fredag 19. mars 2010

God kaffe på presskanne


Jo meir ein lærer om ein ting, jo meir skjønner ein at ein ikkje veit. Sant? Eg har hatt ein raptus og lese alt eg har komme over om gjærdeigar og surdeigar. No har eg tatt laus på kaffe. Det å kunne slenge innom ein stad å hente god kaffe, er av dei ting eg saknar etter at eg trekte nordover. Men med kaffekvern og aeropress så har kaffekvaliteten stige i heimen. Så viser det seg at det kan bli endå betre...

Frå siste reisa vart boka "Lag verdens beste kaffe med Tim Wendelboe, verdens beste barista" med meg heim. Fin bok, lettlese, mange aha-opplevingar undervegs. La meg dele nokre av knepa. I dag - korleis lage god presskannekaffe. 

Første gongen du prøver, skal du leite fram diverse utstyr som du neppe hadde tenkt var noko poeng i å bruke når du skal lage kaffe. Men alt utstyret har ei meining. Når du har funne meininga, kan du heller slumse litt etterpå. 

- termometer; kaffen blir best når han blir trekt med vatn som held mellom 90 og 96 grader
- vekt; nøyaktige mål er viktig også når du lagar kaffe
- kaffekvern; kaffen blir best når du brukar nymalte bønner
- vasskokar, kopp, skei
- ja, også kaffebønner ;-)



  1. Begynn med å vege vatn og kaffe. Forholdet kaffe - vatn skal vere 60-70 gram kaffe per liter vatn, sier Wendelboe. Finn ut kor mykje vatn som går i presskanna (ikkje fyll heilt opp, det skal jo vere plass til kaffe også), og rekne ut kaffemengden ut frå det.
  2. Hell varmvatn frå springen i presskanna for å forvarme den.
  3. Sett på vasskokaren.
  4. Mal kaffen til ein stad mellom filtermalt og kokemalt. 
  5. Sjekk temperaturen på vatnet du kokar. Kvell ut vatnet i presskanna. Ha i kaffen. 
  6. Kvell i vatn til presskanna er halvfull. Rør rundt med ei skei. Dette gjer du for å at all kaffen skal bli våt. Fyll kanna med vatn. Ikkje sett på lokket. 
  7. La kaffen trekke i 4 minutt. 
  8. Bryt toppen ved å stikke ei skei nedi. Fjern det beige skummet med samme skeia. 
  9. Sett på lokket og press ned. 
  10. Drikk med ein gong. Ferskvare.
Omstendeleg? Tj-nej! Det er eigentleg berre å innarbeide ein ny rutine. Når du har gjort dette nokre gonger, så høyrer du på vasskokaren når temperaturen er rett. Du finn ut kor mange skeier som er rette mengden kaffe. Og du gjer alle dei andre tinga automatisk som med alt anna som ein gjer kvar einaste dag. Det er verdt å prøve metoden; dette blir ein delikat kaffe heilt utan bittersmak. Nesten som på kaffebar. 


I lys av alle blogge-etikk-diskusjonar i det siste så presiserer eg at: 
Ingen har bede meg om eller betalt meg for å skrive denne bloggposten. 
Men eg skjønner at det har ein viss (pitteliten) reklameverdi. 
So be it. 
God kaffe er då litt av meininga med livet?

torsdag 18. mars 2010

Påskestemningparadis



Snart helg


Lurar på om det kan bli ei slik helg?

onsdag 17. mars 2010

Matbloggeglede


Eg har vore på reise og kjem heim til ein award frå Kjersti til hverdags. Tusen takk; det var triveleg og inspirerande! Dessutan har eg fått gode tips etter at eg etterlyste nettbutikkar som sel helsekost og mjøl og slikt. Tusen takk for det også! Av slikt blir det matbloggeglede :-)

tysdag 16. mars 2010

Shopping


Nokon som veit om det går an å kjøpe mat og helsekost på nettet? Eg saknar særleg litt meir spesielle mjølprodukt. Anyone?


måndag 15. mars 2010

Laks med potetmos

Mandag. Fisk. Enkelt.

Eg brukar frosen laks som er krydra med peppar og sitron. Den skal stå på 200 grader i 12-15 minutt. Mat som lagar seg sjølv med andre ord. Potetmos er veldig godt til fisk, synest eg. Eg har byrja koke litt sellerirot saman med poteten. Det gir ein fin spiss. Hugs at du skal ikkje ha salt i vatnet når du kokar potet som skal mosast; salt aukar lim-tendensen, og du vil jo helst ha ein lett og luftig mos. Det får du forresten best til ved å røre inn store mengdar smør. På ein mandag, så får det bli med berre ein liten klatt smør og mjølk, kvit peppar og salt. 


