Viser innlegg med etiketten Oppskrifter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Oppskrifter. Vis alle innlegg

søndag 23. mai 2010

Grove vaflar


Eg har sagt det før og seier det igjen: Eg er veeeeldig svak for sånn mjølkemat. Vaflar, pannekaker, sveler...ah. Dessverre er det av dei gode ting i livet der det lønner seg å begrense seg litt. Vaflar og pannekaker har eg stort sett laga på slump og augemål, men i jakta på vaflar som ikkje er riktig så - eh, energitette - som dei ein vanlegvis et, så har eg funne fram til ei oppskrift inspirert av denne oppskrifta som er veldig god. Eg kuttar smør og reduserer sukker, for eg vil heller ha godsakene oppå vafla enn inni, og dessutan kuttar eg kardemomme og legg til litt salt. Vaflane blir veldig mykje betre enn den ser ut til på papiret:

50 g kveitemjøl (gjerne fullkorn)
30 g lettkokte havregryn 
2 dl mjølk 
2 stk egg 
1 bs sukker 
1/4 ts salt 
1/4 ts bakepulver 


Bland det tørre, og spe med mjølka litt etter litt. Rør til slutt inn egga - ikkje rør for mykje, for då blir røra seig. La røra svelle ein god halvtime, og steik.


I desse vaflane brukte eg fullkorn kvitemjøl. Då får du ekstra fiber med på kjøpet, og for å vere heilt ærleg så kjente eg ikkje forskjell frå då eg laga dei med vanleg sikta kvietmjøl. Røra blir temmeleg tyntflytande, men havregryna tar seg av konsistensen, så prøv å steike ei utan å ha i meir mjøl sjølv om røra er tynnare enn du er vant til. Ha eventuelt i ei bs nøytral olje om det vil setje seg i vaffeljernet. Mitt er så innkjørt at det verkar ikkje som det er noko som set seg fast der. 

Velbekomme!

onsdag 19. mai 2010

Salat som smakar godteri


Eg tullar ikkje. Denne salaten smakar godteri. Nydeleg kombinasjon:

Blanda grønn salat
Blåmuggost
Valnøttkjerner
Akasiehonning
Valnøttolje
Balsamikoeddik med fiken

fredag 14. mai 2010

Foccaccia med chorizo, tomat, soltørka tomat og oliven


Igjen er det Trine å takke. Denne foccaccia-oppskrifta hennar gir skikkeleg bra foccaccia. Eg synest ikkje foccaccia skal vere for bastant; foccaccia er best når den er nesten litt svampaktig. I denne oppskrifta likte eg balansen mellom mjøl, olje og væske.


Eg fylte foccacciaen med chorizo-spekepølse, svarte oliven, soltørka tomat og coctailtomatar. Liker veldig :-)

Velbekomme!

måndag 10. mai 2010

Fiskesuppe med kvitvin og fløyte


Etter blåskjelldebuten stod eg att med ganske mykje kraft med kvitvin og fløyte. For god til å kaste, så då måtte det bli fiskesuppe dagen etter, til ei(n):

3 dl fiskekraft
restar av blåskjellkraft
1 lita gulrot
1 bit sellerirot
200 g torsk

Kok opp fiskekrafta. La den koke inn litt om den ikkje alt er passe innkokt. Ha i blåskjellkrafta. Del gulrot og sellerirot i små strimlar. Ha dei i suppa. Kok opp og trekk eit par minutt. Del fisken i spisefine bitar. Ha i suppa, kok opp og trekk i nokre minutt. Det går fort; pass at ikkje fisken blir tørrkokt. Smak til med salt og peppar. Vil du, kan du sjølvsagt ha i sukker og eddik om det er den smaken du er ute etter.


Fort gjort. Sunt. Godt.

Velbekomme!

søndag 9. mai 2010

Lapskaus


Som alle gryterettar, finst lapskaus i mange forskjellige variantar. Eg likar lapskausen heilt enkel:

1 røykt og salta svineknoke
5 gulrøtter
1 liten kålrabi
6 store potetar

Begynn med å koke knoken. Legg han i ei gryte og dekk med usalta vatn. Kok opp, skum av, og la han trekke på rundt 85 grader i 2 1/2 time. 85 grader er så varmt at det nesten boblar, men det skal ikkje boble. Du kan eventuelt prøve med eit steiketermometer. Kjøtt blir tørt og seigt om det kokar; det skal trekke. Medan kjøttet trekker, deler du gulrot, kålrabi og potet i spisefine terningar.

