Viser innlegg med etiketten Knep. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Knep. Vis alle innlegg

torsdag 8. april 2010

Rød pesto


Har de prøvd å lage den grønne pestoen? Basilikumpesto er veldig godt, og det er jammen rød pesto også. Eg kjøpte nokre veldig gode soltørka tomatar sist eg var innom Gutta på haugen. Dei måtte utnyttast før dei gjekk til grunne, og då vart dei til rød pesto:

80 g soltørka tomat i olje
20 g rista pinjekjernar
30 g parmesan
salt, peppar, sitronsaft
evt meir olje

Denne gongen kjørte eg alt i full fart med stavmiksaren, men ein kan sjølvsagt bruke morter og gjere det skikkeleg. Eg likar ikkje å ha så mykje olje i, eg blandar heller meir olje i når eg skal bruke pestoen - om det trengst. 



Rød pesto er nydeleg til pasta, og det sprekar opp ei kjedeleg kvardagsskive.

Velbekomme!

onsdag 31. mars 2010

Saftig lammelår

Vi hadde lammelår med fløtepotetar og rotgrønnsaker på nyttårsaften, og mykje tydar på at det blir lammelår i påska også. Når ein brukar atskillig tid på å lese kokebøker, matblad og diverse matsider på nettet, så plukkar ein opp litt forskjellige tips. Men lite har forvirra meg meir enn når eg har leita etter tips om korleis steike lammelår. Det kryr av velmeinte råd og kanoniserte framgangsmåtar, men ekspertane gir råd som er  internt motstridande. Så no prøver eg med på eit kompromiss av alle råd og tips. Denne metoden førte til eit godt og verkeleg saftig lammelår til nyttårsmiddagen sjølv om det var (fordi det skulle vere) gjennomsteikt. Eg har formulert meg i preteritum og ikkje (moralsk) imperativ, for å vere på den sikre sida:

  1. Tre døgn før: Tok lammelåret ut av frysaren, la det i kjøleskapet for tining.
  2. Dagen før: Krydra med salt, peppar og tørka kvitløk - alt frå kvern - pakka inn låret i matpapir smurt med litt olje, og lot det ligge på kjøkkenbenken i heller låg enn høg romtemperatur til dagen etter.
  3. Steikte på rist. Sette ei langpanne med litt vatn og bitar av gulrot og sellerirot, som gir smak til krafta som gir smak til sausen.
  4. Steikte i 20 minutt på 220 grader.
  5. Sette steiketemometer i den tjukkaste delen. Viktig å passe på at det ikkje treffer bein.
  6. Pensla låret med olje.
  7. Sette ned varmen til 140 grader. Steikte til ønska kjernetemperatur; 75 grader er gjennomsteikt, 65-70 grader er grader av rosasteikt.
  8. Viktig å følgje med på termometeret. Ein må setje ned varmen om det blir steikt fortare enn ein vil. Eg skrudde ned til 120 grader siste halvtimen.
  9. Når låret var steikt, pakka det inn i aluminiumsfolie, og lot det kvile på benken i minst 20 minutt. Kjøttet held varmen i ein lang halvtime, så det er rikeleg tid å bli ferdig med tilbehøret.
Dei ulike punkta er viktig for mørheit og saftigheit - smak og kjensle. Eg har ein mistanke om at punkt 2 i lista var suksesskriteriet denne gongen. Men utan å følgje punkt 9, har ein gjort alt anna til ingen nytte, så det er like viktig.