Blomkål og brokkoli er god match. Dette går å lage på under ein halvtime.

Velbekomme!

søndag 14. mars 2010

Søndag


Sove lenge. Spise kake.


God søndag!

laurdag 13. mars 2010

Foccacciasandwich



"Foccaccia spises helt fersk", brukar det stå, og det er jo lett å vere einig i at heilt fersk foccaccia er veldig godt. Men eg har vondt for å kaste mat, så kva gjer ein når ein ikkje klarar ete opp ei heil panne foccaccia (det skal jo godt gjerast)? Eg gjorde som med annan brødmat - heiv det i frysaren.

Men eg må innrømme at eg var skeptisk. Eg er heilt fersk som foccaccia-bakar, og eg hadde ikkje så stort håp om at tint foccaccia ville vere så godt. Løysinga vart å sjokktine det på høg varme med varmluft, slik at det vart skikkeleg sprø skorpe. Det var foccaccia som ikkje prøvde vere foccaccia. 250 grader i fem minutt var passeleg.



Her er ein foccacciasandwich med blåmuggost, fikenmarmelade og flytande akasie-honning - som var desserten etter foccaccia med salami, Västerbottensost og soltørka tomat ;-) Nam!

God helg!

fredag 12. mars 2010

Ord for dagen av Olav Nygard

No reiser kvelden seg 

No reiser kvelden seg i vesterbrun,
han trør på lette føter gjenom tun
og skuggeveven fjell-imillom hengjer.
Det gjeng ei kviskring gjenom kjørr og lyng,
og talatrasten skifter ljod og syng
med avdagsskjelven under sine strengjer.

Men dagen tek sin gangar fast i taum
tek ferdakåpa på med fullrend saum
og bort frå blåne etter blåne skundar.
Det gular gjenom svale dal og lid,
der skuggen ventar natta, brura si
og ør i sine elskhugsdraumar blundar.







torsdag 11. mars 2010

Blini med lodderogn og creme fraiche


På ei utanlandsreise reiv eg med meg ei flakse gul enke på tax freen. Eg hadde nemleg festa meg ved blinien til Øyvind Hjelle i kokeboka "Gourmet" for nybegynnere. Perfekt med champagne, stod det, og såpass må til på ein jentekveld, bestemte eg meg for. 


Det vart ein nydeleg forrett. Eg brukte oppskrifta i boka, sia eg ikkje har laga blini før. Seinare har eg lese andre oppskrifter, og eg ser at det er langt mindre mjøl i dei. Ikkje veit eg kva som er rett, men godt vart det. Løyrom kan ein berre drøyme om å få tak i, men lodderogn smakar godt det også, og det er ikkje dyrt. Er du interessert i å prøve, sjekk denne oppskrifta. 

Velbekomme!
Ps. Hugs champagnen. Meir enn halve moroa. Ds.

onsdag 10. mars 2010

Tomatsuppe som ikkje er riktig god som Mamma si


All surdeigsbrødtestbakinga fører til relativt stort innslag av suppe på middagsbordet for tida. Tomatsuppe er ein favoritt. Fleire har det vel som meg: Inga tomatsuppe er så god som mamma si. Men la ikkje det vere ein grunn til å ty til posesuppe. Det går like fort å lage heimlaga suppe, og sjølv om den ikkje blir like god som mamma si, så blir denne veldig god:

1 pk hermetiske tomatar
30 g tomatpuré
1 ts sukker
1 buljongterning av kylling
3 dl vatn
creme fraiche

Ha alle ingrediensane unntatt creme fraiche og urtar i ein kjele. Kok opp under omrøring. Kok i fem minutt. Bruk ein stavmiksar eller blender og purér suppa. Smak eventuelt til med meir salt og peppar, og rør inn nokre skeier med creme fraiche. 