Ta ut kjøttet av krafta og legg det til side. Ha gulrot og kålrabi i ein kasserolle. Smak på krafta - er den passe salt? Passe salt er omtrent så salt at du ville ha ete den som suppe. Er den passe, kan du bruke berre denne krafta. Er den for salt, blandar du den med vatn. Er den for lite salt - vel, det trur eg ikkje at eg har opplevd med svineknoke, men i så fall, må du jo smake til med salt eller buljong, og det gjer du heilt til sist etter at du har hatt i kjøttet.

Ha i kraft (eventuelt blanda med vatn altså) så det dekker litt meir enn halvvegs på gulrot- og kålrabiblandinga i kjelen. Kok opp, og la det småkoke under lokk i 10 minutt. Ha i poteten (5 minutt før om du bruker ein meir seinkoka sort enn mandel), og kok i nye 10 minutt. I mens deler du kjøttet i passelege bitar. Ha det i gryta.

Og no kjem den einaste finessen med lapskaus: Er det passe masse kraft i kjelen? Er det for mykje, så tar du av lokket på slutten av koketida, slik at det får koke inn litt. Er det for lite, er det berre å ha i litt meir kraft eventuelt vatn. Men då er det fort gjort at det kokar for mykje, og at det blir litt grautete. Jeje, det er ikkje så nøye for smaken sin del, og det blir uansett aldri likt frå gong til gong. Medan du held på med desse siste tilpassingane, så smakar du til med salt og peppar. 


Server med flatbrød. Litt sprøsteikt bacon er godt oppå lapskausen (særleg om du har brukt urøykt kjøtt). Purre er også godt til, men vanleg gul løk synest eg ikkje er så godt. Eg har etter kvart skjønt at sellerirot gjer seg til mangslags bruk, men i lapskaus synest eg ikkje den høyrer heilt heime. Men alt dette er smak og behag, og eg er klar over at mange vil aller helst ha ferskkjøtt i.

Velbekomme!

laurdag 8. mai 2010

Pizza med kesam og pesto


Dette er mi pizzadille for tida. Til ein lagar eg ein liten pizzadeig av 50 gram vatn, 100 g durumkveitemjøl, litt olje, salt, litt honning og ein dært med gjær. Deigen får heve godt og lenge før eg kjevlar han ut til ein tyyyynn leiv. Denne får kvile berre ei lita stund før eg legg på fyllet:

2 ss Kesam, mager
3 soltørka tomatar i olje
1-3 fersk tomat
riven kvit ost


Pizzaen steiker eg på max varme i alt mellom 5 og 10 minutt. Det kjem slik an på kor tjukk botnen er, at det nyttar ikkje gi eksakt steiketid. I denne pizzaen er det så mykje smak, at kjøtt er ikkje sakna. Litt riven parmesan og ruccolosalat oppå, når pizzaen er steikt, er også godt. 

Velbekomme!

onsdag 5. mai 2010

Kyllingkjøttbollar med råsteikte potetar


Nesten helgemat.
Nesten albondigas y patatas bravas, men berre nesten. 

Råsteikte potetar:
2-3 middels store mandelpotetar per person
olivenolje
flaksalt
evt friske urtar

Skrubb potetane godt og grundig med ein skrubbehanske eller noko liknande. Del i båtar på langs, kor mange avhenger av kor tjukke potetane er. (Jo tynnare båtar, jo fortare steikt.) Legg dei i ei eldfast form eller på eit bakepapirkledt steikebrett. Ha over olivenolje i ein tynn stråle, og godt med havsalt og eventuelle urtar. Sett inn nestnedst i forvarma omn på 250 grader, slå ned til 225 grader med ein gong. Steik i 15-30 minutt, avhengig av storleik, til dei er møre og har fått farge.