Ikkje-lista:
- ikkje stikk kvitløksfedd inn i steikar, for då renn safta ut (seier nokon)
- ikkje bruk fersk kvitløk og smør på, for då svir kvitløken seg (seier andre)
- ikkje bruk høgare temperatur for å steike fortare; denne metoden tar to-tre timar avhengig av storleik - det har du tid til; du skal då dekke bord, tenne lys og ordne tilbehøret så likevel
- ikkje snu lammet undervegs; det er ikkje nødvendig
- ikkje ha dårleg tid; og har du verkeleg god tid, prøver du deg på lang-langtidssteiking på endå lågare temperatur
- ikkje gløym å ta låret tidsnok ut av frysaren



Eg gløymte heilt å ta bilete av maten på nyttårsaften... 
Var nok litt for ivrig i matfatet og vinglaset. 
Men her er eit landskap som illustrerer 
korfor lammekjøttet er så veldig veldig godt her nord. 
Eg har eit bilete av eit lam som vandra(r) i dette landskapet også, 
men det vil de vel kanskje ikkje sjå akkurat no?


Som sagt, dette er eit forsøk på eit kompromiss mellom alle gode lammeråd. Men det beste med lammekjøtt er at det blir godt uansett :-) God påske!

fredag 19. mars 2010

God kaffe på presskanne


Jo meir ein lærer om ein ting, jo meir skjønner ein at ein ikkje veit. Sant? Eg har hatt ein raptus og lese alt eg har komme over om gjærdeigar og surdeigar. No har eg tatt laus på kaffe. Det å kunne slenge innom ein stad å hente god kaffe, er av dei ting eg saknar etter at eg trekte nordover. Men med kaffekvern og aeropress så har kaffekvaliteten stige i heimen. Så viser det seg at det kan bli endå betre...

Frå siste reisa vart boka "Lag verdens beste kaffe med Tim Wendelboe, verdens beste barista" med meg heim. Fin bok, lettlese, mange aha-opplevingar undervegs. La meg dele nokre av knepa. I dag - korleis lage god presskannekaffe. 

Første gongen du prøver, skal du leite fram diverse utstyr som du neppe hadde tenkt var noko poeng i å bruke når du skal lage kaffe. Men alt utstyret har ei meining. Når du har funne meininga, kan du heller slumse litt etterpå. 

- termometer; kaffen blir best når han blir trekt med vatn som held mellom 90 og 96 grader
- vekt; nøyaktige mål er viktig også når du lagar kaffe
- kaffekvern; kaffen blir best når du brukar nymalte bønner
- vasskokar, kopp, skei
- ja, også kaffebønner ;-)



  1. Begynn med å vege vatn og kaffe. Forholdet kaffe - vatn skal vere 60-70 gram kaffe per liter vatn, sier Wendelboe. Finn ut kor mykje vatn som går i presskanna (ikkje fyll heilt opp, det skal jo vere plass til kaffe også), og rekne ut kaffemengden ut frå det.
  2. Hell varmvatn frå springen i presskanna for å forvarme den.
  3. Sett på vasskokaren.
  4. Mal kaffen til ein stad mellom filtermalt og kokemalt. 
  5. Sjekk temperaturen på vatnet du kokar. Kvell ut vatnet i presskanna. Ha i kaffen. 
  6. Kvell i vatn til presskanna er halvfull. Rør rundt med ei skei. Dette gjer du for å at all kaffen skal bli våt. Fyll kanna med vatn. Ikkje sett på lokket. 
  7. La kaffen trekke i 4 minutt. 
  8. Bryt toppen ved å stikke ei skei nedi. Fjern det beige skummet med samme skeia. 
  9. Sett på lokket og press ned. 
  10. Drikk med ein gong. Ferskvare.
Omstendeleg? Tj-nej! Det er eigentleg berre å innarbeide ein ny rutine. Når du har gjort dette nokre gonger, så høyrer du på vasskokaren når temperaturen er rett. Du finn ut kor mange skeier som er rette mengden kaffe. Og du gjer alle dei andre tinga automatisk som med alt anna som ein gjer kvar einaste dag. Det er verdt å prøve metoden; dette blir ein delikat kaffe heilt utan bittersmak. Nesten som på kaffebar. 