Egg, makaroni, krutongar, ost, friske urtar - du kan tilsetje det meste til tomatsuppe for å drøye den. Men godt brød er jo det viktigaste ;-)

Velbekomme!

tysdag 9. mars 2010

Kjøttdeig og bønner, variant av chili con carne


Eg har endå ikkje komme over at tacokrydra, ferdigsteikt kjøttdeig har blitt ein suksess. Why why why? Mange seier dei kan ikkje lage mat. Eg lurar alltid på om dei prøvde før dei bestemte seg for det? Chili con carne er mat du kan lage sjølv om du ikkje kan lage mat. Her er ein snar og lettvint variant (som neppe har noko som helst med den opprinnelege retten å gjere):

1 pakke kjøttdeig, gjerne av kylling
1 boks chilibønner
mais
tomatpure
kvitløk, chili, salt og peppar

Steik kjøttdeigen. Og då meiner eg steik, ikkje kok: Ha godt varma panne, steik halvparten av kjøttdeigene i gongen, og brun kjøttet godt på begge sider, før du byrjar hakke det. Ha over chilibønnene,  tilset 1 ss tomatpure eller meir, tilset mais om du likar det og smak til med nykverna kvitløk, chili, salt og peppar. Gi eit oppkok.


Dette skulle gå heilt fint å lage på under eit kvarter. Imens kan du jo koke ris om du vil ha det til, eller du kan servere med litt brød, rømme og guacamole, som her. Grønn salat høyrer til.  

Velbekomme!

måndag 8. mars 2010

Steikt ris med grønnsaker


Dette er super restemiddag. Om du blandar ein rest av ris med nokre grønnsaker, og har i litt krydder, så smakar alt nytt. Det liknar ikkje restemat i det heile tatt. Det er dessutan veldig passeleg mat til ein som skal ete åleine:

olje 
salt, sukker, peppar
2 ss soyasaus
1 ss østerssaus
kvitløk, chili
2 dl kokt ris
blanda grønnsaker (her er brukt paprika, sukkererter, babymais, vannkastanjar, purre)
1 egg

Bland saman soyasaus, østerssaus med litt salt, sukker og peppar. Set til side. Finhakk chili og kvitløk, og steik på medium varme i litt olje. Grovdel grønnsaker, og wok dei på høg varme. Det neste trikset har eg plukka opp frå Yngve Ekern si nok Tid for thai: Dytt grønnsakene over på eine side av panna. Visp saman egget, og ha det på den andre sida av panna, steik som eggerøre, og bland det så saman med grønnsakene. Ha i ris og saus, og steik eit par minutt til at er gjennomvarmt.   



Fort gjort, veldig godt og passeleg sunt på ein mandag. Ha ei god uke!

søndag 7. mars 2010

Frukt- og nøttebrød av gjærdeig


Eg hadde ikkje tid å setje surdeigen i gang sist eg ville lage frukt- og nøttebrød, så eg prøvde meg på ein variant med gjær. Eg brukte mjølk i staden for vatn og lagde det noko grovare enn den andre varianten:

Frukt- og nøtteblanding:
50 g tørka aprikos delt opp i bitar
40 g svisker
25 g rosiner
25 g gresskarkjernar
50 g hasselnøtter
35 g valnøtter
30 g mandlar
15 g paranøtter
1 eple oppdelt i bitar

Legg frukt og nøtter i ein bolle, og ha over kokande vatn til det dekker. La det stå til det blir avkjølt.


Brøddeig:
600 g mjølk
1 ss salt
40 g brunsukker
1 pk tørrgjær
50 g sammalt rug, grov
50 g sammalt kveite, grov
50 g havremjøl
100 g proteinrikt kveitemjøl "typo 00"
100 g sikta rug
500 - 600 g kveitemjøl

Hald igjen 200 g kveitemjøl, elt saman resten av ingrediensane på sakte fart i eit kvarter. Sil vatnet av frukt- og nøtteblandinga, og elt det i deigen dei siste par minutta. Tilpass med meir kveitemjøl til passe deig. Hev deigen til dobbel storleik på ein lun plass. Slå ned, og hev ein gong til. Fordel deigen i to smurte brødformer, og hev brøda. Steik nedst i omnen på 180 grader i om lag ein time. Legg over eit matpapirflak om det blir for mørkt. Avjøl på rist.

laurdag 6. mars 2010

Inspirasjon


De som er i Oslo, er så heldige at de kan ta ein tur på restaurant Plah i Hegdehaugveien om de har råd og lyst. Plah er ein av mine favorittar i Oslo. Vi andre får ta ein tur på oppdagingsferd på Plah sine nettsider. Eg oppdaga nettopp at dei har lagt ut nokre oppskrifter. Veldig inspirerande! Den der ribba med thai-smak... Må prøvast!

