På ei utanlandsreise reiv eg med meg ei flakse gul enke på tax freen. Eg hadde nemleg festa meg ved blinien til Øyvind Hjelle i kokeboka "Gourmet" for nybegynnere. Perfekt med champagne, stod det, og såpass må til på ein jentekveld, bestemte eg meg for.
Det vart ein nydeleg forrett. Eg brukte oppskrifta i boka, sia eg ikkje har laga blini før. Seinare har eg lese andre oppskrifter, og eg ser at det er langt mindre mjøl i dei. Ikkje veit eg kva som er rett, men godt vart det. Løyrom kan ein berre drøyme om å få tak i, men lodderogn smakar godt det også, og det er ikkje dyrt. Er du interessert i å prøve, sjekk denne oppskrifta.
Ps. Hugs champagnen. Meir enn halve moroa. Ds.
Hvis man vil jukse (fy fy nesten som å banne i kirka) så kan en bruke en pakke toro svelerøre ... og bare blande til passe mengde og kosistens...hvis man er veldig sliten og vil ha en forrett fort! (Matprat sitt tips)
SvarSlettLov å jukse ;-)
SvarSlettDet er berre det at er det ikkje ein masse herda feitt i dei Toro-pakkane?
Det står kun vegatabilsk fett på pakkene. Jeg tror de har måttet rydde opp litt i porteføljen pga all negativ oppmerksomhet om herdet fett. Så - jeg tror at den ikke er så ille... men vet ikke sikkert... hjemmelaget er uansett best og tryggest.
SvarSlett