag 28. januar 2010

Ut og spise i Oslo


Ut og spise? Kor skal vi gå?
Her er mine 10 favorittar i Oslo:
  1. Dinner (Stortingsgata, sentrum)
    - Herleg og sterk mat frå det kinesiske Szechuan-kjøkkenet; dette liknar ikkje det minste på kinamaten som nokon har lurt nordmenn til å tru at kinamat er. Rimeleg sett i forhold til kvaliteten.

  2. Plah Bar og Restaurant (Hegdehaugsveien, Homansbyen)
    - Thai-inspirert europeisk kjøkken. Alltid spennande og smakfullt.

  3. Villa Paradiso (Olaf Ryes Plass, Grünerløkka)
    - Sånn skal pizza smake! Min favoritt er den med fire ostar, og så ber eg pent om å få litt ruccola oppå. Nam!

  4. Alex sushi (Cort Adelers gate, Solli plass)
    - Beste sushien i byen. Mat blir kunst.

  5. San Leandro (Sporveisgata, Majorstua)
    - Min absolutte favoritt når det kjem til tapas i Oslo. Smakar (nesten) like godt som i Spania.

  6. Trancher (Thorvald Meyers gate, Grünerløkka)
    - Byens beste biff! Langtidssteikt entrecote med nydeleg tilbehør.

  7. Arakataka (Mariboesgate, sentrum)
    - Dagens 3-retter med vinmeny er eit kupp; klassisk kjøkken, gjennomført.

  8. Coco (Dronning Mauds gate, Vika)
    - Ukomplisert asiatisk mat. Alltid godt.

  9. Mitsu Kafé (Møllergata, sentrum)
    - Billig sushi, men veldig bra kvalitet. Rause bitar. Sjarmerande shabby lokale.

  10. Oriental (Arbeidergata, sentrum)
    - Lillesøster til Dinner med (nesten) like god mat, men billegare og oftare ledig bord.

Denne lista er forsøksvis tilpassa middels lønnsinntekt, og ikkje studentøkonomi for eksempel. Eg har utelate nokre åpenbare favorittar på grunn av prisnivå; slik som Bagatelle (RIP), Restaurant Eik Annen Etage, Staholdergaarden... Men for all del - har du råd, har du lov; du får det du betaler for.

Det er nok nokre sjølvsagte restaurantar som ikkje står på lista. Det er kanskje fordi eg ikkje har vore der? Eller vart eg skuffa? Eller så nådde dei rett og slett ikkje opp på topp 10. Eg trur uansett ikkje at eg lagar ei negativ-liste.

Det er mykje godt å finne i Oslo. Det fasinerande er at om du går ti minutt vekk frå Karl Johan (ehe, Stortinget), og om du legg ein femtilapp ekstra i potten i forhold til turist-/bønderibyen-/altforsultenpåturheimfrajobb-fellene midt i sentrum, så kan du få verkeleg god mat.

Neste gong eg er i Oslo har eg tenkt å teste Four Seasons. Om ikkje de har andre favorittrestaurantar som de vil dele? Legg gjerne igjen eit tips her :-)



Extra service...
Special Occasion: Nr. 1, 2, 4, 7
Spontanious Night Out: Nr. 5, 8, 9, 10
Safest to Make a Table Reservation: Nr. 1, 2, 3, 4, 6, 7
After Work (Out): Nr. 3, 5, 6, 8, 9, 10 


tysdag 15. desember 2009

Urbane gleder vol II

Sukk.
Stockfleth's.




Såg rart på oss på Bristol.
Gjekk på Kaffistova.



Saknar Aftenposten.
Kan i alle fall ta med godkaffe heim.



Øl.
:-D



Skal prøve å lage trøflar igjen
når eg kjem heim.


Snart jul.
Tung koffert.

søndag 13. desember 2009

Urbane gleder


Sjå bergenservenner på stortingstv:



Spise sushi (endelig!):



Bli sjarmert av matprodusentengasjement:



Spise suppe av franske norgesglass:



Bli glad for fin norsk design:



Spise tapas:



Drikke veldig god vin til vedig god mat
(fortsettelse følger i neste episode):