God helg!


fredag 5. mars 2010

Kyllinggryte med sjampinjong og kikerter


Denne gryta er ein variant av Kylling Marengo. Nok til ein som er sulten:

1 stor kyllingfilet
3 store sjampinjongar
det kvite av ein purre eller 3-4 sjalottløk
1/2 pk hermetiske tomatar m/ kvitløk
2 ferske tomatar
1 ss kveitemjøl
2 ss kyllingfond
1/2 dl kvitvin
1/2 pk kikerter
salt, peppar

Del kyllingen i strimlar. Del sjampinjongane og tomatane i terningar. Hakk løken.

Brun kyllingbitane. Ha over i ei gryte. Brun sjampinjong og løk. Ha over i gryta. Rør inn kveitemjøl i gryta. Kok ut panna med litt (1/2 dl?) vatn og ha i gryta. Ha i kvitvin, kyllingfond og tomat. Kok opp, og la trekke til kyllingen er kokt. Det går fort. Ha eventuelt i kikerter på slutten av koketida. Smak til med salt og peppar.


Du kan sløyfe kikertene og servere med ris, potet eller brød. Men korfor ikkje prøve kikerter? Vi har godt av å spise meir belgfrukt, og potet kan vi jo spise ein annan dag. (Please oversjå at det er Fedon som er sitert i saka; einkvar ernæringsekspert ville ha sagt det samme som han, men det var den lenka eg fann i farta.) Grønn salat høyrer med. 

Velbekomme!

torsdag 4. mars 2010

Hälften dinkel


Orkar de fleire surdeigsbrød? Eg gjer! Ein vri på Pain de Martin sine brød med halvparten spelt:


Dag 1, kveld:
70 g lys surdeigsstartar
200 g vatn
150 g sikta kveitemjøl
50 g sammalt rug, grov

Rør i hop, dekk med plast og la stå over natta.

Dag 2, morgon:
Surdeigen frå dagen før
450 g vatn
250 g sikta kveitemjøl
270 g sikta speltmjøl
130 g sammalt speltmjøl
50 g kveitemjøl "typo 0"
50 g kveitemjøl "typo 00"
25 g lys sirup
20 g salt

Bland alt utanom salt på låg hastigheit i fem minutt. Auk farta litt, ha i salt etter nokre minutt, og elt i nye fem til ti minutt. Deigen skal vere seig og fin, og ganske laus, når den er ferdig elta. Ha deigen over i ein plastbolle smurt med litt rapsolje. Dekk med plast, og hev til dobbel storleik. Slå ned ein gong, og hev igjen.


Det er ganske fasinerande å lage desse brøda slik Pain de Martin gjer det. Du skal no gjere kva du kan for å ta vare på dei luftlommene som har danna seg medan deigen har heva; forsiktig må du vere, så slepp du etterheving. Set omnen på max varme. Kvelv deigen på eit mjøla bakebord. Del deigen i to på langs. Vikle deigen saman til to avlange brød, framleis så forsiktig som du klarer. Det treng ikkje sjå så pent ut - dette skal vere rustikt - men det er jo greitt at det er omlag samme breidde og høgde i alle endane på begge brøda. Desse brøda treng du ikkje snitte. Legg brøda over på ei steikeplate, set midt i omnen, ha ein skvett vatn i botnen av omnen, smekk att omnsdøra og senk varmen til 250 grader. Etter ti minutt senkar du varmen til 200 grader, opnar døra og luftar ut litt, og steiker vidare i 20-25 minutt til. Bank i skorpa; lyden er hul når brødet er steikt. Du kan også bruke eit steiketermometer som skal vise 96 grader. Avkjøl brødet på rist. 

Velbekomme! 

onsdag 3. mars 2010

Siste nytt: Romørens hopp var dødt!


Folkejuryen dømmer enstemmig dødt. Juryen var ikke et sekund i tvil. 
- Romøren trådte over streken, og hoppet var åpenbart dødt, sier juryleder Hvermansen. 
Jurylederen er litt overrasket over oppstyret. - Hoppet teller ganske enkelt ikke, påpeker Hvermansen, som aldri har sett lignende overtramp. Anette Sagen kommer til å bli stående i historien som den som åpna Kollenbakken. 
- Jeg er sikker på at vi i kveld kommer til å få se et hopp som står til 20 i stil. På vegne av folkejuryen ønsker jeg Sagen både lykke til og til lykke, avslutter en forventningsfull folkejuryleder.


tysdag 2. mars 2010

Wok med svinekjøtt, grønnsaker og saus fra Wenches kjøkken


Etter å ha sutra ein del over at eg ikkje finn det eg vil ha av grønnsaker i butikken, så har eg tatt meg sjølv i nakken, og sagt strengt til meg sjølv: Med eit par boksar hermetiske grønnsaker, og nokre trauste, norske grønnsaker, så kan du lage veldig god mat. Du kan til og med bruke det som ligg i frysedisken. Då kan ein lage god og sunn mat, kvar dag. Til og med på vinteren, og til og med langt nord for polarsirkelen. 