I lys av alle blogge-etikk-diskusjonar i det siste så presiserer eg at: 
Ingen har bede meg om eller betalt meg for å skrive denne bloggposten. 
Men eg skjønner at det har ein viss (pitteliten) reklameverdi. 
So be it. 
God kaffe er då litt av meininga med livet?

laurdag 13. mars 2010

Foccacciasandwich



"Foccaccia spises helt fersk", brukar det stå, og det er jo lett å vere einig i at heilt fersk foccaccia er veldig godt. Men eg har vondt for å kaste mat, så kva gjer ein når ein ikkje klarar ete opp ei heil panne foccaccia (det skal jo godt gjerast)? Eg gjorde som med annan brødmat - heiv det i frysaren.

Men eg må innrømme at eg var skeptisk. Eg er heilt fersk som foccaccia-bakar, og eg hadde ikkje så stort håp om at tint foccaccia ville vere så godt. Løysinga vart å sjokktine det på høg varme med varmluft, slik at det vart skikkeleg sprø skorpe. Det var foccaccia som ikkje prøvde vere foccaccia. 250 grader i fem minutt var passeleg.



Her er ein foccacciasandwich med blåmuggost, fikenmarmelade og flytande akasie-honning - som var desserten etter foccaccia med salami, Västerbottensost og soltørka tomat ;-) Nam!

God helg!

søndag 28. februar 2010

Krone-is


Heimlaga krone-is! Je je, dette er ikkje av dei ting ein gjer så ofte. Det er litt pirkete, men ikkje verre enn at det er verdt det.

Eg kjøpte ferdige kremmarhus, men det går fint an å lage iskjeks sjølv. Kjeksa pensla eg med smelta sjokolade, og så vendte eg dei i kakestrø. Deretter fylte eg med røra til denne vaniljeparfaiten; den hadde altså ikkje vore innom ismaskina. Med ei kule av denne sjokoladeisen, som eg hadde ferdig i frysaren, på toppen så var krone-isen ferdig. 


Har ein nok sjokolade, kan ein ha ein dert av den i botnen av kvar kjeks, slik som på den isen ein kjøper.

Velbekomme!

fredag 19. februar 2010

Franske makronar


Franske makronar er sprø utanpå, seige inni, med deilig fyll i midten. Det er ikkje så lett som ein skulle tru, men når ein har prøvd nokre gonger, så finn ein fort ut kva ein må vere ekstra nøye med. For dette er det-er-nøye-kokkelering; her er det ikkje mykje rom for slump. Eg brukar samme oppskrifta som når eg lagar vanlege mandelmakronar:

130 gram skålda mandlar
170 gram melis
80 gram sukker
100 gram eggekvite

Seinast 24 timar før:
Skåld mandlane slik: Kok opp vatn, ha i mandlane, la det trekke nokre minutt, og klem av skalet ved å presse litt til sida for midten av mandlane. Legg mandlane utover eit klede, og la dei tørke godt. La dei gjerne liggje nokre dagar på kjøkkenbenken. Pass på: 130 gram mandlar med skal blir vesentleg mindre når du har tatt av skallet. Du må med andre ord skålde meir enn 130 gram. 

Sia mandlane likevel skal liggje og tørke, så nyttar du høvet til å skilje egga no. Det beste resultatet blir nemleg med eggekvitar som har stått på kjøkkenbenken i vel eit døgn. Når kvitane står i romtemperatur, så fordampar noko av vatnet, så også her må du passe vekta (sic!). 100 gram eggekvite tilsvarar kviten av 3 ferske egg; eg skil 5 egg for å vere på den sikre sida. Som alltid når du skil egg, så må du vere sikker på at ikkje noko av plommen kjem med. Eg tørkar av bollen som kvitane skal kvile i, med eit papir dyppa i eddik. Og så vaskar eg hendene ekstra nøye med luktfri kjøkkensåpe. 


Bakedagen:
Mal mandlane; helst med mandelkvern seier ekspertisen. Eg har fått meg mandelkvern sia sist eg bakte makronar, men det er vel ikkje det artigaste eg har drive med på kjøkkenet. Griseri og sakte pirkarbeid er det, og eg har fleire gonger tydd til kjøkkenmaskina. Det går heilt fint det også. Mal mandlane saman med melisen så finmalt som du får det - helst til mjølkonsistens.


