Viser innlegg med etiketten Kaker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kaker. Vis alle innlegg

søndag 2. mai 2010

Kakepynting


Eg synest kakepynting er skikkeleg skummelt altså!

Men bur ein i Bø, så må ein jo berre bryte seg på. Her leikar vi ikkje kakebord altså; ratioen kake:gjest i ein gjennomsnittleg Bø-konfirmasjon er omlag 1:2.

(- prøvekakepynting -)

laurdag 24. april 2010

Enkel ostekake


Om du vil, så kan du tenkje på at denne ostekaka frå dinmat.no er litt sunnare enn andre kaker, men den er først og fremst veldig smakfull og veldig enkel. Havregryn, sjokolade, cottage cheese, yoghurt og gelé er alt som skal til. Kaka lagar du på ein-to-tre.


Eg brukte sitrongele, kirsebærjoghurt og ein rest av kreklinggeleen frå i haust. Men det går godt an å bruke gelatin og heile bær i staden for gelé på pakke. Det har eg gjort i ein fromasj som det kjem oppskrift på ein annan dag. 

God helg! 

søndag 18. april 2010

"Verdens beste ostekake" ?


Ostekake høyrer med når det er brunch, seier amerikanarane. Når ein først skal fråtse, så kan ein jo gjere det med stil? På dinmat.no kom eg over oppskrifta til det som visst skulle vere den beste ostekaka i verda. Det spørs om ikkje det stemmer, det...


Oppskrifta på det som skal vere den beste ostekaka i verda, finn du her. Det er fleire oppskrifter som liknar på denne, og i dei fleste er også det øvste laget steikt. Eg likte denne varianten med syrleg stivpiska topping. Her er kaka servert med bjørnebærcoulis. Litt frynsete i kantane er ho fordi eg gjorde ein skikkeleg molbogreie med forma, men-men. Velbekomme!

(Nokon som veit om det går å bruke lett-rømme forresten? Ein heil boks sæterrømme...puh!)

laurdag 16. januar 2010

Sachertorte

"Sachertorte (tysk for «Sacher-kake») er en type sjokoladekake oppfunnet av Franz Sacher (1816-1907) i 1832 til fyrsten og statsmannen Klemens von Metternich i Wien i Østerrike. Det er en av de mest berømte kulinariske spesialiteter fra Wien. Kaken består av to lag ikke for søt sjokoladebunn med et tynt lag aprikosmarmelade mellom og mørk sjokoladeglasur oppå og på sidene." (frå Wikipedia)
Sachertorte er altså ei legendarisk sjokoladekake som ingen tør seie at dei har den rette oppskrifta på. Mandlar og marsipan er visst omstridte ingrediensar i kaka. Eg prøvebaka eit kompromiss av denne og denne varianten:

Kakebotn:
100 g smør
120 g kokesjokolade
5 eggeplommar
10 g ekte vaniljesukker
100 g melis
4 eggekvitar
120 g malte mandlar
50 g kveitemjøl

Fyll og glasur:
1 boks hermetiske aprikosar
100 g marsipan
150 g finhakka kokesjokolade
1 dl fløyte

Smelt smør og sjokolade på svak varme, rør saman til ein smidig masse. Set til side og avkjøl litt. Pisk eggeplommar, vaniljesukker og 25 g melis luftig. Set til side. Pisk eggekvitane stive, ha i resten av melisen (75 g) og pisk til marengs. Bland eggedosis, marengs, sjokoladeogsmørblanding, malte mandlar og mjøl til ei klumpefri røre; ikkje rør meir enn nødvenig. Steik nestnedst i omnen på 180 grader i 40 - 50 minutt. Avkjøl på rist.

Del kaka i to eller tre lag. Mos aprikosen med stavmiksar. Bruk laken frå aprikosboksen til å dynke kaka med. Fyll med aprikos melom laga, og på toppen av kaka også. Og det er no det blir moro for oss amatørar som aldri har laga marsipankake før: I oppskrifta står det: "Kjevle halvparten av marsipanen til en rund leiv som dekker hele kaken og bre den lett og pent over kaken." (mi utheving) Ha-ha-ha. Kjempeartig. Eg har i dag meldt meg på marsipanlokkjevlekurs etter at eg erfarte den harde vegen at ein ikkje skal bruke melis når ein kjevlar marsipan, men gjerne litt kveitemjøl. Denne gongen skulle det heldigvis vere sjokoladeglasur over marsipanlokket så det var ikkje så farleg:

Kok opp fløyten, ha i den hakka sjokoladen, og rør saman til ein smidig glasur. Avkjøl litt før du har glasuren over kaka, stryk glasuren ut langs sidene av kaka også. (Ja, eg veit, dette er av dei ting som ser så lett ut i oppskrifter, og så blir ein heilt søkksveitt når ein står der og skal gjere det sjølv. Men det går bra!) Server gjerne med piska krem.



Det er ein grunn til at de berre får sjå bilde av eit kakestykke. Men kaka vart god altså ;-) Neste gong vil eg prøve med meir sjokolade i botnen - kanskje litt kakao også? Som de ser er det ikkje hevingsmiddel i kaka, men den hevar seg likevel på grunn av marengsen og eggedosisen. Det er sjølvsagt mogleg å ha i ei ts bakepulver i tillegg om ein vil ha kaka endå høgare.