Nok til 2 svoltne:

400 g indrefilet av svin
1/2 brokkoli
1/2 pk sukkererter
1/2 boks minimais
1/2 boks vannkastanjer
1/2 raud paprika
purreløk
chili
kvitløk
rapsolje

Til sausen:
3 ss finhakka fersk ingefær
3 ss soyasaus (med mindre salt)
3 ss sweet chilisaus
2 ss limesaft
1 ss østerssaus

Start med å lag sausen. Bland ingrediensane og la det stå og trekke minst eit kvarter. Gjer klar alt til woken:

Kjøtt: Tørk av kjøttet med kjøkkenpapir, og del i fine, smale strimler. (Eg lot kjøttet liggje i pakken på benken frå føremiddagen for at det skulle bli temperert. Då går det fortare å steike kjøttet, og det held på kjøttsafta og blir meir saftig og mørt enn om du hiv det rett frå kjøleskapet til panna.) Vask fjøl og kniv før du går laus på grønnsakene. 
Brokkoli: Legg helst i litt lettsaltavatn for å få ut eventuelle udyr. Minimumsløysinga er å skylle veldig godt i friskt kaldt vatn. Del i små bukkettar. 
Minimais: Sil av laken, skyll, del i tre.
Vannkastanjar: Sil av laken, skyll - hei! Dei var jammen ferdig oppdelte :-)
Sukkererter: Skyll godt i kaldvatn. Del i to.
Paprika: Del i to. Skyll, ta vekk hinner og steinar. Del i bitar så store som sukkerertbitane. 
Purreløk: Del i to på langs. Skyll godt. Del i bitar som er større enn om du skal steike løk til annan mat. 
Chili: Del i to på langs. Skjær vekk hinner, fjern steinar. Finhakk. (Ikkje gnu deg i auga dei neste fire timane!)
Kvitløk: Press eller hakk som du brukar. Det er så mange ekspertråd der ute, eg orkar ikkje blande meg i kva som er beste metoden. 


Start med å steike kjøttet. Det beste er å steike liten mengde i fleire omgangar. Eg steikte denne mengden i tre omgangar. Varm ei wokpanne, eller ei panne med høge kantar (sautépanne) til ho blir skikkeleg varm. Ha i litt rapsolje, og steik raskt medan du rører rundt. Det går kjempefort om kjøttet er temperert. Prøv med å dele ein av dei store bitane etter eit minutt,  så ser du. Legg kjøttet på ein tallerk og set til side. 

Eg steiker deretter chili og kvitløk på lågare varme enn wok-temperatur. For at det ikkje skal svi seg, vel eg å setje det også til side, men det er neppe heilt nødvendig. Deretter wokar eg grønnsakene; max varme, rører og rister rundt i panna. Ikkje ha i alt på ein gong; dei som treng lengst steiketid først; brokkoli, mais, paprika, sukkererter, vannkastanjer, purre. Ikkje steik for lenge! Det går fort, og det er trist om det er oversteikt. Sil woksausen over grønnsakene, ha i kjøttet, kvitløk og chili, og varm i omtrent eitt minutt, då skulle alt vere gjennomvarmt. 


Dette er mykje kjøtt til to, men vi fortente det... Du kan lett lage ein større porsjon med å auke grønnsaksmengden, utan at du dermed treng å auke kjøttmengden. Server eventuelt med ris eller nudlar. 

Variasjon: Kylling, gulrot, hodekål, sopp, aspargesbønner, cashewnøtter, sesamfrø... Det finaste med wok er at ein tar det ein har. Har ein ingenting, så er det berre å sjå etter ein gong til, så var der visst noko som kunne brukast likevel. Ikkje? Ikkje så mykje som ein hermetikkboks og ei gulrot ein gong? 

Velbekomme!

måndag 1. mars 2010

Matvalg 2010 februar: Sjømat, godt for alt?