Tørk av bolle og visp med eit papir dyppa i eddik. Visp eggekvitane - helst for hand med ballongvisp, framleis i følgje ekspertisen. Vel-vel, eg har ofte tydd til miksmasteren. Det går heilt fint det også. Eg vispar kvitane heilt stive før eg har i sukker, men eg ser at det står i nokre oppskrifter at ein skal vispe til "det dannes små myke topper", så skal ein ha i sukker. Men eg skjønner ikkje heilt kva det er slags mjuke toppar dei siktar til, så eg vispar altså kvitane stive. Deretter har eg i sukkeret - litt etter litt, og så vispar eg til blank og seig marengs.


No kjem det artige - og viktige - som skil franske makronar frå andre makronar: Måten ein blandar mandelmjølet i marengsen. Ikkje for hardt, ikkje for mjukt, passe blanda, men ikkje rørt til flytande røre. Det får ein til ved å slå marengs og mandelmjøl saman heller enn røre det saman. Eg veit at det høyrest smått absurd ut, men det er slik ein gjer det. På You Tube ligg ein fin snutt som viser korleis. Ein må rett og slett prøve seg fram. Blandar du for lite, blir resultatet at makronane hevar seg for mykje, og dei blir som eit tomt skal. Rører du for mykje, blir røra for flytande, og då får du nokre flate, harde - eh, greier. 


Eg fyller røra i eingangssprøyteposar (huff, ja eg veit, søppelhelvete, men eg finn ingen gjenbruksposar som er gode). Biletet her viser ein metode som gjer det heile mykje enklare. Så sprøyter ein runde plettar så store som ein vil ha dei på ei steikeplate kledd med bakepapir. Det står ofte 2 cm i diameter i oppskriftene, men eg synest det er litt lite. Ein stad mellom 3 og 4 cm i diameter, blir fine, synest eg.

No kjem vi til suksesskriterium nummer ørten: Makronane skal stå og tørke på benken i om lag ein time. Det er einaste måten å få dei til å heve seg passe masse på. Står dei for kort tid, så vil dei heve seg for mykje, og då har du ikkje franske makronar. Kjenneteiknet på vellukka makronar er at dei har "føter" og glatt overflate.



Steik makronane midt i omnen på 170 grader i 10 - 15 minutt. Det er eit håplaust langt tidsspenn, men det kjem slik an på storleik og omnen, at det er ikkje råd å vere meir presis enn som så. Avkjøl makronane på papiret på plata. Oppbevar makronane i tett boks på ein kjølig sta. Set dei i kjøleskapet over natta om dei blir harde. Makronane kan godt frysast, også når dei er fylte.


Oppsummert - kva må du passe på:
- at mandelmjølet er nok finmalt
- at eggekvitane har fått kvile på førehand
- at du blandar marengs og mandelmjøl med rett svung
- at makronane får tørke lenge nok
- at du ikkje steiker dei for lenge, og ikkje for kort

Fyll:
Vanleg fyll til franske makronar er sjokoladekrem (ganché), men smørkremar smaksett med allskens greier er visst halve moroa i Frankrike. Denne grunnoppskrifta kan du variere som du vil:

Kok opp 1/2 dl fløyte. Ta av plata. Tilsett 100 g finhakka sjokolade, rør til ein glatt masse. Ha eventuelt i 1 ss kaldt smør i små terningar om du vil. Avkjøl, først i romtemperatur, så i kjøleskap til massen har sett seg, men framleis er mjuk nok til at du lett kan bruke han. 


Fyllet er drygt, så denne mengden passar omtreng til mengden makronar du får av oppskrifta over. Kakaoprosent mellom 50 og 60 passar nok smaken til dei fleste. Ein gong brukte eg 70% sjokolade med pasjonsfrukt til fyllet, og eg likte det lille hintet av frukt. Kvit sjokolade er visst spennande, men eg må vente til eg finn skikkeleg kvit sjokolade før eg prøver den varianten.




