Etter snart fem månader med grubling, planlegging og neglebiting, er eg no så sikker på at det blir verkeleg, at eg tør å seie det høgt:
Det skal bli kaffebar i Bø!
Å kunne gå på kafé og kjøpe god kaffe er det eg har sakna mest sia eg kom heim til Bø. (Eg har til og med sakna det meir enn sushi.) Kafé-liv er viktig og sjølvsagt for min generasjon; enten vi slenger innom ein kaffebar og hentar ein dobbel-latte-med-ekstralettmelk//ta-med! - eller set oss på vaggel på ein barkrakk med ei avis og ein god kaffe og eitt eller anna godt å spise som vi ikkje klarte å motstå. Det nærmaste vi kjem her i Vesterålen er Miscela kaffebar på Sortland. Miscela er gull! Eg er alltid innom der når eg er på Sortland, men det er tross alt seks mil dit.
(På IKEA-tur på leit etter gode stolar...)
Kaffebaren skal vere der klesbutikken Regine er i dag, ved sida av Ica på Vinje. La meg skunde meg å seie at Regine skal ikkje leggjast ned. Regine er ein klesbutikk som har overlevd i Bø på trofaste kundar og fornuftige valg frå drivarane. Ambisjonen er at vi skal ta med oss alt det gode med Regine vidare, med eit litt fornya kleskonsept. Eg ser ikkje for meg at vi treng å få tak i aboslutt siste skrik i Bø - men gode basisplagg, tøffe skjorter til herre, fine smykke, strømpebukser, stæsj...kort sagt: "slikt som folk treng".
Og på Regine skal det altså bli kaffebar også. Joda, vi skal også ha vanleg kaffe, men det skal bli mogleg å kjøpe seg ein god latte i Bø. Eg har sakna veldig å kunne gjere det her heime, og eg veit at det er mange som saknar ein slik kafé i Bø. I alle generasjonar. Møteplassar blir det aldri for mykje av i eit lokalsamfunn. Havmannen treningssenter har blitt ein slik super møteplass, og no skal vi altså få ein kaffebar også :-)
På inspirasjonstur på Stockfleth's i Prinsensgate i Oslo.
Vil ha sånn, sånn og sånn! :-)
Ved sida av den gode kaffen, skal vi tilby heimlaga mat som er laga frå botnen. Ambisjonen er at vi skal bruke mykje lokale råvarer. Store, gode kanelbollar sånn som ein får på alle gode kaffebarar, skal vi sjølvsagt ha i Bø også. Kanskje ein bit av verdens beste ostekake når det er lørdag? Ein kan setje seg med seg eit rundstykke med laks og egg, eller kanskje vil ein heller ta med seg ein bit foaccaccia med kalkun, ruccola og soltørka tomat? Heimlaga knekkebrød er kanskje noko ein har lyst på ein mandagsmorgon, medan brownien fristar mest fredagsettermiddag? Frukt- og nøttebrød med smør og brunost til sein frokost kanskje?
Ka dåkker trur? Kunden bestemmer :-) Eg har uansett tenkt å bake - masse!
Dette er skummelt og nervepirrande, men mest er det veldig veldig spennande. Eg gler meg så vanvittig til vi er i gang! No går det for full maskin for at vi skal klare å opne i løpet av sommaren. Så fortel meg, gode bøfjerdingar: Kva vil de ha å spise på kafeen, kva klede ser de for dykk at de vil kjøpe i Bø, kva tenkjer de om opningstid? Fortel meg kva de synest :-))