Velbekomme!

måndag 21. desember 2009

Gammeldags krydderkake

Denne kaka er juletradisjon i heimhuset. Då eg ba om oppskrifta, fekk eg til svar at den kunne eg då finne i den raudruta kokeboka til ho Ingrid. Og jammen ta! Der fann eg den! Eg følgjer oppskrifta til punkt og prikke, bortsett frå at eg reduserer sukkermengden med om lag 1/4:

150 g smør
3 egg
3 dl sukker
1 ss malt kanel
1 ss malt ingefær
1 ss malt nellik
11/2 dl kulturmjølk
1 1/2 dl stivt tyttebærsyltetøy
1 ts natron
4 1/2 dl kveitemjøl (om lag ein halvkilo)

Oppskrifta er passe til ei vanleg brødform. Smelt smør, og avkjøl det litt. Visp egga saman, ha i sukker og visp eggedosis. Bland det tørre, og det ha i røra saman med mjølk, syltetøy og smør. Smør og strø forma, ha gjerne ein strimmel med bakepapir i botnen og opp langs kortkantane. Ha i røra. Steik nedst i omnen, på 175 grader, i 60 - 80 minutt. La kaka bli litt avkjølt i forma før du kvelvar henne på rist. Avkjøl under klede (sweet, Ingrid sine ord).



Eg doblar oppskrifta og steiker to når eg først er i gang. Kaka står seg lenge i kjøleskapet, og eviglenge i frysaren.

Velbekomme!






Honningkake

150 g smør
250 g honning
4 eggeplommar
250 g sukker
1/4 ts malt svart peppar
1/4 ts malt nellik
1/4 ts malt ingefær
1 ts bakepulver
250 g sikta kveitemjøl
1 ss hakka mandlar
4 eggekvitar

Smelt smør, ha i honningen og varm til honningen er flytande. Pisk eggedosis av eggeplommar og sukker (eg reduserte til 175 gram sukker). Bland smøroghonningblandinga i eggedosisen, og rør inn det tørre. Stivpisk eggekvitane og rør dei forsiktig i røra. Smør ei brødform - godt! Ha gjerne ein strimmel med bakepapir i botnen. Steik nedst i omnen på 150 grader i 60 - 80 minutt. Legg over eit bakepapir om kaka blir for mørk. Avkjøl kaka litt i forma før du kvelver henne på rist.

Denne oppskrifta fann eg i Maison Mat og vin (desember 2009).

Velbekomme!










fredag 11. desember 2009

Ostekake med rips og Ricotta

125 g Kornmokjeks

125 g Gjendekjeks
100 g smelta smør
10 plater gelatin
300 g rips
sukker
500 g Ricotta
0,5 dl sitronsaft
125 g sukker
3 dl kremfløyte

Set ringen til ei springform på eit kakefat.

Smelt smøret. Ha kjeks i ein pose og knus med eit kjevle. Eller bruk kjøkkenmaskin. Eller bruk eit tungt glas i ein bolle. Eller ein annan praktisk måte for å få kjeksa knuste. Bland smør og knuste kjeks og press det ned på kakefatet, pass på at det fyller heilt ut til springformringen. Set i kjøleskapet.

Fyllet lagar du slik:
Bløytlegg gelating i kaldt vatn i 5 minutt. Smelt over vannbad. Avkjøl litt.

Bruk ein stavmiksar og knus bæra i ein bolle. Smak til med sukker. Press blandinga gjennom ei metallsikt ned i ein annan bolle (for å få vekk steinane). Bland omlag halvparten av den smelta gelatinen i bæra.

Pisk osten mjuk i ein tredje bolle. Pisk i sukker og sitronsaft. Pisk fløyten stiv i ein fjerde bolle (og ver glad for oppvaskmaskina). Vend fløytekremen i osteblandinga, og bland inn resten av gelatinen.

Legg osteblanding og bærblanding i tynne lag over kjeksbotnen. Rør til sist forsiktig med ein gaffel for å få marmoreffekt. Set i kjøleskapet, og la ostefromagen stivne gjerne over natta. Server med bringebærcoulis.



Ok. Dette biletet vart skikkeleg trasig. Men kaka vart god.

Velbekomme!

tysdag 1. desember 2009

Rullekake


Mor mi har alltid laga rullekake til jul. Hennar blir best, men eg bryt meg på med godt mot likevel. Det er fort gjort å lage ei rullekake, og det er ein fin måte å bruke opp egg som held på å bli for gamle.

3 egg
1,5 dl sukker
1,5 dl sikta kveitemjøl, med 2 ss potetmjøl
1 ts bakepulver
sukker
tjukt syltetøy

Set omnen på 225 grader og finn fram syltetøy.

Visp saman egga, ha i sukker og visp til eggedosis. Bland det tørre, og sikt det i eggedosisen. Bruk ein slikkepott til å blande med. Bland godt, men ikkje slå ut lufta. Ha røra godt utover på ei steikeplate kledd med bakepapir. Steik midt i omnen i 5-7 minutt.

Medan kaka steiker, legg du to flak med matpapir på kjøkkenbenken og strør sukker over. Når kaka er steikt, kvelver du henne raskt opp-ned på matpapiret, og no må du jobbe raskt. Ta bakepapiret av kaka, bruk ein kniv om nødvendig. Smør syltetøyet raskt utover utan å vere hardhendt. Rull kaka saman, - ikkje klem saman, men rull fast nok til at ho ikkje går opp i liminga. Avkjøl på rist, og frys i passe store delar.



I dag brukte eg blanda gelè av krekling og av solbær/rips. Det vart godt og friskt.

Velbekomme!