Makronvariasjonar:
- Ein kan bytte ein del av mandlane med pistasjnøtter om ein likar det.
- Eg ønskjer meg veldig at det skal vere mogleg å bruke litt hasselnøtter, men då blir dessverre makronane alt for mjuke.
- Ein kan tilsetje farge og lage raude, grønne, gule makronar. Men det må eg innrømme at eg har berre dårleg erfaring med. Konditorfarge gjer deigen for flytande. Sånn fænsi icing colour (Cacas) gjorde at makronane mine vart brente :-( Det einaste eg får til er å bruke kakao. Då har eg 2 ts kakao i saman med melisen.  
- Når ein brukar kakao, er det dessutan ikkje så farleg å bruke skålda mandlar; ingen ser dei brune flekkane frå skalet så likevel. Det er eit poeng i seg sjølv, for skålding av mandlar er kje-de-leg. Og kjøping av ferdigskålda, er dy-y-yrt i lengda.

Lykke til! 

onsdag 3. februar 2010

Svinenakke til kvardags


Svinenakke har blitt ein favortitt. Med litt ekstra godt tilbehør, er det festmat. Berre så synd at det er nesten umogleg å få tak i fersk svinenakke her. Det finst å få kjøpt nokre ferdigmarinerte bitar som ligg i aluminiumsskål, klar til å hivast inn i omnen. Det byr meg i mot å kjøpe eit halvt kilo aluminium når eg eigentleg er ute etter eit halvt kilo kjøtt, men i nøden... Svinenakke er svært saftig kjøtt, og med god behandling blir det mørt også. Slik: 
  • La kjøttet bli temperert før du steiker det. Det har godt av å liggje på kjøkkenbenken og vente på deg til du kjem heim frå jobb.
  • Steik lenge, og steik på låg varme. Eit halvt kilo svinenakke steikte eg på 120 grader i 70 minutt.
  • Bruk steiketermometer, kjernetemperatur på 70 grader er fint for svinekjøtt.
  • La kjøttet kvile pakka inn i aluminiumsfolie i minst eit kvarter før du skjærer i det.
Eg fresa kjøttet litt i grillpanna etter at det hadde kvilt, men ein kan også svi det litt i panna før ein steiker det i omnen. (Eg turde ikkje det denne gongen sia kjøttet var sennepsmarinert; eg ville ikkje ha svidde sennepsfrø.) Biletet fortel dessverre ingenting om den gode sausen: Eg silte sjyen frå steikekaret, og blanda med fløyte, litt sennep, litt honning og litt sitronsaft, og kokte opp. Voila! 


Når ein serverer til ein, så slepp ein unna med å woke grønnsaker, men det går vel ikkje der det er menn og born til bords? I så fall er ris og ein lett soppsaus godt til. Er det fest, er fløytepotetar nydeleg, men det er jo ikkje fest på ein onsdag, så det får bli ein annan dag.

Velbekomme!

tysdag 19. januar 2010

Matvalg 2010: Kasting av mat


Vi kastar 330 tusen tonn etande mat i Norge viser undersøkingar som Loop har gjort. Plukk kva som helst av dei modale hjelpeverba: Dette kan-må-bør-skal-vil vi gjere noko med!




Via Twitter har eg oppdag oppfordringa om å blogge for å redde verda... Den oppfordringa gjekk rett heim her i huset, gitt. Tema for Matvalg 2010 januar er: "Hvordan kan vi redusere mengden mat som kastes?" 


Kjøp mindre mat


Det viktigaste ein gjer for å kaste mindre mat, er å kjøpe mindre. Ein kjøper mindre mat ganske enkelt ved å planleggje meir. Slik planlegging er tema for artiklar i mangslags aviser og ukeblad for tida; matplan for heile uka, ein handledag i uka og slik bortetter. Det er eit spørsmål om tid, ja. Men det er først og fremst eit spørsmål kor mykje tid ein sparar når ein har planlagt godt.