Enkel tomatsaus:
1 pk hakka tomatar
2 fedd kvitløk
1 chili
olje
salt, peppar, sukker
evt brun maisenna

Eg er ikkje så glad i løk i tomatsausen, men det går sjølvsagt an å ha i det også. Surr pressa og finhakka kvitløk og chili i litt olje, ha i tomatane. Kok - jo lenger jo meir fylde på smaken, men 15-20 minutt er fint. Jamn eventuelt med litt brun maisesenna om sausen er for flytande. (Det er greitt å smake til sausen etter at kjøttbollane har hamna oppi.)

Kyllingkjøttbollar:
1 pk kyllingkjøttdeig
1 egg
4-5 soltørka tomatar i olje, hakka
2 fedd kvitløk, pressa og finhakka
salt, peppar

Bland ingrediensane. Steik ein prøvebolle og kjenn om konsistens og smak er passe. Tips: Er dei for faste, ha i litt creme fraiche eller kesam. Er dei for lause, ha i litt strøkavring. Steik kjøttbollane og kok dei i tomatsausen.


Server med grønn salat. Velbekomme!

tysdag 4. mai 2010

Omnsbakte grønnsaker


Denne retten er rett og slett eit eit lite kinderegg: Den passar til lønsj, som siderett til kjøtt eller fisk, eller som hovedrett med litt brød til:

1 gulrot
1 bit sellerirot
1/2 eple (helst ein syrleg type)
1/2 paprika
1/2 rødløk
3 soltørka tomatar i olje
1 bs olivenolje
2 fedd kvitløk
chevré
salt, peppar, balsamiko

Del gulrot og paprika i stavar. Del sellerirot og eple i terningar. Del løk i båtar. Fres grønnsakene i ei steikepanne med olivenolje, berre slik at det tar farge. Ha det i ei eldfast form. Krydre med salt og peppar. Strimle den soltørka tomaten. Press og hakk kvitløken. Ha det i forma saman med grønnsakene. Bak på 190 grader i 15 - 20 minutt, avhengig av storleiken på grønnsakene. Dei siste 3-4 minutta dryssar du litt chevre over.


Server med friske urtar og litt balsamiko ringla over. Du kan sjølvsagt variere grønnsakene ut frå kva du har tilgjengeleg. 

Velbekomme!

måndag 3. mai 2010

Pestolaks med pasta


Ferske laksefiletar er ein god ting, og sushibehovet er stadig påtrengande. Men etter å ha gått nokre rundar med meg sjølv - og søkt råd på Twitter - så kom eg fram at det var nok ikkje verdt å lage sushi av dei laksefiletane eg hadde. Sååå ferske var dei ikkje. Så då vart det pestolaks i staden:

laksefilet
pesto
pinjekjernar
pasta
parmesan

Legg fisken på bakepapir i ei eldfast form, eller på ei steikeplate. Ha ei barneskei peasto over kvar filet, grovhakk nokre pinjekjernar og strø over. Bak midt i omnen på 150 grader i 12-15 minutt. Pasta er veldig godt til laks, så det kan du jo koke medan fisken blir ferdig i omnen. Ferdig! Godt blir det uansett, men det er ikkje verdt å steike fisken for lenge, så følg litt med på slutten.


Eg høyrer kvitvinen rope på selskap... Velbekomme!

fredag 30. april 2010

Cookies med lime og valmuefrø


"Duften av nybakt"
 er ikkje det verste matprogrammet eg har sett på tv. Sjølv om det er veldig britisk *knis*


Eg prøvebakte nyleg cookies etter denne oppskrifta. Dei smakar i hovudsak...smør, men valmuefrø og limeskal gav ein fin tvist. Eg trur likevel ikkje det blir nokon favoritt. Dei er litt for heavy. Nokon som bakar gode cookies dei har lyst å dele? 

torsdag 29. april 2010

Aspargessuppe


Dette kan vel knapt kallast ei oppskrift. Det er den aller enklaste måten å lage aspargessuppe på - det går om ikkje fortare, så i alle fall like fort som å lage posesuppe:

1 glas asparges (330 g inkludert lake)
3 dl vatn
1 ss flytande kyllingbuljong
1 bs maisenna (kvit)
1 ss matfløyte
peppar

Bland laken frå aspargesglaset, vatn og buljong i ein kjele, og kok opp. Ha i aspargesen, og kjør i ein blender til aspargesen er finmosa. Ha tilbake i kjelen. Rør ut maisenna i fløyten, og ha det i kjelen. Kok opp under omrøring, og la småkoke i 2 minutt. Smak til med peppar og eventuelt meir kyllingbuljong.