Ordentligmat.no har dratt i gang Matvalg 2010 fordi "Matvalgene vi tar, får konsekvenser." I februar var temaet Sjømat, godt for alt? Heile februar gjekk medan eg grubla på tema, og plutseleg var det mars. Februar er jo så kort... Etter å ha jobba med fiskeripolitikk i nokre år, så er det lite eg ikkje meiner noko om når det gjeld fisk. Men eg skal nøye meg med nokre poeng knytt til miljø og forbrukarspørsmål.


Miljø

Sjømat har store helsemessige gevinstar, og god sjømat smakar godt, men som til all annan matproduksjon er det ein del miljømessige spørsmål ein må forholde seg til. For sjømat gjeld det mellom anna problemstellingar knytt til overbeskatning, framanstoff og berekraftig utnytting av fornybare ressursar.

Andreas Viestad skreiv i Dagbladet Magasinet for nokre uker sia at han skulle slutte å spise tunfisk fordi nokre av bestandane er så sterkt nedfiska. Den tanken hadde eg gått svanger med lenge, men det vart liksom med tanken. Men no som eg ikkje har store tilgangen til sushrestaurantar lenger, så skal eg klare å la vere tunfisken eg også. 

Industrifisket har gjort det lettare å beskatte bestandane for hardt, og mange av dei store fiskebestandane i verda har blitt overfiska. For den som er interessert i å vite meir om bestandsituasjonen for fiskeartane vi fiskar på i Norge, tilrår eg Havforskingsinstituttet sine sider med kvoteråd. Her går det mellom anna fram at det er grunn til å vere uroleg for bestanden av torsk frå Nordsjøen, medan norskarktisk torsk kan vi ete med godt samvit. Bestanden er i god forfatning, delvis på grunn av høge temperaturar i havet. (Men det er det grunn til å vere uroleg for av av ein heilt annan grunn: Klimaendringane. Klimaendringane kjem til å føre til endringar for fiskeria våre. Det kan du lese meir om her.) 

Det er framanstoff i mat, og det er gode grunnar til å setje seg inn i det. Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning har nettopp offentleggjort ein rapport om overvaking av framanstoff i sjømat frå Barentshavet. Forskinga fortel at på grunn av miljøforureing, inneheld fiskelever høge nivå av dioksin og PCB. Derfor gir Mattilsynet følgjande råd:

  • Barn, kvinner i fruktbar alder og gravide bør ikkje ete fiskelever eller pålegg laga av fiskelever, til dømes Svolverpostei og Lofotpostei.
  • Andre grupper i befolkninga bør avgrense inntaket av fiskelever og pålegg laga av fiskelever.

Eg skal avstå frå torskelevra eg også, berre sånn for sikkerheits skuld (sanninga er at eg har aldri smakt...). Ikkje tunfisk og ikkje lever på meg altså. Men ferskfesken skal eg ete med godt samvit. Som alltid når ein byrjar studere miljøspørsmål, så ser ein korleis alt heng saman med alt. Det er ikkje så lett å gjere gode forbrukarvalg, men det er inga orsaking for å ikkje undersøke litt. 



Stakkar, stakkar forbrukar

Eg går og rugar på eit lengre innlegg om matforbruk. Ein dag kjem det eine grausame Salbe. Her er ein liten forsmak: Eg ønskjer lovane om tilbod og etterspørsel dit peppern gror! 

Eg skjønner ingenting av den norske matmarknaden. Korfor er det så vanskeleg å få tak i ferske fiskeprodukt når ein bur rett ved havet? Med mindre ein kjenner nokon eller kjenner nokon som kjenner nokon, så er det nesten umogleg. Og korfor klagar folk på at fisken er dyr? Det skal då ganske mykje arbeid til å få tak i fisken - skal ikkje folk få betalt for arbeidet sitt berre fordi vi er så heldige at vi har havutsikt? Og kven var det som fann ut at det rette knekkpunktet mellom tilbod og etterspørsel gjer det rasjonelt å sende fisken til Kina for filetering? 

Butikkane (i.e. kjedane) oppfører seg som at forbrukarane vil ikkje ha kvalitet, og den uttalte forbrukarmajoriteten svarar at mat vil vi helst ha gratis. Guess what? Vi arbeider for å leve, og vi lever av mat! (Også overlever vi om vi held kroppen i nok aktivitet, men det er ei ganske anna sak.) Nei, til helsike med tilbod og etterspørsel! 

Konklusjon? Er sjømat godt for alt? Folk som synest det er eit interessant spørsmål, kan vandre litt på sidene til til dømes Havforskingsinstituttet. Svaret har så mange nyansar, at skråsikker nyttar det ikkje å vere. 

God middag!