Å lage ein matplan kan vere rein underhaldning i hushald med fleire enn eit menneske. Korfor ikkje trekk lapp om kva som skal vere middagen på mandag - onsdag - fredag...? Om alle må skrive ein fiskerett, ei suppe, ein favorittrett og slik bortetter, så skulle det gå å ivareta eit sunt kosthold sjølv om tilfeldigheitene får rå.



Eit anna middel mot å kjøpe inn for mykje mat, er å motstå hamstertrangen. Mat er billig i Norge (åjoda!). Det er ingen grunn til å hamstre 20 kilo kjøttpølse sjølv om den er sett ned med fem kroner...


Utnytt maten betre

Men når vi først har (mykje) mat i huset, så gjeld det å utnytte maten. Ein tredel av den etande maten vi kastar, er frukt og grønt. Kanskje kunne eg nøye meg med dette eine knepet: Kok kraft. Kraft er lurt. Det har eg skrive om før her. Kraft kan du koke av nær sagt kva som helst. Rekeskalet, rotgrønnsakene, kjøttdeigen osv. Har du noko i kjøleskapet som held på å bli for gammalt, kok kraft! Eit beslekta knep er å lage suppe. Ein kan koke suppe av det meste, til og med av spiker har eg høyrt. Google ingrediensane dine + suppe, og simsalabim så har du middag.

Det mest sjølvsagte rådet for å utnytte maten betre til slutt: Bruk frysaren. Ein kan fryse slantar av vin, saus og suppe. Frukt deler eg opp i bitar som eg tar opp og brukar til smoothie. Ost og kjøttpålegg er glimrande å fryse og ta opp til pizza. Mjølk og fløyte som held på å gå ut av dato, fortener forlenga liv i frysaren, det er kjekt å ta opp når du skal bake. Har det gått ut på dato? Frys del likevel, det kan godt brukast i vaflar for eksempel. Egg kan også frysast; eggekvitar kan frysast som dei er, er plommen med, så visp egga lett saman. Eg frys stort og smått og merkar med namn og dato, og mange gonger har eg vore glad for akkurat den lille resten eg hadde i frysaren. Det er jo dumt å måtte opne ei heil flaske kvitvin om du berre skal ha ein desiliter til risottoen?



Det blir ofte restar av mat. Det finst forskjellige sider på nettet som gir tips om restemat, denne hos Grønn Hverdag for eksempel. Restar kan vere det tristaste i heile verda. Men om ein brukar ein rest til noko heilt anna enn det den er rest av, så er det ikkje sikkert at ein kjenner igjen resten ein gong. Eg vil vel seie det så sterkt som at det er ikkje lov å kaste fisk (sjølv om EU har drive med utkast av fisk i mange år), for fisk kan ein alltid lage fiskegrateng av.


Skit i best-før 
(eller: stol på deg sjølv)

Det er mangslags forvirring rundt dette med matmerking. (Eg skal komme tilbake til den nye datomerkinga av fisk i eit eige innlegg.) Forskjellen på best-før og minst-holdbar-til er sånn høveleg greitt forklart her. Ja, vi skal vere forsiktige med lett-bederveleg mat, men det meste av maten er ikkje lett-bederveleg! Eg trur eg seier det slik: Skit i at det står ein dato med best-før på påleggespakken i kjøleskapet. Stol på din eigen fornuft, og lukt og smak på maten før du kastar han. Egg kan halde seg mykje lenger enn datoen, det samme gjer pasteuriserte mjølkeprodukt, og no er det vel nesten semje om at vakumpakka kjøtt er best etter best-før datoen...