Eg likar kvitt kjøtt saman med asparges, så vil du drøye suppa kan du gjere som eg har gjort her - dele ein tiloversblitt kalkunfilet i mindre bitar og varme i omnen (saman med brødet som du sikkert skal ha til suppa likevel). Då har du komplett middag for ein.

Vil du drøye suppa, brukar du meir kraft og eventuelt meir fløyte. Men aspargessuppe skal no helst smake asparges. Meir fænsi blir det sjølvsagt om du brukar heimkoka kraft, eggeplomme, flesk... Det tar ikkje lenger tid. Det krev berre litt meir planlegging på førehand ;-)

Velbekomme!

onsdag 28. april 2010

Blåskjelldebut


Oi. Dette gjekk fort! Eg har laga blåskjell for første gong. Eg fann ein pakke med ferdigdampa skjell frå Lofoten i frysedisken og gjorde omtrent som det stod på pakken:

2 fedd kvitløk
1 finhakka sjalottløk
1 ss smør
1 dl kvitkvin
500 g dampa blåskjell
1 dl matfløyte

Surra kvitløk og løk i smør på middels varme til løken var mjuk. Hadde i kvitvin og blåskjell, sette på lokk, rista kraftig på kjelen, og kokte opp. Så silte eg krafta over i ein anna kjele, hadde i fløyten og kokte opp - medan eg heldt blåskjella varme under lokk i den første kasserollen. Hadde krafta over skjella og - ferdig!


Det vart godt. Men blåskjella var for salte. Det er vel ikkje stort eg kan gjere med det? Høyrer de Lofoten, de må ha mindre salt i krafta når de dampar skjella. Takk. 

Det var uansett verdt å prøve, og no som eg har prøvd, så skal eg då tørre prøve med skjell som ikkje er dampa på førehand også. Om eg finn. Eg fekk forresten mykje kraft til overs; den skal bli fiskesuppe - nam-nam!

Velbekomme!

tysdag 27. april 2010

Cannelloni med kylling- og spinatfyll


For å vere heilt ærleg: Cannelloni har eg visst aldri spist før. Har de? Eg kan ikkje ein gong hugse at eg har sett det på menyen nokon stad. Så dumt! Dette er jo så godt. Første forsøk med cannelloni vart slik etter ein gløtt hos Opplysningskontoret for egg og hvitt kjøtt (til ei(n)):

2 lasagneplater
100 g kyllingkjøttdeig
8 frosne spinatklumpar
1 ss kremost
1 fedd kvitløk, knust og finhakka
parmesan
salt, peppar, chili

Kok lasagneplatene i rikeleg lettsalta vatn i 3-4 minutt. (Eg kokte i 5, det var for lenge.) La dei renne godt av i eit dørslag, legg dei på eit bakepapir smurt med litt olje. Innimellom lagar du fyllet:

Steik kyllingkjøttdeigen på middels sterk varme. Slå ned til svak varme, ha i spinaten rett frå frysaren, ha i kvitløk og trekk kjelen litt til side; spinaten vil helst ikkje ha det så varmt. Ha i osten, og surr til alt er gjennomvarmt. Smak til med krydder og eventuelt meir ost.


Fordel fyllet på pastaplatene, rasp litt parmesan over. Rull saman - ha eventuelt ost til gratinering på toppen - og steik på 225 grader i 10 minutt.

Like sterk som Skipper'n - tjoho! Server med grønn salat og godt brød. Eg hadde litt kvitløksalsa og kesam over berre for å få litt meir futt. Men kanskje er det godt å berre ha litt vanleg tomatsaus over før ein set det i omnen? 

Velbekomme!  



søndag 25. april 2010

Lekkermunn sine blåbærmuffins


Oppskrifta på nydelege blåbærmuffins frå Lekkermunn finn du her. Ikkje veldig søte, ikkje veldig feite - men med yoghurt naturell som gir både fin konsistens og god smak. 