Du kjenner det på lukta når noko er skjemt eller held på å skjemmest. Er det før datoen, og det luktar skjemt, så ta for all del varen tilbake til butikken og klag. Kyllingfilet for eksempel...skrekk og gru. Kyllingfilet kan lukte svovel og develskap, og det er slett ikkje alltid at datoen gir deg varsel om det! Du treng med andre ord fornuften din når du har med mat å gjere.

Dette vart kanskje litt mange ting på ein gong? Når alt kjem til alt, så er det så enkelt som dette:
Om du i staden for å kaste maten, tar vare på ein slant eller to på rett måte, så kan du lage nydeleg smoothie og kjempegod suppe - (nesten) heilt gratis! Fint for deg, fint for miljøet :-)



måndag 11. januar 2010

Bollane i Lom


Kva gjorde du tredje juledag? Eg bakte bollar...

Eg gjekk laus på "Årets beste kokebok" med stor iver. Las den frå perm til perm. Inspirert og sjarmert vart eg. Men eg sat att med eitt stort spørsmål, så eg las eg den ein gong til, berre for sjekke om det var noko eg hadde oversett. Men det hadde eg ikkje, så då sendte eg ein mail.

Var dette gresk? Ok, eg prøver ein gong til, meir i detalj.

Filosofien til Morten Schakenda, bakaren i Lom, fortener ikkje å bli samanfatta i kortheit, men likevel - kort sagt - han brukar kald væske, og eltar i hundre år, for det meiner han at gjæra og gjæringa har godt av. Eg har som alle andre, lært at væska skal vere fingervarm, og vel så det, og gjærbaksten min har sjeldan bore preg av å vere for lite heva. Men bakaren i Lom verkar så overbevist om at gjæra ikkje skal ha det varmt, og eg har ete kvota mi av bollar og brød frå Åpent bakeri (der Schakenda jobba før han vart bakaren i Lom) til å vere villig til å prøve hans variant. Den går ut på: Når du bakar brød, bland alle ingrediensane unntatt gjær og salt, og elt litt. Ha så i gjær og salt, og elt endå meir. Bakar du bollar, bland alle ingrediensane unntatt smør; elt - ha i smør, og elt endå meir. Men eg sat altså igjen med eit stort spørsmål etter å ha lese boka: Om ein skal ha i gjæra heilt til slutt (brød) eller saman med alt anna (bollar), korleis løyser du opp gjæra då? Når eg ikkje fann svar etter å ha lese boka ein gong til, så sendte eg ein mail til Lom:

Bø: Eg har kosa meg stort med Årets kokebok, men det er ein ting eg ikkje skjønner: Om ein skal tilsetje gjær tilslutt, etter å ha elta mjøl og væske, korleis er det meininga at ein skal løyse opp gjæra? mvh Åsa Elvik
Lom: Den vil løse seg opp i den siste eltingen, ingen problem, om du vil bruke fersk eller tørrgjær er opp til deg... Hilsen Morten i Lom
Bøfjerding: Takk for svar! ...eg kjem til Lom med bevis om eg får gjærklumpar i bollane...
Morten i Lom: Den er grei, men da tror jeg ikke du har eltet lenge nok... Lykke til og vi sees muligens i Lom da!!

Utfallet? Lom - Bø: 1-0.
Ingen gjærklumpar. Finfin heving. Nydelege bollar. Det der med å løyse opp fersk gjær i væske, er med andre ord berre noko tull vi har lært. Og at væska må vere lunka for at gjærbaksten skal heve, er også berre tull. Vranglærde er vi.





Eg gjorde ei erfaring som fleire kan ha nytte av: Schakendas metode inneber å hive alle ingrediensane i bakebollen med ein gong. Det blir litt for tungt for ein vanleg kjøkkenmaskin - spar ein god del av mjølet til sist i eltinga, så går det lettare.

Den første ladningen med kanelbollar forsvann like raskt som smøret i dei smeltar på tunga. Ein forsøkskanin sa: "Bæste æ nån gong har smakt!" Ein vestlending nær meg sa: "Dei smakar nett som skillingsbollane i Bergen." Større kompliment kan ein ikkje få for matlaging...

Nokon som vil vere med til Lom til sommaren? De må berre skaffe dykk den boka, så får de lyst å reise dit de også, skal de sjå.




søndag 27. desember 2009

Lag vaniljesukker!


Skyll vaniljestanga etter bruk, og legg den til tørk. Du kan enten leggje stanga rett oppi eit glas og helle sukker over. Lukk glaset, og la det stå nokre uker til sukkeret tar smak og aroma frå vaniljestanga. Eller så kan du dele stanga i litt mindre bitar og kjøre den saman med stavmiksaren saman med sukker. Ha det på eit glas og la det stå nokre dagar. Så siler du vekk dei store bitane av vaniljestanga, og har vaniljesukkeret tilbake på glaset. Litt meir arbeid enn den første varianten, men endå meir utbytte av vaniljen.

Prøv! Har du prøvd heimlaga vaniljesukker, så får du aldri meir lyst å bruke syntetisk vaniljesukker igjen...




fredag 4. desember 2009

Pizzadeig à la Viestad


Pizzadeigen blir av og til skikkeleg dårleg, og andre gonger heilt perfekt, utan at eg heilt kva eg gjer forskjellig frå gong til gong. Sist bestemte eg meg for å prøve Andreas Viestad sin variant:

1,5 dl vatn
15 g gjær
4 dl mjøl, helst finmalt durumkveite
4 ss olivenolje
1 ts salt

Varm vatnet, løys opp gjæra. Bland mjøl og salt, ha i gjærvatnet og olja. Elt. Lenge. Elt i 15 minutt, seier Viestad. Deigen skal ikkje vere klissete, så ha om nødvendig på meir mjøl. Eg var lydig og elta i 15 minutt:



Set plast over bollen, og hev i ein time på ein lun stad. Kjevle ut og lag pizza slik du brukar å lage pizza. Eg brukte ferskgjer og finmalt durumkveite ("tipo 0"), og eg angra ikkje på det. Det er litt vanskeleg å tru at det er verdt det kvarteret med knaing. Men det er det. Prøv, så kjenner du korleis deigen endrar seg medan du knar. Neste gong vil eg ikkje ha riktig så mykje olje i, men elles skal det få vere slik.

Velbekomme!

torsdag 3. desember 2009

Kok kraft!


Buljongterningar er dugande til det meste, men heimkoka kraft duger endå betre. Til sausar, supper, risotto og anna godt. Sist laga eg ei lys kraft av storfe:

2 kg kraftbein
vatn
2 gulrøter
1 bit sellerirot
1 liten purre
peppar
salt

Skyll kraftbeina og tørk av dei med kjøkkenpapir. Legg dei i ein kasserolle, og dekk dei med kaldt vatn. Kok opp, ikkje på full fres men på litt meir enn middels varme. Gi eit godt oppkok og skum godt av. Vask, rens og del opp grønnsakene og ha dei i kasserollen saman med ein passeleg dose heile svarte pepparkorn og 1 ss salt.

La gryta småputre i 3-4 timar. Sil krafta. Har du tid og ork, så kan du no koke krafta inn til så kraftig som du vil ha den.

Kjøl krafta raskt ned. Du kan for eksempel ha kaldvatn i oppvaskkummen og setje kjelen oppi. Men ikkje set på lokk! Då blomstrar bakteriane.

Når krafta er avkjølt, tar du av feittlaget. (Er det litt Schønberg Erken i deg, så tar du vare på feittet og brukar det som steikefett.) Ha krafta i passelege porsjonspakningar, og avkjøl dei heilt i kjøleskapet før du frys dei.



Tips: Vil du smake på krafta undervegs, så ha litt salt i skeia før du har i kraft, elles kjenner du ingen smak i sjokket over kor lite salt det er. Saltsmaken kjem tydelegare fram jo lenger det koker, men vent til heilt til slutt med å eventuelt ha i meir salt, elles er det fort at det blir for mykje.