Herved anbefalt! Dei er saftige og smakfulle og lette i konsistensen. Eg gjorde som i oppskrifta, bortsett frå at eg brukte frosne bær for fargen sin del. Eg er litt usikker på korfor det ser ut som dei held på å tippe over på biletet, men pytt. Nam!

laurdag 24. april 2010

Enkel ostekake


Om du vil, så kan du tenkje på at denne ostekaka frå dinmat.no er litt sunnare enn andre kaker, men den er først og fremst veldig smakfull og veldig enkel. Havregryn, sjokolade, cottage cheese, yoghurt og gelé er alt som skal til. Kaka lagar du på ein-to-tre.


Eg brukte sitrongele, kirsebærjoghurt og ein rest av kreklinggeleen frå i haust. Men det går godt an å bruke gelatin og heile bær i staden for gelé på pakke. Det har eg gjort i ein fromasj som det kjem oppskrift på ein annan dag. 

God helg! 

onsdag 21. april 2010

Torskegryte med sprø grønnsaker og kokosmelk


Dei fleste av oss har det vel slik at vi helst skulle ha spist endå litt meir fisk og endå litt meir grønnsaker, sånn reint ernæringsmessig. Gryter er ein god ting. Denne gryta vart til ein dag eg ikkje visste kva eg skulle gjere med torsken. Måla er for ein - men det er jo ein enkel sak å tilpasse dette til mange:

200 g torskefilet
1/2 boks kokosmelk, lett
1 lita gulrot
8 sukkererter
5 minimais
1 chili
1/4 boks vannkastanjer
ein bit purre
soyasaus, sweetchilisaus, limesaft

Del grønnsakene i passe store bitar. Det er ikkje så nøye, men ingen vits å dele for smått, det skal vere litt tyggemotstand. Ha grønnsakene i ei gryte. Del fisken i passelege spisebitar, 4 cm omlag. Bland kokosmjølk med 1 ss soyasaus, 1 ss limesaft, 1 ss sweetchilisaus, og ha i gryta. Kok opp og la det putre i 5-10 minutt. Smak til undervegs. Retten blir ferdig på 1-2-3, så pass på at ikkje torsken blir for mykje kokt.


Server med ris eller nudlar til. Eg brukte ei spaghettisleiv og lot (mesteparten av) kokosmjølka bli igjen i kjelen. Veldig godt, og veldig veldig sunt! Velbekomme!

tysdag 20. april 2010

Bayonneskinke med potetmos


Ingeting fænsi i dag, men ein smakfull kombinasjon: 

Kok bayonneskinka om den ikkje er ferdigkokt. Det trengst meir koketid enn det som står på pakken - alltid.

Kok potet i terningar saman med litt sellerirot i usalta vatn. Bruk ein potetstampar og knus poteten og sellerirota. Ha i ein klatt smør (ein liten klatt til kvardags), og spe med mjølk til passe konsistens. Smak til med salt og (kvit) peppar. 

Del gulrot, kålrot og eventuelt meir sellerirot i terningar. Wok til dei ikkje er heilt møre, og ha over 1ss honning. Eventuelt kan du koke grønnsakene til dei ikkje er heilt møre. Skyll grønnsakene i iskaldt vatn for å stoppe kokeprosessen. Fres grønnsakene i panna rett før servering. Ha over honning rett før servering.


Saus er unødvendig her; det er nok smak. Skinka kan du koke på førehand og varme opp om du vil spare tid. Restar av skinka er supert pålegg. 

Velbekomme!

måndag 19. april 2010

Gjesteblogg:
Anna lagar Kylling Satay Sa-teh/satè/satay


Det er mange som likar seg på kjøkkenet, og no er det på tide med litt gjesteblogging her på Bøfjerding. Først ut er Anna Ljunggren. Ho er veldig snill og veldig klok, og ein veldig god stortingsrepresentant for Nordland. Dessutan lagar ho god mat, og i dag deler ho Kylling Satay med oss:   

Kylling Satay er en kjent indonesisk rett, som serveres på mange thailandske restauranter. Satay betyr ikke, som mange tror, peanøttsaus, men grillspyd. Det finnes uttalige oppskrifter på denne retten. Noen marinerer kyllingen i honning, noen bruker tamarindsaus, andre kyllingbuljong eller østerssaus. Jeg har valgt å bruke fiskesaus, denne får du tak i innvandrerbutikker eller godt utstyrte dagligvarebutikker. De store merkene Blue Dragon og Santa Maria har fiskesaus. Fiskesaus er det indonesiske og thailandske svaret på soyasaus, begge sausene brukes for å salte maten. Koriander hører jo som kjent hjemme i asiatisk mat, jeg er ikke noe fan av denne urten og har derfor kuttet den ut i min oppskrift. Til 2 sultne:

Kyllingspyd
4-5 trespyd
3 kyllingfileter
2 ss fiskesaus
2 ss solsikkeolje
Ca 1 cm fersk ingefær
En halv rød chili, etter smak
Litt gurkemeie
1 ts karri
1 hvitløksbåt

Bland fiskesaus, olje og krydder i en bolle. Kutt kyllingfiletene i passe biter, og sett det til marinering. Jo lengre jo bedre, men ½ time holder. 

Trespydene legges i vann ca ½ time før de skal brukes, dette for å unngå at de tar fyr når du legger de på grillen/ i ovnen. Jeg grillet kyllingspydene på 200-225 grader, i ca 7-10 min.

Peanøttsaus
2 sjalottløk
1 ts solsikkeolje
3 ss brunsukker
200 gr usalta peanøtter (kan byttes ut med peanøttsmør)
1 boks (4dl) kokosmelk
2 ss fiskesaus
2 ts chilipasta (sambal oelek)
1 ts karri
Litt spisskummin
Saft fra ½ lime

Hakk peanøttene, enten for hånd eller i en foodprosessor/blender (ikke for lenge, da blir det peanøttsmør). Finhakk løken og fres den i kasserollen i litt olje. Tilsett brunsukker og rør godt. Tilsett kokosmelk og fiskesaus, la det koke. Tilsett så peanøtter, chilien, karri, spisskummin og saften fra en halv lime. Kok i 10 minutter.

Server med ris og eventuelt litt salat.


Om ikkje dette både ser og høyrest godt ut, så veit ikkje eg. Takk Anna! Det blir jammen meg Kylling Satay i Bø også ein vakker dag!

søndag 18. april 2010

"Verdens beste ostekake" ?


Ostekake høyrer med når det er brunch, seier amerikanarane. Når ein først skal fråtse, så kan ein jo gjere det med stil? På dinmat.no kom eg over oppskrifta til det som visst skulle vere den beste ostekaka i verda. Det spørs om ikkje det stemmer, det...


Oppskrifta på det som skal vere den beste ostekaka i verda, finn du her. Det er fleire oppskrifter som liknar på denne, og i dei fleste er også det øvste laget steikt. Eg likte denne varianten med syrleg stivpiska topping. Her er kaka servert med bjørnebærcoulis. Litt frynsete i kantane er ho fordi eg gjorde ein skikkeleg molbogreie med forma, men-men. Velbekomme!

(Nokon som veit om det går å bruke lett-rømme forresten? Ein heil boks sæterrømme...puh!)

torsdag 15. april 2010

Kyllingkjøttbollar med smak av salsa


De hugsar den om at eg ikkje likar taco? Men altså, taco kan vere så mangt, og salsa likar eg. Her er ein enkel måte å lage smakfulle kjøttbollar på når du ikkje har ferske ingrediensar i huset:

200 g kyllingkjøttdeig
3 ss salsa med kvitløk
2 ss mager kesam
evt litt strøkavring

Bland. Steik. Ferdig. 


Du kan jo steike ein prøvebolle for å kjenne om det vart rette balansen mellom smakane. Strøkavring er ikkje nødvendig, men det kan stabilisere om deigen blir litt laus. Ekstra salt trengst ikkje, men kanskje vil du ha i litt peppar? Her har eg rørt ein klatt kesam saman med litt av salsaen, litt peppar, litt sukker, litt sitronsaft - og litt tørka koriander. Ris eller bulgur er godt til, pitabrød også. 

Velbekomme!